mandag 25. oktober 2010

Nye titlar i Vest-Telemark VGS si samling. Veke 43.


Titlane kan lånast på Tokke bibliotek viss ikkje anna er nemnt.

NB! Dette er berre dei nye titlane som skulebibliotekaren kjøper inn, og det er for det meste fagbøker og dokumentarar. Men hugs at Tokke bibliotek òg får inn ei røys nye, spanande bøker, CD-ar og filmar kvar veke. Mellom anna all den nyaste skjønnlitteraturen, frå kjærleiksromanar til krim. Ta deg ein tur og sjekk ut tilbodet, då vel!


Cappelen Damms store verdenshistorie. 2009

Dette eittbindsverket samlar 245 000 år med historie mellom to stive permar, heilt frå dei fyrste menneska tassa noko forvirra rundt på planeten, og til i dag, der me tassar rundt, minst like forvirra. Men forvirra blir ikkje den som les dette verket! Her er nemleg alt som heiter språk, handel og religion, krigar og kulturar enkelt og greitt systematisert og rikt illustrert med bilete, kart og diagram. Perfekt for deg som ynskjer å få orden på historiekunnskapane, men ikkje heilt veit korleis du skal gripe saka an.

Bilen min. Arnstein Landsem, Christian Berset. Gyldendal, 2008

Dette er boka for deg som verkeleg elskar bilar. Og faktisk òg for deg som til vanleg gjev blaffen i alt på fire hjul. Etter ein liten kikk i denne boka er det nemleg ikkje vanskeleg å skjøne at folk kan bli hekta på bil! I boka får du atten portrett av forskjellige bilar og eigarane deira. Bilane er anten veteranbilar, spesielt eksklusive eller sterkt modifiserte. Mellom anna ein ljosegrøn Chevrolet Bel Air 1956 med 402 hestar, Noregs raskaste bil (ein Pontiac firebird med 1407 hestar), ein Delahaye frå 1938, ein knallrosa Rover mini, Ford Thunderbird frå 197O og ikkje minst Frank Sinatra sin gamle Lamborghini! Forfattaren er journalist i bladet Autofil.

Bråk! Den store likestillingssvindelen.
Ingunn Yssen og Marie Simonsen. Aschehoug, 2010

Yssen og Simonsen er fortørna over det dei kallar ”Den store likestillingssvindelen.” Norske kvinner likar å tru –og blir fortalde- at dei er likestilte menn, men forfattarane meiner at dette ikkje stemmer. Til dømes er det ikkje nok for kvinner å vere gode professorar, statsrådar, forskarar og redaktørar; dei må òg vere gode mødrer. Men det blir ikkje stilt tilsvarande krav til menn. Og media får passet sitt påskrive; dei feirar og styrkar kjønnsstereotypiane og framsteller kvinna som det andre kjønn. Boka vil formidle at kvinner må sjå moglegheiter, avsløre stengsler og overvinne dei.

Fra Pytons annaler: Et gledelig gjensyn med gjengen som gav rompehumoren et ansikt! Egmont, 2009

Klar for ei dose reinspikka underbuksehumor? I fylgje sikre kjelder i norsk kulturelite (altså redaktørane av denne teikneseriesamleboksen) er det tre ting me hugsar 80-talet for: høgt, hårspraylakkert hår, ekstremt dårleg musikk og…humorbladet Pyton! Dette tvilsame makkverket var mellom anna debutorgan (for ein skiten fantasi du har…!) for seinare respekterte teiknarar som Frode Øverli, Tom Ostad og Arild Midttun. Ein burde kanskje skåne dei frå å bli påminna sine ungdomssynder, men dei har no ein gong blitt klassikarar. Her får du det beste frå dei største antiheltane frå norsk teikneseriehistorie: The Deep Shit Junkies, Dølle Døck, Rhesus Minus, Helliter’n og Halvliter’n, Pervo-Kris, Wunder-Bjarne, Førerhunden Adolf, Bottolf Nerd. Dette er 4,5 kilo koselektyre for deg med utsøkt dårleg smak og sterk interesse for kroppsåpninger og lydar og fysiske produkt dei måtte produsere.

Mitt navn er ikke Nora. Inger-Margrethe Lunde. Arneberg, 2009.

Nora i Ibsens ”Et dukkehjem” hadde ei levande kvinne som modell.
Ho heitte Laura Kieler, og allereie som 20-åring gav ho ut sin fyrste roman, som var eit motsvar til Ibsens ”Brand.” Eit halvt år seinare trefte ho Ibsen i København; eit møte som skulle få dramatiske konsekvensar. Forfattaren meiner at Kieler har sett spor etter seg i store delar av produksjonen til Ibsen, og i denne boka fortel ho hennar historie, og ikkje minst historia om samspelet mellom Kieler og Ibsen. Som på mange måtar blei Kieler sitt eige livsdrama.


Digital sporhund. Søk på Internett med journalistisk metode.
Tord E. Nedrelid og Ståle de Lange Kofoed. Ij-forlaget, 2009
Internettsøk…ei utømeleg kjelde til informasjon. –Som kan bli til ei uløyseleg floke om du ikkje kjenner kodane og veit korleis du skal handtere moglegheitene. Denne boka gjev deg ei innføring i korleis søkjemotorar fungerer, og korleis du nyttar dei mest effektivt til eigen fordel. Du får vete korleis du kan avgrense søk med spesialsøkjeord og boolske operatørar, utnytte djupet i verdsveven og nytte enkle metodar for å vurdere truverdet til nettstader. Boka sin hovudbudskap er at det enklaste ofte er det beste for ein som vil vere ein dyktig sporhund på nettet.


Jo visst kan du gresk og latin! Vibeke Roggen. Pax, 2010
Forfattarane påstår at me kan mykje meir gresk og latin enn me trur. Og viss me lærer å oppdage og forstå eigen kunnskap kan me kanskje få større glede av han? I denne boka får ei lang rekkje sitat, uttrykk, namn og omgrep sine –ofte overraskande forklaringar. Dei mest ulike ord frå forskjellige emnekrinsar har kanskje same opphav. Ikkje minst gjeld dette kapitlet om gresk og latin i seksuallivet! I tillegg til det reint språklege får me òg korte innføringar i utvalde emne innan gresk og romersk historie, slik at me betre skjønar korleis gresk og latin kunne få –og har- slik slagkraft og utbreiing.

Vi ville drepe Hitler. Fra den siste overlevende etter attentatet 20. juli 1944. Philipp Freiherr von Boeselager. Dinamo, 2008
I juli 1944 var operasjon Valkyrje i gang. Målet var å drepe Adolf Hitler. Forfattaren var då 27 år og hadde kommandoen over 1200 menn som skulle sikre kuppmakarane kontrollen over Berlin etter Hitler var død. Han skulle bli den siste overlevande av attentatmenna. Sjølv trur han det var meininga at han skulle berge livet og vitne om hendinga. I boka fortel han om sin eigen oppvekst i ein aristokratisk familie der humanismen stod sterkt. Denne bakgrunnen meiner han blei avgjerande for at han seinare våga stille spørsmål til nazismen, sjølv om motstand mot systemet var uhyre risikabelt. Han måtte leve eit dobbeltliv som yrkesmilitær og attentatmann på ein gong. Me får òg ikkje minst hans versjon av det dramatiske drapsforsøket.

De er ikke riktig kloke, de russerne.
Anna-Lena Laurén. Spartacus, 2010
Nysgjerrig på landet Russland? I denne boka får du eit unikt lite innblikk, sett gjennom augo til korrespondent Anna-Lena Laurén. Ho seier sjølv at ho er forelska i dette landet. Ho kjenner det godt, men det er framleis eit lite mysterium. Det er mykje ved Russland og russarar ho ikkje skjønar seg på, som verkar framandt og rart for ein skandinav. Mange av desse raritetane deler ho i denne boka. Med humoristisk snert og undring fortel ho om russarane sitt høve til pengar, kjærleik, venskap og statsmakt.



Fugler og folketro. Arngeir Berg og Øivind Jorfald. Pantagruel, 2010

Ei annleis fuglebok. Her er det ikkje fjørdrakt, parringsleik og lått som blir skildra, men fuglen som symbolvesen. Det finst mange fablar og segner knytt til fuglar; mellom andre gauken, ugla, svalen, hakkespetten og ramnen. Fuglar kunne til dømes bli sett på som lekk mellom gudar og menneske. Og ved å studere åtferda deira kunne ein ta varsel om vêret og avlingane. Ein finn òg spor etter dei i svartebøkene; i oppskrifter om korleis ein kurerer sjukdom osb.



Solskinn og død. Nordmenn i Kong Leopolds Kongo.
Bjørn Godøy. Spartacus, 2010
Kong Leopold oppretta fristaten Kongo i 1885. Det heile var eit imperialistisk prosjekt som vara til 1908, då den belgiske staten tok over styret. Kongen rekrutterte folk frå fleire stader i verda til administrasjonen, mellom anna frå Noreg. 150 nordmenn reiste til Kongo, og denne boka handlar om korleis dei hadde det der, og korleis det gjekk med dei etter at dei kom heim att. Tenk så eksotisk dette reisemålet må ha vore den gongen! Ei spesiell utvandrarsoge som ikkje er så godt kjend.



Krig mellom brødre. Den amerikanske borgerkrig 1861-1865.
James M. McPherson. Libretto, 2009
Den amerikanske borgarkrigen er -rekna i talet på drepne- den blodigaste konflikten i USA si historie. Denne boka forklarar bakgrunnen for krigen og gjer greie for utviklinga slag for slag. Dei politiske og militære leiarane blir òg presenterte. Men boka er ikkje berre slag og strategi. Me får òg sjå historia frå vanlege folk sin synsvinkel. Og ikkje minst får me eigne kapittel om nordmenn som deltok i kampane. To av dei får me høyre ekstra mykje om, fordi dei blei ramma av underlege skjebnar: Ole Anderson og Osmund Johnson.

Dødens skygge. Du kan ikke lure døden… (Demontata 7)
Darren Shan. Cappelen Damm, 2010
Dette er sjuande bok i Fantasy/grøss-serien Demonata. Lesarar av tidlegare bøker veit at heltane Grubbs, Dervish, Kernel, Beranabus og Bec greidde å redde universet frå demonane. Men det kosta: Bill måtte ofre livet. Bec var elles ei jente med store magiske evner som kjempa mot demonar allereie for 1600 år sidan. Då blei sjela hennar sperra inn i stein, halvt levande, halvt daud. No som Bill er daud kan Bec overta kroppen hans og få leve i den moderne verda. Ho er menneska sitt håp; kanskje er det berre ho som kan redde oss frå vondskapen til Demonata-universet, der Lord Loss er ein av dei største truslane. Men det finst faktisk ein som er større enn han…

Parkour og freerunning. Dan Edwardes. Cappelen Damm, 2009
Interessert i fjellklatring eller kampsport? Lett og rask på foten? Klar til å gå eit steg vidare? Parkour og freerunning er unge idrettar som tek omgjevnadane i bruk på ein ny og spennande måte. Dei liknar på kvarandre, men har ulike kjenneteikn. Der parkour har som mål å komme seg frå A til B så raskt og greitt som råd, kan ein i freerunning utfalde seg med spins, flips og figurar. Felles for stilane er at det er mykje hopp og sprett og tjo og hei. Boka syner korleis du hopp for hopp kan utvikle deg til ein erfaren og oppfinnsam traceur. Du får òg råd om kondisjon og trening, om korleis du kan unngå skader.

The Sandman: Endless nights. Neil Gaiman. DC comics, 2003.
Eit frittståande framhald av Sandman-serien til Neil Gaiman. I dette teineserieheftet har ”De uendelige,” nemleg Death, Desire, Dream, Despair, Delirium, Destruction og Destiny fått kvar si historie, forfatta av Gaiman og teikna av sju dyktige illustratørar. Engelsk tekst.







The Sandman: Death –the high cost of living.
Neil Gaiman. Titan, 1994
Nok eit frittståande framhald av den legendariske Sandman-serien, skrive av Neil Gaiman og illustrert av Chris Bachalo og Mark Buckingham. Her er storesystera til The Sandman, nemleg Death, hovudperson. Historia er spunnen kring myten om at dauden ein gong kvart hundreår tek menneskeham for å halde på kontakten og kunnskapen om det levande livet. Heftet kan lesast uavhengig av dei andre om the Sandman. Engelsk tekst.





Til fots i Palestina. Et landskap som forsvinner.
Raja Shehadeh. Aschehoug, 2010
Me får i denne boka vere med på ei rekkje vandringar over ei periode på 27 år. Turane går til fjella kring Ramallah, ørkenen kring Jerusalem og dei store kløftene ved Dødehavet. Me nordmenn som er vane med at me kan gå kor me vil når me vil, i ein tilsynelatande uendeleg natur, kan vanskeleg fatte at ein enkel fottur i andre deler av verda kan vere ei politisk handling. Landskapa forfattaren har vandra i er òg i ferd med å bli ein saga blott. Betongen tek kontroll over stadig større område. Dermed blir boka eit viktig minne i ord og papir om noko som i framtida kanskje blir heilt utilgjengeleg for vanlege folk.



Hvordan snakke om bøker du ikke har lest?
Pierre Bayard. Aschehoug, 2008
Typisk kinkig situasjon: Du må seie noko klokt og innsiktsfullt om ei bok. Problemet er berre at du ikkje har lese eit einaste ord i boka! Pierre Bayard gjev her tips om korleis ein best kjem ned på båe beina. Han meiner det er fullt mogleg å snakke konstruktivt om ei ulesen bok ved å lære seg nokre enkle triks. Sjølv er han professor i litteratur og psykoanalyse og nyttar seg stadig av desse knepa. Og dei mest gjevande samtalene om bøker har han etter eiga utsegn hatt med folk som heller ikkje har lese boka…




Døden ved min side. Å leve med HIV. John Galt. Aschehoug, 2008
John Galt er psevdonym for ein kjend norsk forfattar. Vinteren 2006 fekk han vete at han har aids. I dag lever han ved hjelp av moderne medisiner eit greitt liv med hiv-viruset i kroppen. Men det har vore ein tøff kamp mot einsemd og fordommar. Og det er paradoksalt nok i helsevesenet han har møtt den største kunnskapsmangelen. Dette er fyrst og fremst ei sterk personleg historie, men forfattaren nyttar samstundes høvet til å kritisere styresmaktene, som han meiner tek altfor lite ansvar.




Vi fant, vi fant. Norge feirer 40 år som olje- og gassnasjon. Font, 2009

Boka blei gjeven ut i samband med 40-årsmarkeringa for oljefunnet i Nordsjøen. Med Ekofisk-feltet blei Noreg ein oljenasjon, og sidan har 7000 milliarder kroner blitt pumpa opp frå norsk sokkel i form av olje og gass. USA-korrespondent i Aftenposten, Alf Ole Ask, samanfattar tiåra med oljehistorie, medan forfattarane Anne B. Ragde, Tore Renberg, Håvard Rem og andre nordmenn tek opp sider ved det norske oljeeventyret frå ein meir personleg synsvinkel. Boka er gjennomillustrert.


Fredsnasjonens hemmeligheter. Erling Borgen. Manifest, 2009.

Kvifor vil ingen norske politikarar vedgå at landet vårt deltek i krig, men heller snakke om kor flinke me er til å drive humanitært arbeid? Journalist og filmskapar Erling Borgen ynskjer med denne boka å presentere det han meiner er sanninga om Noregs tilhøve til terror, våpenindustri og krig. Mellom anna rettar han søkjeljoset mot Aker Kværner si innblanding på Guantanamo og hemmelege elitesoldatar på dødsoppdrag i Afghanistan.




Influensa. Atle Fretheim (red.) Medlex Norsk Helseinformasjon, 2010.

Hadde du bittelitt influensa-angst i fjor vinter? Svimlar det for deg av all informasjonen om virus, vaksinasjon og korleis du skal beskytte deg?
Utgjevarane av dette heftet har sett seg føre å rydde i og samanfatte på ein lettlesen måte den kunnskapen vi har om influensa, slik at kvarmansen enklare skal kunne forhalde seg til informasjonsflyten og gjere gode helseval. Og ikkje minst halde sjukdomstankane på eit fornuftig nivå.

Migrene. Atle Fretheim (red.) Medlex Norsk Helseinformasjon, 2009.



Hovudverk veit dei fleste kva er. Men det finst mange typar vondt i hovudet, og kvar type har sitt eige namn. Dei ulike formene for hovudverk artar seg på forskjellig måte, og skal dermed og behandlast med ulike legemiddel og tiltak.
I dette heftet får du vete korleis éin av typane, nemleg migrene, artar seg og korleis dei som slit med plaga kan få hjelp til å leve godt med ho, førbyggje ho eller i beste fall bli kvitt ho heilt. Heftet samanfattar tilgjengeleg informasjon om migrene.

Dikt i Norge. Lyrikkhistorie 200-2000. Ivar Havnevik. Pax, 2002

Boka gjev ein omfattande gjennomgang av norsk lyrikk heilt frå urnordisk tid og fram til våre dagar. Tanken er å trekkje opp nokre lange og klåre liner og syne korleis fenomen kjem og går gjennom lyrikkhistoria. Forfattaren har valt ut mange døme ut frå ein føresetnad om at dei skal kunne bety noko for  lesarar i dag.