søndag 30. januar 2011

Ikkje forstyrr! Eg les bok! (Prøvar i alle fall...)

Og no meiner eg ikkje Facebook.
Eg meiner ei ekte bok, ei sånn av papir du veit.

Er du kanskje ei av dei mange fortvila sjelene som aldri synest du får tid til å slappe av med godt lesestoff?
Som er forfylgt av små og store søsken, foreldre, kjæledyr, kjærastar, lærarar, fotballtrenarar, vener, uvener, bestemødrer og grandtanter som masar og gneg og alle vil ha ein bit av deg? På telefon, tjatr (chat), på e-post og i eigen, skjønne person? Og då sjølvsagt nett når du er på veg inn i ditt fredelege, vesle univers med ei forlokkande bok under armen! Ei du lenge har hatt lyst til å lese!
Ein kan bli grrrrrøn og gaaaaalen!!

I ein travel kvardag kan det vere langt mellom dei stille stundene der ein kan vere åleine med eigne tankar og sysler. Av og til kjennest det som om verda veltar inn over ein same kva ein gjer og kor ein gøymer seg. Me skulle alle ha eit lite tilfluktsrom som berre me kjenner til...

-Der me kan lese boka vår i fred!

Julian Smith har forståing for denne problematikken. Faktisk har han blitt så gram i hu over alle som forstyrrar dei boklege hyrdestundene hans at han har laga ein slem musikkvideo for å få ut frustrasjonen!
Sjølv synest eg bibliotekscena er andelaust spanande. Og musikken tek seg kraftig opp dei siste 20 sekunda!



Lurar på kva det er for ei lydbok han høyrer på i øyretelefonene sine? Kva trur du?

Forresten lyt eg skunde meg å skyte inn ei lita åtvaring. For kva er det eg ser og høyrer? Han berre TEK bøkene frå biblioteket utan å betale for dei, seier han! No kostar det heldigvis ikkje noko å låne bøker i Noreg, men det han tillèt seg å gjere skulle vel tilsvare at du henta deg bøker på biblioteket utan å registrere låna! Berre tanken på slik ureglementert åtferd er nok til å gje ein gjennomsnittleg bibliotekar hjarteflimmer og pustevanskar. Så her er det på sin plass å seie fylgjande:

Don't try this at your local library!!

Same karen har forresten òg nokre meiningar om Facebook han har lyst til å dele med deg.
Ja, faktisk 25 ting han hatar! Nokon som kjenner seg att? Eller kjenner att nokon ein kjenner...?

Foto: Nina Rangøy.

torsdag 27. januar 2011

Dagens slangord: Absurdistan


Absurdistan: Staden der det absurde høyrer heime.

Slangordet kan bli nytta for å streke under kor sært eller meiningslaust noko er. Då kan ein seie at tingen/fenomenet kjem frå Absurdistan. Eller burde reise dit! Kjelde: Norsk slangordbok av Tone Tryti.

Bruksdøme:

Fårepølse og peanøttsmør på same brødskive? Lært å lage mat i Absurdistan, eller?

Argumenta dine er så urimelege at ein skulle tru du kom frå Absurdistan!


Under etiketten Raritetskabinettet tek eg føre meg ord og uttrykk som av meir eller mindre forståelege grunnar har hamna i den språklege bakevja.

Det kan vere ord som syner til eit utdatert fenomen, har ein framand og gamalvoren klang eller på andre vis fell såpass utanfor den språklege hovudstraumen at ein må kunne kalle dei utryddingstruga. Det kan òg vere slangord og -uttrykk som skildrar kjende fenomen på ein kreativ måte. Nokre gonger for å tåkeleggje eller forskjønne, andre gonger for å gje ein tøff, humoristisk eller nedsetjande valør. Og ikkje minst kan det vere lokale, dialektprega ord og uttrykk. Men felles for alle orda som blir presenterte i Raritetskabinettet er at dei er treffande og dermed fortener å bli minna om!


Meiningsløysa aukar der synonyma tryt!*


*Mottoet for denne etiketten, fritt etter Arne Berggren sitt føreord til fyrste utgåva av Utryddingstruede ord av Astrid Skår, bind 1.

torsdag 20. januar 2011

HAPPY SHNEW YEAR! (Betre seint enn aldri...)

Eg har til min skrekkelege skrekk oppdaga at eg har gløymt å ynskje lesarane av Leselampa godt nytt år!!
Lite pinleg, sidan eg hadde som eit av mine nyttårsforsett å bli flinkare til... å ynskje folk godt nytt år...

No kan ein kanskje seie at det finst ei tid for alt, og at tida for nyttårsynske i 2011 er mildt overskride. Men då seier eg at eg ikkje er einig. Det er alltid tid for gode ynske.
Og...It's always Hug Time!

For å få litt schwung over nyttårsynsket mitt gjev eg ordet til teikneserien Mutts, som mange sikkert kjenner i norsk utgåve under namnet Pels og poter. Serien har mellom anna gått i Tommy og Tigern, og står for sjarmerande og uskuldig humor full av hjartevarme. Med enkle strekar og små underfundige poeng klarar skaparen Patrick McDonnell å formidle mykje klokskap og kvardagsfilosofi. Og ikkje minst vere morosam!

Serien er full av pussige, småsære dyrefigurar, men i sentrum står desse to krabatane:


Hunden Earl





Og katten Mooch.
Earl elskar å bli klødd på magen, og ikkje minst er han nasegrus beundrar av eigaren sin Ozzie. 
Katten Mooch er djupt forelska i ein liten, rosa sokk og har ein underleg talefeil som minnar om kreativ lesping. Båe to er glade i å ta livet med ro og fokusere på viktige ting som å kose, sove og ete.
Her kan du sjå heile figurgalleriet og ikkje minst døme på striper!

Og her får du ei snål ei som handlar nett om å ynskje godt nytt år litt på etterskot!


Fekk du lyst til å lese meir Mutts? Då har du fleire moglegheiter. Her kan du tinge deg abonnement på striper via den offisielle heimesida til serien. Og her kan du kjøpe teikneseriebok med Mutts frå Tronsmo bokhandel. (Berre på engelsk.)

Men det beste av alt er at du om ikkje lenge kan kome til Tokke bibliotek for å få Mutts på heimlån!
Me har Mutts-bøker i bestilling, og fyrstemann som melder si interesse får stå fyrst i lånekøa! Berre snakk med oss på biblioteket eller legg att ein kommentar her!

Patrick McDonnell har forresten òg skrive fleire nydelege små barnebøker med figurar frå Mutts, og den mest kjende er kanskje Hug Time. Ei søt lita sak, like eigna til å dåre vaksne som ungar! Med ein enkel, men viktig bodskap! Denne boka er òg i bestilling og vil snart bli mogleg å låne på Tokke bibliotek.
Medan du ventar kan du her høyre kunstnaren sjølv lese høgt frå boka og ikkje minst sjå dei flotte illustrasjonane:  



Og her kan du gå inn og sjå alle teikneseriane me har til utlån. Her skulle det vere noko for kvar ein smak.
Myrkt, ljost, stutt, langt, nytt, gamalt, slemt, snilt, teit, kult, pynteleg, perverst... Har du forslag til andre biblioteket burde kjøpe inn? Bruk kommentarfeltet! Me ventar på dine ynske!

PS: No kan alle leggje att kommentar, og ikkje berre registrerte brukarar!!



mandag 17. januar 2011

Innhaldsdeklamasjon!

Innhaldsdeklamasjon? Du trur eg blingsar no, kva?
-At eg meiner innhaldsdeklarasjon, som er ei forteikning over kva ei vare inneheld av ingrediensar? Nei, eg meiner deklamasjon.

Og å deklamere, det vil seie å tale høgttravande og svulstig om eit tema, viss me skal tru ordboka på nett.

Og det er det eg har planar om å gjere no.
Eg skal tale litt høgttravande og svulstig om innhald.

Dette har lege meg på hjarta heilt sidan eg tok føre meg bokhyller i alle format, vinklar og vridningar i denne bloggposten. Etter å ha fokusert såpass mykje på staffasjen som omgjev bøkene syntest eg det var på tide å minne om at det einaste som verkeleg betyr noko ved ei bok er...det som faktisk står i ho.

Og kven er det som avgjer om det som står i ei bok er bra, interessant, viktig eller verdifullt?
Jo, det er det du som gjer. Ikkje lat nokon lure deg til å tru noko anna.

Det er nok av dei som prøvar å bestemme over meininga di: Bokmeldarane, bokklubbane, bokhandlane, reklamen, læraren din, bibliotekaren din, venene dine, foreldra dine...alle skal dei ha eit ord med i laget. Denne boka er bra og denne er dårleg! Berre så du veit det! Men skal ein stole på alle desse skrikhalsane?

Til dømes har du heilt sikkert lese utanpå ei bok at ein eller annan kjendis nærast garanterer for at du ikkje vil greie å leggje ho frå deg, at det er den mest fantastiske boka som nokon gong er skriven, at ho kjem til å forandre livet ditt? Og ikkje minst at ho høyrer heime i alle bokhyller med respekt for seg sjølv?

Og omslaget er kanskje både glansa og glorete, med gilde bilete og innsmigrande fargebruk. Ein designar har tydelegvis fått godt betalt frå forlaget for at du skal få lyst til å lese denne boka.

 Men det er noko som heiter at jo meir på utstilling, jo mindre på lager.

For kanskje les du boka, grundig og godt til og med. Men same kor hardt du prøvar gjev ho deg ingenting. Jo, det var kanskje ei heilt grei historie, kanskje litt spanande til og med, men...

Noko vidare var det ikkje. Stutt tid etter boka er klappa igjen er ho gløymt. Og viss nokon spør deg seinare om du har lese boka er du kanskje ikkje sikker.

Du hugsar i alle fall ikkje kva ho handla om.


Var det så ei dårleg bok? Nei, det var det kanskje ikkje. Men det var ikkje ei bok for deg. Ikkje no.
Kanskje vil det aldri bli ei bok for deg. Men for nokon andre?

Det er det som er så flott: Det finst ei bok for alle! Og det finst ei bok for deg!
-Den som gjer inntrykk og grip deg, den som røskar og riv i deg. Den som får deg til å skratte høgt og gråte sårt. Grøsse og gremmast. Den du drøymer om etterpå, den du føler du har budd i, og som bur i deg.
Den som gjev deg ei kjensle av å ha fått ein ny ven. Som aldri vil gå i frå deg!

Ingen kan fortelje deg kor denne boka finst.
Du kan få hjelp til å leite, men du må vere litt på vakt og på jakt sjølv. Snuse og snoke og ha augo opne.

Og ein dag vil du finne ho, boka som inneheld ein skatt av ord og bokstavar som treffer nett deg midt i nervesenteret! Kanskje er ho gamal, kanskje er ho ny. Kanskje ser ho grå og kjedeleg ut på utsida. Kanskje har ingen kjendisar skrive utanpå at ho er bra. Kanskje har nokon til og med sagt at ho er elendig. Kanskje har ikkje læraren din høyrt om ho. Kanskje er du den fyrste som låner ho på biblioteket. Men den einaste som veit at dette er beste boka i verda.

Og kan hende vil du ikkje fortelje om ho til nokon, men ha ho heilt for deg sjølv.

Men då veit du det! -Kva som er ei god bok for deg!


Me er foreinte i lengt etter bøkenes innside.*



*Fritt etter Agnar Mykle. Sangen om den røde rubin. (1956.)

onsdag 12. januar 2011

Ut på litteraTUR! Les deg løypelangs med lydbøker!

No er det fyrsteklasses skiføre kor du enn snur deg, og moglegheitene for å oppleve naturen frå si beste side er på topp! Ja, ikkje berre naturen, men litteraturen òg!

For har du tenkt på at du kan kombinere stakinga og skøytinga med flotte, intense leseopplevingar?

Med dei siste tekniske nyvinningane er det ei smal sak å lese bok og gå på ski samstundes. Vinters dag er det heller ikkje så mykje fuglesong å gå glipp av der ute i dei djupe skogane, så kvifor ikkje ta med seg ei lydbok på øyret?

Då kan du late kriminalmysteria drive deg oppover dei verste bakkane, eller sitre av dobbel fryd når dei lengtande endeleg får kvarandre i det du rutsjar utfor bratthenget! Flott, ikkje sant? Det finst fleire måtar å få til dette på.
Og biblioteket ditt kan hjelpe deg!


Lydbøkene på CD kjenner vel dei fleste til, men på skitur er digiboka eit hendigare format. Digiboka er lydbok og spelar i eitt, og teknologien er faktisk utvikla i Noreg. Spelaren har storleik om lag som ein mobiltelefon. Han inneheld ei eller fleire bøker, og lydkvaliteten er god. To batteri og øyretelefonar er alt du treng i tillegg for å lese, og spelaren har ei kjekk reim til å hengje om halsen.

Du kan navigere mellom kapitla i boka omtrent som på ein vanleg mp3-spelar. Du kan setje på pause og enkelt spole fram og attende. Og viss du stoppar spelaren er du alltid på same stad i boka som sist når du startar opp att.
Faktisk kan du òg velje farten på avspelinga. På den vesle skjermen ser du til kvar tid kor mykje som står att av kvart kapittel, og av boka. Enkelt og kjekt! 

Her ser du digibøkene du kan få låne på Tokke bibliotek! Det kjem stadig inn nytt, så fylg med! Og me tek gjerne i mot ynske om innkjøp av spesielle titlar! Me vil gjerne kunne tilby det du er interessert i!
 
Den siste tida har Tokke bibliotek òg kjøpt inn nokre digispelarar og lydbøker på digikort. Dette formatet er ei vidareutvikling av digiboka. Med digispelar og digikort er innhald og spelar uavhengige av kvarandre. Du treng altså ikkje ein eigen spelar til kvar bok, slik du gjer med den vanlege digiboka. Du berre festar digikortet på spelaren som ei magnetbrikke og lyttar i veg! Digispelaren har òg innebygd FM-radio. Ein annan fordel er at han er oppladbar, så du treng ikkje fikle med batteri. 
Bruksmåten er elles den same som for digiboka, med nokre tilleggsfunksjonar. Til dømes kan du leggje inn bokmerke, veksle mellom ulike kort og såleis lese fleire bøker på same tid.

Førebels er tilfanget av digispelarar og digikort sparsamt på biblioteket, men det kjem til å auke kraftig framover! Og dei titlane me har er både gode og høgaktuelle! Du kan sjølvsagt òg låne berre digikort og bruke på din eigen spelar viss du har det. Kom innom og spør, me ventar på deg!

Og veit du kva?

Mange som aldri har lika å lese har lagt sin elsk på digiboka og digikortspelaren, nettopp fordi dei er så greie å ha med seg på tur og er så lette å bruke! Så prøv du òg!

Men uansett kva format du veljer på skiturboka di er det lurt å hugse på fylgjande: Pass på volumet i elg- og folksame strok, så du ikkje blir nedrent av ein du ikkje såg, men kanskje burde ha høyrt...

Leselampa ynskjer god litteraTUR innetter vintereventyret!


PS: Som mange sikkert veit kan ein òg kjøpe mp3-filer med lydbøker for nedlasting og spele av desse på vanlege mp3-spelarar, men dette er ikkje ei teneste Tokke bibliotek tilbyr. Her syner eg til dei ulike salskanalane på nettet.

lørdag 8. januar 2011

Dagens utryddingstruga ord: Å absentere seg.


Å absentere seg: å fjerne seg.

Uttrykket er eit verb som berre blir nytta i denne forma, med refleksivt pronomen (seg). Altså kan ein be ein plagsam, irriterande person om å absentere seg. Men ein kan ikkje absentere ein plagsam person!
Ordet kjem av det latinske absentia som tyder fråvere, og er mellom anna registrert bruka i Henrik Ibsen si dikting. Kjelde: Utryddingstruede ord av Astrid Skår.

Bruksdøme:

Vær så vennlig å absentere deg, jeg utstår ikke mer av maset ditt!




Under etiketten Raritetskabinettet tek eg føre meg ord og uttrykk som av meir eller mindre forståelege grunnar har hamna i den språklege bakevja.

Det kan vere ord som syner til eit utdatert fenomen, har ein framand og gamalvoren klang eller på andre vis fell såpass utanfor den språklege hovudstraumen at ein må kunne kalle dei utryddingstruga. Det kan òg vere slangord og -uttrykk som skildrar kjende fenomen på ein kreativ måte. Nokre gonger for å tåkeleggje eller forskjønne, andre gonger for å gje ein tøff, humoristisk eller nedsetjande valør. Og ikkje minst kan det vere lokale, dialektprega ord og uttrykk. Men felles for alle orda som blir presenterte i Raritetskabinettet er at dei er treffande og dermed fortener å bli minna om!


Meiningsløysa aukar der synonyma tryt!*

*Mottoet for denne etiketten, fritt etter Arne Berggren sitt føreord til fyrste utgåva av Utryddingstruede ord av Astrid Skår, bind 1.

søndag 2. januar 2011

Klar for eit realt hyllekalas?

Fekk du bøker til jol og treng ein stad å gjere av dei?
Og har ikkje like mange vener med god tid som på biletet av David Blázquez til venstre? Leselampa tek saka!

Før eg går vidare lyt eg skunde meg å presisere at Leselampa ikkje er i ferd med å bli ein interiørblogg. Slikt er nettverda allereie vel forsynt med og meir til. Men er ein leseglad og nyfiken og ikkje går av vegen for litt humor og galsklegheit kan det vere spanande å utforske tilbehøyr som forenklar eller lyftar lesaropplevinga til nye høgder. Eventuelt forkludrar det heile ganske kraftig gjennom design med høgare wow-faktor enn praktisk nytte. Me snakkar her til dømes om lyskjelder, sitjemøblar og oppbevaringsmøblar.

Denne gongen rettar Leselampa sitt oppklarande ljos mot det vedunderlege virvar av bokhyller som finst å få!
Hald deg fast! 
  

Og sidan du no likevel driv og held deg fast kan det høve å syne fram denne opp-ned-varianten av bokhylle. Perfekt for deg som likar å bryte konvensjonar og aldri har trudd på alt snakket om tyngdekraft. Og eg forsikrar: Dette er ikkje berre eit vanleg bilete snudd på hovudet! Her får du til alt overmål ei oppskrift på korleis du kan lage deg ei slik hylle! Det er ikkje vanskeleg, og du får alt du treng på byggjevara!


Og for at du som ikkje fekk bøker til jol ikkje skal tru at denne bloggposten ikkje angår deg iler eg til med å seie: Du kan lett få deg ein heim prydd med bøker frå golv til tak, sjølv utan ei einaste bok!
Det er ikkje umogleg! Sjå berre her:

Dette er ein tapet med bokhyllemønster! Vanskelegare treng det altså ikkje vere å verke lærd og bokkunnig! Og tenk på all plassen, alle pengane og alle trea som blir sparte på denne måten! Bøker kan du jo like gjerne skaffe deg på ditt lokale bibliotek! (Sjå forøvrig denne bloggposten dersom du har gløymt korleis ein gjer når ein låner bøker på biblioteket.)

Er du av den litt late typen som ikkje orkar å reise deg frå stolen for å finne lesestoff må vel kombinasjonen av godstol og bokhylle på biletet til høgre vere eit fiffig funn! Fyll stolen med alt du har planar om å lese dei neste månadane og innta lesepositur! Stolen ser ikkje så forrykande god ut å sitje i, men det får kanskje vere grenser for kor mange funksjonar ein skal krevje av same møbel. Desse designarane har no så mykje å ta omsyn til som me forbrukarar ikkje har vit på. Heimesida til produsenten syner at stolen kan leverast i mange fargar.

Skal ein kunne slappe skikkeleg av i ein slik stol trur eg ein må ha noko å leggje frå seg beina på. Og kva passar vel då betre ein eit kombinert bord og bokhylle som på biletet nedanfor? Då kan ein berre gå laus på bordet når stolen er utlesen!

Det geniale her er at bøkene heng frå lamellar som samstundes fungerer som bokmerke! Så her er det fritt fram for å ha mange leseprosjekt gåande på ein gong! Men skal venegjengen hyggje seg med raudvin og taco er det truleg lurast å velje eit anna bord å samlast kring. Det er Ömer Ünal som har pønska ut dette boklege bordet, og heimesida hans gjev fleire døme på kreativ oppbevaring og handsaming av bøker. Mellom anna ser det ut til at han har tenkt på at fjellklatrarar òg må få moglegheit til å lese der dei heng!


Medan me er inne på multitasking må eg syne dette biletet av ein heim der ein kan lese seg oppetter og nedetter trappa si. Å ha bokhyller i trappeløpet er kanskje ikkje noko nytt, men her har ein rett og slett laga trappetrinna av bokhyller! Så skulle ein vere så uheldig å dette og bryte lårhalsen i denne trappa ein trøytt morgon med litt for store tøflar, ja så har ein i alle fall noko å lese på medan ein ventar på hjelp.
Biletet lengst til høgre er sett ovanifrå og rett ned, trur eg. Det er Levitate Architects som har laga dette trappehyllekonseptet.

  
Japanarane er òg kjende for å vere kreative når det gjeld å utnytte plassen, sidan dei bur tett i tett, gjerne med fleire generasjonar i same bustad. Og tronge rammer kan trigge mange lure idear!
Sjå berre bokhylla til venstre, laga av Sakura Adachi. Hylla er ikkje berre hylle, men kan òg fungere som romdelar og privat liten lesekrok for den som vil stikke seg vekk litt! Her er ingenting gløymt, mjuk polstring og leseljos er på plass! (Det siste punktet set me her i Leselampa sjølvsagt ekstra pris på.) På heimesida til designaren kan ein sjå fleire smarte påfunn, mellom anna kjøkenspiseplass og bokhylle i eitt. -Som i tillegg går an å komprimere!

Mange (i overkant...?) interiørinteresserte har med fortvila hjartesukk skulda bokhylla for å skape visuelt kaos i heimen med sine mange fargar og format på bokryggane og skrift med utrendy bokstavar og slikt.
Er ein så heldig å ha berre rosa bøker med identisk utsjånad som på biletet over er jo bekymringa borte, men det er kanskje ikkje vanleg å ha sånn flaks med bokkjøpa sine. Men Wilde Otnes veit råd!
I leilegheita hennar framstår bokhylla som svært roleg etter at ho snudde alle bøkene med ryggen inn. Sjå! Alt forstyrrande fargesprak er erstatta av rein harmoni! Korleis ho held oversikten over bøkene er eit mysterium, men av og til må ein velje vekk noko for å kunne oppnå eit høgare mål! Og det høge målet i denne samanhengen er, som ho sjølv seier i dette intervjuet, å hindre at bokhylla slåst med tapeten! At ein ikkje kan ha slagsmål i stova sånn til kvardags seier seg jo sjølv.
Då får det kanskje ikkje hjelpe om boksamlinga blir umogleg å finne fram i...


Me held oss i det upraktiske hjørnet enno litt til. For denne bokhylla må vel ta meir plass enn ho sparar. Og visuelt harmonisk kan ho vel vanskeleg kallast. Men har du ein haug veggplass du slit med å få bruka opp og i tillegg har litt tungt for å lære alfabetet kan denne løysinga kanskje vere nett det du er ute etter! Kayiwa har laga denne hylla, og dei har vore rause nok til å tenkje på oss som ikkje har oransje som favorittfarge: Hylla blir òg produsert i svart, blå, grøn, kvit, gul og lilla.








Her er ein annan variant for dei som har veggplass å avsjå. På desse hyllene kan ein leggje frå seg boka open på den sida ein sist las. Så slepp ein alt arbeidet med å brodere seg bokmerke i korssting! Som du ser er det berre snakk om vinklar i metall som kan monterast på eit utal måtar. Slik det er gjort her kan ein kanskje få assosiasjonar til fuglar som flyg. Så kvifor ikkje lage seg eit heilt fugletrekk bortetter stoveveggen, med kurs sør- eller nordover alt etter som det høver? Produsenten av desse hyllene heiter MassieOffice. 


Nokon har veggplass, andre har rikeleg golvplass. Er du blant dei siste kan du ta ein kikk på den gedigne og skulpturelle bokhyllekrøllen til venstre og sjå om det kan vere noko for di boksamling og din ballsal. Eg er ikkje sikker på korleis ein kjem seg inn til midten av "lykkjene" for å sjå bøkene som står der, men eg går ut i frå at designar Job Koelewijn ikkje er dummare enn at han har tenkt på dette.


Her kjem tre noko galsklege bokhyller for deg som synest lodd og vater er oppskrytt. Eg trur ein lyt vere i rimeleg sterk indre balanse for å trivast i såpass skakke miljø som dette, men eg kan ta feil.

       
Eg veit ikkje kven som har laga hylla oppe til venstre, men den oppe til høgre er det ein kar ved namn Julian Appelius som lyt stå til rette for. Ved eventuelle erstatningssøksmål, meiner eg. For, som ein kommentator innvender, desse hyllene er reine dødsfellene om dei ein dag skulle velte på skikkeleg, og ikkje berre sånn halvvegs, på den såkalla stilige måten!

Hylla til venstre kan gjere dei fleste hovudgalne.
Eg veit ikkje kven som har laga denne heller. Hadde eg hatt ei slik hadde eg konstant hatt kjensla av å leve i eit ekstremt sakte framskridande jordskjelv, trur eg.








Var ingenting av dette skeivt nok for deg? Vel, då kan du prøve denne til høgre, som må kunne kallast IKEA-Billy sin skakkøyrde halvbror. Og det er ikkje så langt i frå sanninga, for det var faktisk den kjende og kjære, men kanskje kjedelege IKEA-hylla ved namn Billy designarane frå ADDI skulte på då dei fann opp denne. Og hylla heiter Billy's Brother! Linespelet får ein til å tru at alt ein set i frå seg her kjem til å segle ut og deise i bakken, men det er berre eit optisk bedrag. Hyllene er vassrette og stødige og held på det dei skal. Men dette er nok ikkje eit opplagt val for tronge studenthyblar, for hylla krev plass kring seg om ho skal kome til sin rett. Men særleg mykje rettare blir ho nok ikkje for det.
Eg for min del synest 90 gradar er ein heilt ålreit vinkel. Men det er mogleg eg byrjar å bli gamal.

For å gjenopprette likevekta før me går vidare vil eg syne ei hylle som det nærast er ein fryd å kvile auga på. No var det herleg med litt god, gamaldags symmetri, folkens! Hyllekonseptet er eigentleg utvikla for barnerom. Difor er bøkene fronteksponerte, det vil seie lagra med framsida ut. Dette er ikkje særleg plassøkonomisk, men det gjev eit glimrande oversyn og gjer det kanskje òg litt meir freistande å lese.
Og mange bøker har vakre framsider det kan vere fint å syne fram. Her har ein òg fått til ein koseleg og ljos lesekrok i vindaugsnisja, noko som ytterlegare stimulerer leselysta hjå små og store vil eg tru. Det er ei som heiter Anna Spiro som har gjeve form og utsjånad til denne hylla, men tankegangen er gamalt nytt i bibliotekverda, kor ein lenge har stilt ut biletbøker på denne måten, om enn ikkje like tiltalande.



Ein ting eg har tenkt på at manglar ved Vest-Telemark VGS er lesesalsplassar. Der kunne kvar elev hatt sin eigen vesle bås der ein kunne innrette seg med bøkene sine, og dermed hatt ein roleg stad å gjere lekser og bu seg til prøver og eksamenar. Ei vanleg innvending mot slike idear er sjølvsagt at lesesal er plasskrevjande. Men sjå på løysinga til høgre! Det kunne bli plass til mange slike kombinerte hyller og pultar i eit vanleg klasserom! Diverre har eg ikkje funne ut kven som er meister for dette møbelet.






Ein annan fordel ved ei innretning som den over er at elevane ikkje hadde måtta slepe på alle dei tunge bøkene heile tida. At det er hardt for ryggen veit alle som har vore elev ved vidaregåande skule. Tek eg ikkje mykje feil hadde designar Bruno Petronzi fæle bokbereminne frå si ungdomstid friskt i minne då han konstruerte "slaven" av ei hylle du kan sjå til venstre. Legg merke til lampa!




 
Synest du det blei for mykje moderne stil og reine liner her no?
Vel, eg har sjølvsagt òg tenkt på oss som likar litt nostalgi og klassiske ideal. Jaren Goh har i bokhylla til høgre teke utgangspunkt i barokt formspråk og pressa det inn i ein omsluttande boks. Det perfekte kompromissmøbelet når to med ulik smak skal innreie ein heim saman?





 


Denne hylla ser ut til å vere laga av to slakta salongbord som har fått ei ny sjanse i livet som bokhylle. Det er Matt Carr som står bak ideen. Noko å tenkje på for dei som står att med ei røys halve møblar etter samlivsbrot og deling av bu? Ikkje lat ressursane gå til spille! OBS: Blei du inspirert no? Spør alltid ein vaksen om lov til å bruke saga!





Denne må kunne seiast å vere både nostalgisk og romantisk, og feminin så det held! Eg reknar det som lite sannsynleg at du finn sjølvbiografien til Muhammed Ali samt bøker om fluebinding og fotballdrakter i fargar frå A til Å i denne. Meir i same stil finn du her.

Så er det kanskje nokon kreative friskusar som spør kva ein eigentleg skal med ei hylle i det heile, så lenge ein kan byggje eit fenomenalt boktårn som dette heilt gratis, berre med litt tolmod? Ikkje brukar det veggplass, og den golvplassen det tek opp utnyttar det til fulle! Så lenge du berre har bøkene til utstilling vil nok dette fungere bra. Men eg vil få åtvare om at ei slik løysing nok ikkje er ideell viss du har ein litt vilter hund. Eller faktisk likar å lese.

Til sist vil eg syne fram ei svært organisk sak laga av Matteo Casarosa. Då han laga denne hylla hadde han kunnskapens tre og barns vekst gjennom lesing i tankane. Det kan hende hylla fungerer betre som skulptur enn til effektiv boklagring, men det same kan seiast om fleire av dei andre bileta i denne bloggposten!

Det er noko med det; ikkje alt praktisk er pent, og ikkje alt pent er praktisk. Og ganske mykje her i verda er korkje pent eller praktisk! Det store poenget er at me har stor valfridom når me skal bestemme korleis me skal huse bokskattane våre. No har me til dømes sett bøker lagra med ryggen både inn og ut og med fronten fram, i krøll, på skakke og skeive og på hovudet, på geledd og i stram gjevakt. Og det beste er at me rett og slett kan gjere det nett slik me likar det best og får det til å fungere for oss!

Det var nok det Michelle McCormick tenkte då ho fann på dette arrangementet for sine bøker, som skal få avslutte heile bokhyllebonanzaen.

Ja, eit tilsynelatande vedunderleg virvar dette òg.
-Som eg mistenkjer er strengt regissert...!








Inspirasjonen til denne bloggposten fekk eg frå denne artikkelen i Bonytt. Derifrå har eg òg nokså frekt raska med meg ein del bilete.


I arbeidet med posten kom eg òg over ei nettside for folk som blir lettare opprømte av å sjå bilete av bokhyller! Så fekk du lyst til å fordjupe deg vidare i bokstablingas edle kunst er det berre å klikke seg vidare hit: http://bookshelfporn.com/ Ei eiga side med bokhylleporno, altså. Mottoet til sida er: Reading is sexy!