lørdag 19. februar 2011

Dagens slangord: Å abdisere.

Å abdisere: Å døy.
Kjem av latin abdicare, å seie i frå seg. 
Ordet blir vanlegvis bruka når ein framståande person, til dømes ein konge, i levande live gjev avkall på posisjonen sin og lèt andre overta. Viss nokon må tre inn grunna dødsfall nyttar ein i alminneleg språkbruk ikkje uttrykket abdisere. Men i slangspråk har ordet endra innhald og kan tyde å døy. Kjelder: Bokmåls-ordboka på nett og Norsk slangordbok av Tone Tryti.

Bruksdøme:
Slapp av, det blir ingen pengar på deg før gamlefar abdiserer!

Fri grunna gravferd no igjen? Synest du sa bestemor di abdiserte i fjor! Kor mange har du eigentleg?

Her kjem fleire sleivete uttrykk for å døy:

  • Gå i pennalet
  • Ta på seg tredressen
  • Søkje avskjed
  • Stemple ut
  • Sette frå seg tøflane
  • Ta kvelden
  • Leggje på røret
  • Parkere (for godt)
  • Koble ut sikringen
  • Kaste loss
  • Setje frå seg kufferten
  • Få heimlov/ landlov
  • Leggje ned vandringsstaven
  • Levere attende bibliotekkortet (!!)
Kjelder: Med andre ord av Magne Rommetveit, vage minne frå teikneserien Pondus samt denne sida.

Har du fleire? Kom med dei! Legg att ein kommentar!


Under etiketten Raritetskabinettet tek eg føre meg ord og uttrykk som av meir eller mindre forståelege grunnar har hamna i den språklege bakevja.

Det kan vere ord som syner til eit utdatert fenomen, har ein framand og gamalvoren klang eller på andre vis fell såpass utanfor den språklege hovudstraumen at ein må kunne kalle dei utryddingstruga. Det kan òg vere slangord og -uttrykk som skildrar kjende fenomen på ein kreativ måte. Nokre gonger for å tåkeleggje eller forskjønne, andre gonger for å gje ein tøff, humoristisk eller nedsetjande valør. Og ikkje minst kan det vere lokale, dialektprega ord og uttrykk. Men felles for alle orda som blir presenterte i Raritetskabinettet er at dei er treffande og dermed fortener å bli minna om!


Meiningsløysa aukar der synonyma tryt!*

*Mottoet for denne etiketten, fritt etter Arne Berggren sitt føreord til fyrste utgåva av Utryddingstruede ord av Astrid Skår, bind 1.

lørdag 12. februar 2011

Bibliotekbruk for dummies! (2)

Er du ein av mange som ikkje heilt skjønar kva du skal med biblioteket? Og er det ikkje slik at det er forferdeleg strengt der, med forbod og reglar og gebyr stabla oppetter veggane i lag med dei gørrkjedelege, støvete bøkene? Og dei som jobbar der er, er ikkje dei minst like nedstøva og innturka? Og grinute?

Då kan du glede deg! For du tek nemleg feil!
Og Leselampa skal syne deg kvifor!

Innlegga under etiketten Bibliotekbruk for dummies tek opp ulike sider ved det å vere lånar på eit bibliotek. I del 1 såg me på korleis ein går fram for å låne ei bok. Her i del 2 skal det handle om kva du kan låne på biblioteket...og ikkje.

For det er ikkje lenger slik at biblioteket er å rekne for ei diger bokhylle. Moderne bibliotek er mangfaldige mediesamlingar som tilbyr kulturopplevingar innanfor mange sjangrar og format. Og eg kan garantere at me har noko for deg! Uansett kven du er og kva du likar!

Vil du bli ein av Tokke bibliotek sine mange lukkelege lånarar kan du mellom anna boltre deg i fylgjande rikhaldige utval:


1059 DVDar, frå Gudfaren til Istid!

718 CDar, frå Burzum til Madonna!

21 blad i abonnement, frå Lyd og bilde til Skisport!

697 lydbøker på CD, digibok og digikort,

 frå Snorre til Jo Nesbø!

14701 bøker med romanar, noveller og dikt,
frå grøss og humor til gravalvor!

9263 bøker med faglitteratur, om alt frå traktorar til trylling!

Her kan du søkje i basen vår og sjå nærare på tilbodet!
-Som stadig blir utvida med nye titlar!

Og skulle du ikkje finne noko du har lyst til å låne blant det me allereie har, er håpet framleis ikkje ute!
Då kan du berre seie i frå, så kjøper me det inn etter ditt ynske, eller me fjernlåner frå eit anna bibliotek i Noreg. Me kan skaffe omtrent kva det skal vere, og i normale tilfelle tek det berre 2-7 dagar. Når me har fått det du vil ha ringjer me eller sender SMS, så kan du kome og hente. Er ikkje det lettvint så veit ikkje eg!
Og hugs: Det er heilt gratis å bruke biblioteket!

Etter alt dette skrytet om kva biblioteka kan tilby kan det kanskje løne seg å ta litt atterhald.
For det finst faktisk grenser for kva me kan hjelpe deg med. Fylg nøye med på desse to filmane, så unngår me kjedelege misforståingar! (Den fyrste filmen er laga før CD og DVD blei vanleg i biblioteka sine samlingar, men du skjønar sikkert poenget!)







Men det finst faktisk bibliotek her i landet som har mykje meir på lager enn ein skulle forvente!
Her er Tana bibliotek eit strålande døme! Eg tvilar på om dei serverer hurtigmat, kjeks eller mjølkeglas, men dei låner utruleg nok ut syklar og anna turutstyr på lik line med bøker og film!

Sjå berre her. Og her kan du sjå ein biletserie.

Velkomen til biblioteket! Me gler oss til å hjelpe deg!

tirsdag 8. februar 2011

Nye titlar i Vest-Telemark VGS si samling. Veke 6.

Alle titlar kan lånast på Tokke bibliotek viss ikkje anna er nemnt.

NB! Dette er berre dei nye titlane som skulebibliotekaren kjøper inn, og det er for det meste fagbøker og dokumentarar. Men hugs at Tokke bibliotek òg får inn ei røys nye, spanande bøker, CD-ar og filmar kvar veke. Mellom anna all den nyaste skjønnlitteraturen, frå kjærleiksromanar til krim.
Ta deg ein tur og sjekk ut tilbodet, då vel!

OBS: Grunna etterslep på registrering og bokomtaler vil det ei tid bli publisert lister over titlar som blei innkjøpte i løpet av 2010. Etter kvart vil listene få større aktualitet.


Grotter. Norges ukjente underverden. Stein-Erik Lauritzen. Tun, 2010.

Visste du at det er fleire tusen naturleg danna grotter i Noreg? Nokre av dei er over ein million år gamle, og inni dei finst framleis restar etter plante- og dyreliv som stammar frå istida. Nokre av dei er aldri besøkt av menneske. Og i djupet av dei rår det absolutte mørker. Forfattaren er den einaste profesjonelle huleforskaren (speleologen)  i Norden, og skildringane hans av grottelivet, med dryppsteinar, mineral, plantar og dyr er basert på eigne studium. Og fagstoffet er sjølvsagt av topp klasse. Det same er fotomaterialet!


Luftige topper. 50 spennende turer uten tau. Øyvind Bergkvam. Tun, 2010.

Nokre likar seg i djupet, andre på toppane. Er du mellom dei siste kan du i denne boka få tips om 50 fjelltoppar i heile landet med ulik vanskegrad. Felles for dei er at ein ikkje treng tau eller klatreutstyr for å nå dei. Bakgrunnsstoff, turskildringar, kart og råd...alt finn du her! Forfattaren har vore ein såkalla "tinderanglar" i over 30 år og har nådd toppen av nærare 1300 fjell i Noreg. Og dei 50 utvalde i denne boka har han sjølvsagt fyrstehands kjennskap til! Bli med til topps!


Poker. Kunsten å vinne i pokerspill. Lou Krieger. Schibsted, 2006.

Bur det ein gamblar i deg? Interessert i poker? I så fall bør du setje deg godt inn i spelet, særleg viss det er pengar inne i biletet. For her er det store moglegheiter for å gå på ein skikkeleg økonomisk smell! Forfattaren av denne boka har vore pokerspelar sidan sjuårsalderen og har etter kvart blitt ein stor pokerstrateg. I denne boka tek han føre seg dei fem mest populære variantane av spelet. Og ikkje minst lærer han vekk triksa sine, slik at du kan forbetre sjansane dine til å vinne.



Camorraland. Mariangela Cacace. Cappelen Damm, 2010.

Camorraen er den største mafiaorganisasjonen i Italia. I hundrevis av år har dei kontrollert Napoli og andre byar i landet. Heile samfunnet blir infiltrert der Camorraen har makta, heilt frå det øvste politiske planet og ned til kvardagslegheiter som søppeltøming. Folk blir forfylgde, drapstruga, kidnappa, rana og tekne av dage i Camorren sitt namn, og handel med våpen og narkotika er ein stor del av verksemda. Og ein må anten spele på lag med dei eller leve i fare. Dette høyrest kanskje utruleg ut, men forfattaren hevdar til alt overmål at den napolitanske mafiaen har betydelege forgreiningar i Noreg.


Maradona. Harald Henmo. Gyldendal, 2010.

Diego Maradona er ein fotballspelar som ikkje sluttar å fascinere. Få protesterer på fotballferdigheitene hans, men han er nok like godt kjend for stoffmisbruk og juks. Mellom anna blei han utvist i det fyrste VM-et han spelte i og teken for doping i det siste. Men i siste fotball-VM stal han showet sjølv om han var trenar og ikkje spelar. Til slutt gjekk Argentina på eit sviande tap, men Maradona blei likevel motteken som folkehelt i heimlandet. Boka omhandlar oppveksten så vel som fotballkarrieren.



En serietegners dagbok. Martin Kellerman. Cappelen Damm, 2009.

Kjenner du teikneserien Rocky? I denne (dag)boka utleverer serieskaparen eit år av livet sitt, gjennom nådelaust ærlege, men svært vittige skildringar av reiser verda over, matopplevingar, venskap, seksuelle erfaringar, angst, sjukdom, filosofiske fabuleringar, fest, fyll... ja, alt som høyrer med i tilveret til ein urban slaur! Er du van med å lese teikneserien vil du nok kjenne deg att, for her er det mye sjølvbiografisk stoff på godt og vondt!


Himmel og hav. Om klimaendringer i Norge og verden.
Siri Kalvig og Ellen Viste. Schibsted, 2007

Kvifor stig havet? Kvifor rasar stormane? Kvifor aukar temperaturen? Er alt menneska si skuld? Og kva blir konsekvensane? Boka forklarar korleis klimaet har vore på jorda gjennom tidene, kvifor klimaet er slik det er i dag, og gjev eit oversyn over den nyaste forskinga som finst på feltet. Forfattarane kjem òg med innspel i debatten om korleis me hindrar det kompliserte klimasamspelet på jorda frå å bryte saman. Boka er full av illustrasjonar og forklarande figurar. Miljødepartementet har støtta utgjevinga av boka.



Lydbok: Eventyr om Askeladden. Asbjørnsen og Moe. Lydbokforlaget, 2006.

Klar for eventyrstund? Lydboka inneheld fem av dei mest kjende og kjære historiene om Askeladden: Per og Pål og Espen Askeladd, Jomfruen på glassberget, Askeladden som stjal sølvendene til trollet, Det var ingen nød med den som alle kvinnfolk er glad i og De sju folene. Skodespelar Harald Brenna les med stor innleving.





Lydbok: Brødrene Grimms beste eventyr. Lydbokforlaget, 2003.

Frisk opp den klassiske eventyrskatten! Her les skodespelarane Laila Goody og Anders Baasmo Christensen forteljingane om Askepott, Katten med støvlene, Tommeliten, Ulven og de sju geitekillingene, Hans og Grete, Tornerose, Rødhette, Bymusikantene fra Bremen, Snehvit, Bord dekk deg og Fiskeren og hans kone.





Lydbok: Oliver Twist. Charles Dickens. Lydbokforlaget, 2006.

Bli med til 1800-talets London! Der blir Oliver Twist fødd i eit fattighus og mora døyr utan å etterlate seg spor. Vesle Oliver blir plassert hjå Mrs. Mann, ei kvinne som livnærer seg ved å ta seg av foreldrelause barn.
Ved niårsalderen må Oliver flytte attende til fattighuset, og der er det meir juling enn mat å få. Sidan der ikkje er verande for ein liten gut rømmer Oliver, berre for å ende opp blant dei verste bandittane i byen. Og det skal syne seg at nokon som ikkje har godt i sinne er ute etter Oliver, for han har ein løyndom han ikkje kjenner sjølv. Kvardagen er full av harde tak, men Oliver har styrke, mot og eit venleg sinn, og det er eigenskapar ein kan kome langt med, sjølv om ein er foreldrelaus og fødd i fattigdom.


Lydbok: Eigil Bonde fra Heim. J.R.R Tolkien. Lydbokforlaget, 2007.

Eigil er ein stillfarande bonde som tilfeldigvis jagar ei kjempe på flukt. Dette er ei bragd som får konsekvensar. Ryktet hans som kjempejagar når nemleg kongen sine øyro på ei tid der ein slem drage ved namn Chrysophylax lagar kvalm i det vesle landet. No vil kongen at Eigil skal drepe dragen! Greier Eigil å leve opp til den noko motvillige heltestatusen? Triveleg forteljing som passar for både store og små. Bjørn Fougner les.




Lydbok: Faust. Johann Wolfgang von Goethe. (NRK Radioteateret.)
Lydbokforlaget, 2007.

Mektig, klassisk verk skrive på grunnlag av ein gamal legende om vitenskapsmannen og gullmakaren Johann Faust. Faust er tilårskomen og ynskjer å finne ein snarveg til maksimal kunnskap og innsikt.
I lengt og fortviling lagar han ei pakt med Mefistofeles, altså djevelen. Pakta seier at viss han éin einaste gong kjenner seg tilfreds og gløymer å skunde seg mot eit høgare mål, ja då må han late Mefistofeles få sjela si. Samstundes veddar Mefistofeles med Gud om at Gud skal få sjela viss Faust gjer ei god handling som ikkje tener han sjølv. Høgdepunktet oppstår i kryssingspunktet mellom pakta og veddemålet.


Lydbok: Catilina. Henrik Ibsen. (NRK Radioteateret.) Lydbokforlaget, 2005.

Dette er ei dramatisering av det fyrste teaterstykket Henrik Ibsen skreiv. Han var faktisk berre 19 år ved debuten! Handlinga er plassert i Roma før kristendommen blei innført. Der møter me den maktkåte opprøraren Catilina. Han er sterkt kritisk til samfunnsordninga, som han meiner er i full oppløysing, med korrupsjon og annan rotenskap blant autoritetane.
I Ibsen si seinare dikting ser me fleire spor etter Catilina, som han var fascinert av livet i gjennom. Blant skodespelarane finn me Bjørn Sundquist, Heidi Gjermundsen Broch og Trond Espen Seim.

Lydbok: De unges forbund. Henrik Ibsen. (NRK Radioteateret.) Lydbokforlaget, 2006.

På 1800-talet var dette stykket det mest populære av dei Ibsen har skrive, men er ikkje særskilt kjend i dag. Etter å ha utforska store tema og sterke krefter i Brand og Peer Gynt blei Ibsen utfordra av Bjørnson til å skrive ein komedie! Og Ibsen hemna seg ved å skrive inn ein karikatur av Bjørnson i stykket, sakfører Stensgård. Dette lét Bjørnsons tilhengjarar seg provosere av, og folk byrja faktisk å slåst utanfor teateret etter urpremieren! Denne hendinga syner tydeleg at tilhøvet mellom dei to diktarhøvdingane var anstrengt og prega av maktkamp.


Lydbok: Kjærlighetens komedie. Henrik Ibsen. (NRK Radioteateret.) Lydbokforlaget, 2006.

Dette stykket kom ut fyrste gong i 1862, og ein reknar det som det fyrste samtidsskodespelet til Ibsen. Stykket har ei krass satirisk tone, og blei sett på som usømeleg fordi Ibsen framstilte kjærleik og ekteskap som uforeinelege motsetnader. Dermed gjekk det elleve år før stykket blei framført på ei scene. Stykket handlar om ei pensjonatvertinne som har som hobby å spleise unge kvinner med passande unge menn. Heidi Gjermundsen Broch og Kåre Conradi speler hovudrollene, og Lars Lillo Stenberg har sett musikk til.


Lydbok: Fortuna. Alexander Kielland. Lydbokforlaget, 2009.

Romanen blei gjeven ut i 1884, men tematikken gjer seg framleis
gjeldande i nyhendebiletet. Professor Løvdahl blir leiar for aksjeselskapet og fabrikken Fortuna. Utsikta til stor økonomisk vinst driv han inn i ei spekulasjonsåtferd som får svært øydeleggjande konsekvensar for han sjølv og dei andre han har drege med seg i karusellen. Mellom anna får arbeidarklassa unngjelde hardt for andre sin stormannsgalskap, og ikkje alle taklar like godt å kome i økonomisk uføre. Arne O. Reitan les.



Lydbok: De elendige. Victor Hugo. (NRK Radioteateret.) Lydbokforlaget, 2006.

Dette er Radioteateret si dramatisering av Hugos roman frå 1862, som kanskje er meir kjend i form av musikalen Les Misérables, som er av dei mest populære i verda. Hovudpersonen Jean Valjean har nett blitt ein fri mann etter 19 år i fengsel for å ha stole eit brød. Han har teke til seg jenta Cosette, som er dotter til ei prostituert kvinne, og freistar leve som ein respektabel mann. Men politimannen Javert er av den nidkjære sorten, og er overtydd om at Valjean er ein forbrytar inst inne. Dermed set han seg føre å forfylgje han.



Lydbok: Et rom med utsikt. Edward Morgan Forster. Lydbokforlaget, 2009.

Unge frøken Lucy Honeychurch lever eit overklasseliv på den engelske landsbygda. På ferie i Firenze treffer ho ein ung engelskmann som ho blir sterkt knytt til kjenslemessig. Men han høyrer heime i ein lågare stand, og på byrjinga av 1900-talets England var det ikkje god tone å finne partnarar utanfor eigen krins. Sterke krefter i miljøet kring Lucy vil at ho skal gifte seg med den kjølige snobben Cecil, som har pengar og dei rette kontaktane. Ei klassisk konflikt mellom hjarta og hjerne seglar opp... Skrivestilen er så grasiøs og frydefull at det åleine er verdt lesnaden.
Her kan ein oppleve språkkjensle til fingerspissane. Og den umiskjennelege britiske humoren er aldri langt unna. Bjørn Fougner les.


Utholdenhetstrening. Løping, sykling, langrenn.
Eystein Enoksen og Leif Inge Tjelta. (Red.) Høyskoleforlaget, 2004.

Artikkelsamling som tek føre seg viktige prinsipp for å betre prestasjonane i idrettar som stiller krav til både aerobt og anaerobt uthald. Desse idrettsgreinene blir tekne opp spesielt: mellom- og langdistanse i friidrett, langrenn, landevegssykling og terrengsykling. Artiklane undersøkjer det fysiologiske og psykologiske grunnlaget for effektiv uthaldstrening sett i samband med alder, kjønn og treningsnivå.
Boka er mynta på aktive idrettsutøvarar som vil utvikle seg vidare, og for trenarar og lærarar som vil styrke bakgrunnskunnskapen sin om uthaldskrevjande idrettsgreiner.



Historien om norsk idrett. Matti Goksøyr. Abstrakt, 2008.

I denne boka får du greie på korleis idretten har utvikla seg parallelt med historiske, kulturelle og politiske endringar på verdsbasis og her i landet. Framstillinga legg hovudvekta på dei siste hundreåra, og, som tittelen seier: på tilhøva i Noreg.
Nokre felt blir vigd særskild merksemd: spaninga mellom topp og breidde, spesialisering og mangfald, lønsarbeid og dugnadsarbeid. Og ikkje minst ordskiftet om ekstremprestasjonar er helsesamt eller nedbrytande for utøvaren.


Treningslære. Asbjørn Gjerset. Gyldendal Undervisning, 2006.

Boka kombinerer teori og praksis og gjev kunnskap om korleis kroppen er bygd opp og fungerer i samspel med kosthald og levesett. Ho tek òg føre seg kor mykje det har å seie for ferdigheitsutviklinga at treninga er godt planlagt. Ulike prinsipp og metodar for trening blir drøfta. Boka dekkjer programfaget treningslære etter den nye læreplanen for idrettsfag.





Ferdighetsutvikling i fotball. Handlingsvalg og handling.
Aksel Bergo. (mfl.) Akilles, 2002.

Boka gjev grunnlag for å utvikle gode spelarar og gode lag, både i teori og praksis. Forfattarane, som alle har lang erfaring som trenarar på ulike nivå, meiner at gode ferdigheiter i fotball kan utviklast gjennom ein firedimensjonal modell, der høvesvis den individuelle, den relasjonelle og den strukturelle dimensjonen speler inn, i tillegg til sjølve kampdimensjonen. Han konkretiserer kva han meiner gjennom ein øvingsbank med 75 øvingar. Vanskegraden spenner frå barnenivå til toppnivå. Mange fargebilete!



Idrettsskader. En illustrert guide til diagnostikk og behandling av skader i forbindelse med fysisk aktivitet. Roald Bahr og Sverre Mæhlum (red.) Fagbokforlaget, 2010.

Har ein fyrst vore så uheldig å skade seg gjeld det å vete kva ein gjer for å avgrense konsekvensane og korte ned heilingstida. I denne boka får du vete korleis ein skal undersøkje, behandle og rehabilitere utøvarar med akutte skader og belastningar, anten dei skuldast konkurranseidrett eller anna fysisk aktivitet. Boka kan vere eit kjekt oppslagsverk for alle som er opptekne av aktiv idrett, men er grundig nok til å bli nytta som handbok av legar og anna helsepersonell. Boka er rikt illustrert.



Hoftebrudd. Atle Fredheim (red.) Medlex, 2010.
 
Etter all denne idretten kan det vere på sin plass å syne fram dette heftet, som gjev ei samla og forenkla framstilling av hoftebrot som diagnose. Hoftebrot er er svært utbreidd i befolkninga og kostar mykje både for samfunnet og den som blir ramma. I heftet får ein vete kva hoftebrot er, kva det skuldast og korleis ein førebyggjer og behandlar slike skader. Kva kan ein som er ramma vente seg av rehabiliterings-prosessen, og kva må ein yte sjølv? Kor kan ein få hjelp? Proteser blir meir og meir vanleg, og kan hjelpe mange til å leve eit høgfunksjonelt liv etter skaden.



Cerebral Parese. Atle Fretheim (red.) Medlex, 2009.


Dei fleste kjenner nokon med diagnosa cerebral parese, ofte forkorta til CP.
Men ei slik diagnose rommar mange ulike menneske med heilt forskjellige symptom og grad av funksjonsevne. Nokre CP-ramma er fullstendig avhengige av hjelp, andre kan leve heilt vanlege liv og klare seg sjølv i jobb og heim.
Dette heftet tek sikte på å samle tilgjengeleg informasjon om diagnosa CP og presentere stoffet på ein nøytral og lettforståeleg måte.





Gustav Vigeland. Kunstneren og hans verk. Tone Wikborg. Aschehoug, 2010.

Du har heilt sikkert vore i Vigelandsparken og sett skulptursamlinga der.
Denne boka handlar om mannen som står bak dette gigantiske prosjektet. Korleis var barndommen og oppveksten hans? Korleis opplevde han læretida og dei fyrste famlande forsøka med hammar og meisel? Korleis utvikla han seg som kunstnar, og korleis falda privatlivet hans seg ut? Ein blir òg kjend med den overhendig store produksjonen hans, og skulpturane i Vigelandsparken får særskilt omtale.
Boka er sjølvsagt rikt spekka med bilete.



Slå tilbake! Selvforsvar mot hersketeknikker. Elaine Bergqvist. Spartacus, 2010.

Sjølvforsvar er ikkje berre forsvar mot fysiske angrep. Diverre finst det folk som medvite eller umedvite nyttar psykologiske stikk, slag og spark for å skade deg, gjere deg mindre eller i det minste for å oppnå noko sjølv. Det kallast hersketeknikkar. Kanskje gjer du sjølv bruk av slike av og til utan å tenkje over det? Boka presenterer sju hovudtypar av hersketeknikkar gjennom konkrete døme. Informantar fortel om korleis sjefen, kjærasten, kollegaen, naboen eller heilt ukjende menneske har utsett dei for ubehagelege hersketeknikkar. Forfattaren gjev ei fagleg tolking av historiene og kjem med konkrete døme på korleis situasjonen kunne vore løyst til beste for alle partar, utan at nokon kom til skade.


Leonard Cohen -en tolerert biografi. Ira B. Nadel. Libretto, 2008.

Tek eg ikkje mykje feil kjenner du songen "Hallelujah" som er kjend i mange versjonar med populære artistar. Men det finst berre éin meister bak songen, og det er Leonard Cohen. Han debuterte som diktar i 1956, og i 1967 byrja han i tillegg gje ut plater. På 80-talet opplevde han spesielt stor suksess, og han er framleis aktiv med plater og konsertverksemd. Like mykje som han har utlevert hjarta og sjel i tekstane, like lite har han villa dele privatlivet sitt med oss. Forfattaren av denne boka har likevel fått snuse i brev, notatbøker og gamle intervju heilt attende frå barndommen hans, og er dermed i stand til å teikne eit tydelegare bilete av mennesket Cohen enn me tidlegare har hatt tilgang til. Boka har bibliografi og diskografi.


Skattejakt bak nazistenes linjer. Robert M. Edsel. Vigmostad & Bjørke, 2010.

Det var ikkje berre land og riker Hitler ville leggje under si makt, han gav òg ordre om systematisk å stjele kunstverk. Det var ikkje småtteri han greidde å innlemme i tysk varetekt, verk av Michelangelo, da Vinci og Vermeer er blant namna i den stolne kunstkatalogen. Parallelt med stelinga gjekk det føre seg eit kartleggingsarbeid sett i verk av den amerikanske presidenten Roosevelt. Han engasjerte ei gruppe middelaldrande familiefedrar med bakgrunn frå museum, galleri og universitet til å skaffe greie på kor tjuvegodset blei halde skjult. Det var eit risikofylt arbeid, og dei fekk få hjelpemiddel. I denne boka får me deira dramatiske historie.


Pakistan midt i verden. Elisabeth Eide og Terje Skaufjord. Pax, 2010.

Forfattarane kjenner Pakistan ut og inn. Dei har vore der og vandra blant krig og herjingar, sørgjande menneske, antikke ruinar og politiske vepsebol. Dei har treft og snakka med alle slags folk med all slags bakgrunn og formidlar her deira historier. Nyhende frå Pakistan handlar ofte om terrorhandlingar, død og fortviling, og forfattarane legg ikkje skjul på at landet står framfor store utfordringar. Men dette er òg ei bok full av gode minne og håp, ikkje minst fordi me lærer å kjenne ei rekkje menneske som ynskjer det aller beste for landet sitt og er villig til å arbeide hardt for ei ljos framtid.


Mytekalender. Sommer. Terje Nordby. Aschehoug, 2010.

Nokre av dykk har kanskje vore borti Terje Nordby sitt radioprogram "Mytekalender" som har gått på P2. I boka som i programmet presenterer han ei mytisk forteljing kvar dag for månadene mai, juni og juli. Tilfanget har han henta frå den globale myteskatten: gresk, romersk, egyptisk og norrøn mytologi, verdsreligionane, mellomalderske legender, vitskaplege oppdagingar, litterære skapnader og historiske hendingar. Dette kulturhistoriske flettverket klarar han òg å knyte an til dagliglivet vårt, slik at mytestoffet synest relevant for oss som lever i dag. Boka har eit så grundig og omfattande register at ho òg kan fungere som oppslagsverk over myter og mytiske skapnader.


Kleopatra. Historien og mytene. Allan Klynne. Cappelen Damm, 2010.

Kva er sanning og kva er myte i historia om Kleopatra VII (69-30 f.Kr.)? Dette har arkeologar og historikarar lura mykje på opp gjennom tida. Ho er trass alt ei av dei mest kjende kvinnene i verdshistoria. Det kan ein sjå av det rike tilfanget av mytestoff som er spunne kring ho, ikkje minst uttrykt gjennom filmar og TV-seriar som har framstilt ho som ei kvinne svolten på erotikk og luksus. Forfattaren freistar trengje mest mogleg gjennom den populariserte Kleopatra og syne fram livet hennar slik fagfolk har resonnert og tolka seg fram til at det må ha vore. Julius Caesar og Markus Antonius speler sine roller i boka, og det same gjer bakgrunnshistoriene om makt, politikk og kvinnesyn, men det er Kleopatra sjølv som står i forgrunnen.


Den store sagaen om Olav den hellige.
Snorre Sturlason. Sagabok, 2009.

Kanskje er det litt drygt å kalle denne boka ein "ny tittel", men dette er faktisk fyrste gong denne sagaen blir lansert i sin heilskap på moderne norsk. I denne versjonen speler Olav Haraldsson hovudrolla frå byrjing til slutt, og ikkje som i Heimskringla der soga om han er ei av fleire. Boka er å rekne for ein biografi, og konsentrerer seg mest om liv og levnet og mindre om helgenstatusen. Men boka femner sjølvsagt òg om helgengjerningane, som har fått eit eige kapittel. Me får vere med på ei spanande ferd gjennom politikk og historie i sagatida, og personframstillingane er såpass nære og levande at me føler me blir kjende med einskilde menneske òg.


Sagaspor. Kulturhistoriske fortellinger fra vikingtid og middelalder. Frans-Arne Stylegar og Bjørn Bandlien. Andresen & Butenschøn A/S. Oslo, 2010.

Dette er ei mangslungen og saftig samling artiklar som opphavleg har stått på trykk i Klassekampen under spalta Kringla Heimsins, som handlar om vikingtid og middelalder. Tematikken spenner frå koking av lik i mellomalderen til nazistiske arkeologar, kyskheitsbelte (som ved nærare gransking synte seg å vere hundehalsband), meitemarkens rolle i Darwins utviklingslære og menn som ammar spedbarn i sagalitteraturen! Litt av kvart, med andre ord! Kven seier at historie er eit tørt og støvete fag? Ikkje eg!


Veien til verdens ende. Sigurd Hoel. Gyldendal, 1975.

Denne boka inneheld ei av dei mest kjende -og kanskje den mest innsiktsfulle- skildringa av eit barns røyndomsoppfatning i norsk litteraturhistorie. Me ser verda gjennom Anders sitt blikk heilt frå han er så liten at han ikkje kjem seg ut av senga av eiga hjelp, og fram til ungdomsåra. Forfattaren klarar få fram korleis samspelet med fysiske og sosiale omgjevnader endrar seg i takt med mogningsprosessen til eit lite menneske på eit vis få, om nokon, har gjort han etter. Alle som har vore barn vil finne noko å kjenne seg att i her, til dømes i Anders sitt utrøyttelege og audmjukande strev for å lære å seie R, eller i den skrekkblanda uvissa han kjenner andsynes døden.



tirsdag 1. februar 2011

Kva skal du bli? Kva med bibliotekar? Eller gorilla?

I høve årets yrkesmesseVest-Telemark vidaregåande skule vil Leselampa bidra med litt stoff om karriereval generelt og jobbsøking spesielt.

Arbeidsmarknaden er ein stad der det gjeld å koble rett arbeidsgjevar med rett arbeidstakar og omvendt. Moglegheitene er uendelege! Men det er ikkje jamt like enkelt å gjere dei gode koblingane. Mellom anna fordi mange ikkje heilt veit kva dei ynskjer. Og nokre har urealistiske forventningar til arbeidslivet. Men heldigvis har me alle lov å velje feil! Og livet byr stadig på nye sjansar for den som er vaken, nyfiken og svolten!

Leselampa ynskjer lukke til med Yrkesmessa og med framtida!


Her kjem tips om bøker som kan hjelpe deg med vegvalet. Alle bøkene kan lånast på Tokke bibliotek, men eit par av dei må me få nokre dagar på å skaffe på fjernlån.

Noe med media av Sigrid Bonde Tusvik. Kagge, 2008.

For mange freistar det med ei karriere innanfor mediebransjen.
Sigrid Bonde Tusvik er komikar og sjølv godt kjend i irrgangane i norsk medieliv.
Her kjem ho med ei lita "reisehandbok" for deg som tenkjer deg i den retninga.
I boka har ho intervjua folk som har arbeidet sitt både framfor og bak kamera.
Dei fortel om positive og negative utfordringar med jobben og ikkje minst korleis dei fekk han.



Slik får du den jobben du vil ha...med Askeladdmetoden 
av Terje Eid og Gunn Alme. Orion, 2007.

Her er ei bok som gjennom konkrete døme og råd syner deg korleis du kan få oppfylt framtidsdraumen din på arbeidsmarknaden. Forfattarane er opptekne av at du må finne og fortelje dei gode historiene om deg sjølv. Det gjeld å bli medviten om eigne ressursar og fortrinn og deretter klare å nytte innsikta til å kome dit du vil i arbeidslivet. -Og trivast der!




Få jobben du ønsker deg av Anna Ekholm og Åsa Kull. Gyldendal akademisk, 2006.

Arbeidsmarknaden kan vere ein krevjande stad, og det gjeld å kjenne spelereglane viss ein skal lukkast i å få draumejobben. Det viktigaste er kanskje å bli klar over kva som ER draumejobben. Det vil seie at du må kjenne på kva som motiverer deg og får deg til å brenne. Kva må til for at du skal trivast i ein jobb og dermed bli skikka til å yte maksimalt? Og kva kan arbeidsgjevaren kome til å etterspørje av kompetanse og personlege eigenskapar? Denne boka har praktiske øvingar som motiverer deg og hjelper deg å reflektere kring dei viktige spørsmåla, og dessutan konkrete råd om skriving av søknad og CV.


Ung i jobb av Knut Solberg. Kaleidoskopet, 2005.

Denne boka er skriven for deg som er ny på arbeidsmarknaden. Den gjev hjelp til å finne sommarjobb, deltidsjobb og heiltidsjobb. Målet er at ditt fyrste møte med arbeidslivet skal bli ei positiv erfaring! Her finn du òg ei innføring i arbeidsmiljølova, lønsspørsmål og korleis ei arbeidsavtale bør sjå ut. Boka er skriven i samarbeid med LO-ungdom.




Jobbsøkerskolen av Knut Solberg. Kaleidoskopet, 2006.

Korleis gå fram i ein jobbsøkjarprosess? Her lærer du korleis du skriv søknad og set opp CV, og ikkje minst korleis du førebur deg til og kjem deg heilskinna gjennom eit intervju og den fyrste tida i ein ny jobb. Boka tek òg føre seg korleis ein finn fram til dei gode og interessante jobbane både i Noreg og utanlands.





Generasjon Facebook Eller: Da alle skulle bli noe med media
av Jon Niklas Rønning. Aschehoug 2009.

Satirisk bok som mellom anna drøftar kvifor så mange i dag drøymer om å syne seg fram og få eit namn -bli kjendis. Me har fleire valmoglegheiter enn nokon gong, og det kan bli vanskeleg å velje. Og kven skal velje dei lite glamorøse kvardagsjobbane når "alle" unge vil jobbe i reklamebyrå eller vere realitydeltakarar på heiltid? Forfattaren må kunne seiast å kjenne tematikken frå innsida, for han er sjølv ein fullbefaren mediemann, kjend frå duoen Bye & Rønning.




Til sist vil eg med denne videoen -som syner eit jobbintervju litt utanom det vanlege- få minne om eit springande punkt i ein jobbsøkjarsituasjon:

Det hjelper lite kor gode formelle kvalifikasjonar du har viss dei personlege eigenskapane ikkje stemmer med oppdragsgjevaren sine ynske! Og dei er ikkje jamt like lette å forutsjå...




Eit par referanseopplysningar kan vere på sin plass, sidan denne videoen trekkjer inn bøker og forfattarar som ikkje er like kjende som den gongen galningane i Monty Python laga sketsjen.
Last Exit to Brooklyn er ei bok skriven av Hubert Selby Jr i 1964. Boka blei rekna som obskøn med sine lausslupne skildringar av sex, narkotika og vald, og var dermed ikkje sjølvskriven i biblioteka.
Groupie er ei anna såkalla lettsindig bok skriven av Jenny Fabian og Johnny Byrne i 1969. Boka handlar om Jenny Fabians erotiske eskapadar saman med nokre av datidas meir eller mindre kjende rockestjerner og greidde sjokkere ein heil del, inkludert mange bibliotekarar. I sketsjen blir det òg referert til forfattaren Hank Janson (psevdonym for Stephen D. Frances) og det kontroversielle i å stille ut bøkene hans på opne hyller. Grunnen til dette var at bøkene var valdsspekka spaningsromanar som ikkje blei rekna for høgverdig litteratur, kanskje spesielt fordi bokomslaga var prydde av billig erotikk, med halvnakne, bundne og knebla blondiner og så bortetter.

Sketsjen eg syner her er henta frå fyrste sesongen av Monty Python's Flying Circus. På Tokke bibliotek kan du låne alle fire sesongane på DVD pluss to spelefilmar laga av same gjengen!


Så kan eg, heilt nedst her kor sikkert ingen les, kome med ei lita tilståing: Mine damer og herrar:
Eg er eigentleg ikkje ordentleg bibliotekdame. Eg er ein forkledd go... Nei, eg vågar ikkje fortelje det likevel. Fekk kalde labbar. Eg meiner føter.