Viser innlegg med etiketten Føysefjas. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Føysefjas. Vis alle innlegg

tirsdag 8. mars 2011

Disilen tute!! Dæven og klype!! Dærskøtten døtte!!

Kva seier du når du har sett fast tunga i vaffeljernet?
Og så attpåtil på same dag som du hadde seriøse planar om tungekyssing? No spørst det om du klarar å vere særleg velartikulert med nysteikt tunge, men truleg er det ein eller annan variant av banning som eksploderer i deg og vil ut, ut UUUUT!

Banning er ikkje lett å definere presist og korkje forskarar eller vanlege folk er einige om kor grensene går. Men generelt kan ein seie at kjensleutbrot ytra gjennom tabuord kan kallast banning. Og tabuord, det er ord me oppfattar som så støytande at dei gjerne fører til tilsnakk og fordøming frå omgjevnadene.
I dei fleste språk blir tabuorda henta frå områda religion, kroppslege avfallsprodukt, sjukdom, sex og kjønnsorgan.
Her er det neppe naudsynt å hente fram døme. Det har nok hjernen din alt sørgt for!

Grisete og stygg ordbruk er eldgamalt, ja mange tusen år. Kanskje har me banna like lenge som me har hatt språk? I alle fall kan ein finne både hieroglyfar og runeinnskrifter som inneheld oppsiktsvekkande saftige tabuord. Ein kan berre tenkje seg kor tilfredsstillande det må ha vore å kunne hakke ned noko djervt og rått på ein stein eller trepinne i ei tid der dei færraste kunne lese og skrive. Så kunne ein fryde seg over å ha sin eigen obskøne løyndom!
Truleg hadde den morbide lukkekjensla vore enno større om ein visste at forskarar skulle hente fram att kraftglosene hundre- og tusenvis av år seinare og raudne mildt bak briller og bartar..!

På denne runepinnen frå 1200-talet blir både det mannlege og kvinnelege kjønnsorganet nemnt i mindre høviske ordelag. For å få vete nøyaktig kva som står må du lese denne artikkelen.
  
Men kvifor bannar me?
Me kjenner bannelyst når me er sinte, frustrerte, redde, kjenner avsky eller smerte, vil avvise eller er overraska. Då kan eit usømeleg utrop ha ei forløysande, mest reinsande kraft. Banning kan òg nyttast som ein inkluderande gest i sosiale samanhengar, for å styrke gruppekjensla. Dei ein kan banne saman med er ein trygg på!

Når det gjeld banning grunna smerte har det faktisk blitt gjort vitskapelege forsøk som syner at det hjelper å ha ut av seg litt eiter og galle viss ein får akutt vondt ein stad! Me toler rett og slett pine og verk betre viss me får lov å banne, og den lindrande
effekten er til alt overmål høgare for kvinner enn menn. Det kunne vere noko å tenkje på for jordmora som nekta ei hardt prøva barselkvinne å banne på fødestova! (Og nok ein ting å ergre seg over for deg med vaffeljernet...!)

Som me har sett kan me fleire gonger dagleg kome opp i situasjonar der det kan vere aktuelt å banne. Og kva gjer me då? Nokre bannar og steikar over ein låg sko og trivast godt med det. Som denne nordlendingen som held på å forgå av raseri over ei vaskemaskin i ustand og ser ut til å ha større tru på bannskap enn verktøy. Andre synest bannskap er ufint og vitnar om mangel på danning.
Så har ein dei som er opptekne av religiøse verdiar og meiner banning er syndig eller fortel om låg respekt for det heilage. Eit humoristisk portrett av to slike antibannarar ser du i denne urkomiske sketsjen med Bård og Harald. (NRK Nett-TV har diverre vore litt ustabil -prøv igjen!)

Mange synest òg at banning er eit teikn på skralt ordforråd. Men til dei sistnemnde kan ein innvende at ein finn eit rikt og frodig tilfang av banneord om ein berre leitar litt i tradisjonen og dialektane.
Banneord kan vere både kreative og språkleg avanserte og treng ikkje byrje på f..., h... eller p...! 
Dette kan du lese meir om her.

Trulegvis kjenner dei fleste menneske trong til å seie noko kraftfullt i pressa situasjonar. Difor finst det blant bannemotstandarar ord og uttrykk å gripe til som liknar på banning eller i det minste fyller nokolunde same funksjon som banneorda, men som ikkje er stygge og støytande. Dette språklege fenomenet kallast nestenbanning. Døme på slike ord og uttrykk vil du etterkvart finne presenterte under etiketten Raritetskabinettet, men her er ein liten smakebit:

Død og høne! Du store alpakka! Helledussen! Gurimalla! Søren tute!
Katta klore! Dullan dæsjen! Farsken tute! Piskadausen! Herliga London!


(Truleg er det noko slikt han seier, denne stakkars karen som nett har oppdaga at han har gløymt å ta på seg skjorte for femte gong denne veka. Sjølv om han hadde skrive lapp og lagt i brystlomma og alt.)
Ingrid Kristine Hasund er språkforskar ved Universitetet i Agder, og ho har interessert seg spesielt for nestenbanninga og samla inn mange døme. Funna hennar er presenterte i boka Fy farao! Om nestenbanning og andre kraftuttrykk som du sjølvsagt kan låne på Tokke bibliotek. Men viss du fylgjer med vidare her i Leselampa vil du òg kunne lese meir om emnet når det lir på litt!

Det satiriske tungmetallbandet Black Debbath er ein annan aktør i ordskiftet om tabuord i språket. 
I denne hardtslåande songen kan du sjå og høyre deira innspel! Og kanskje plukke opp ein og annan idé til variasjon i eige kraftuttrykkrepertoar?


Vil du høyre meir Black Debbath kan du låne plata deira Naar vi døde rocker på Tokke bibliotek. Dette er noko så sjølvsagt som ein tungrockhyllest til Henrik Ibsen! Eg lèt desse samfunnsengasjerte gutane si poetiske skildring av tabuord runde av kalaset:


Tabuord gjør deg utilpass og brydd.

Ja, småfrekke fraser og ord,

en fresk metafor.

Tabuord gjør deg tumelumsk.

En sjofel, frodig og munter gjest,

forbuden frukt smaker best.


Kva seier DU når det kokar over for deg? For éin gongs skuld opnar Leselampa for banning i kommentarfeltet, men dei sintaste oppmodast til å tenkje seg om og fyrst sjå om det ikkje finst eit nestenbanneord som gjer same nytta!



Under etiketten Raritetskabinettet tek eg føre meg ord og uttrykk som av meir eller mindre forståelege grunnar har hamna i den språklege bakevja.

Det kan vere ord som syner til eit utdatert fenomen, har ein framand og gamalvoren klang eller på andre vis fell såpass utanfor den språklege hovudstraumen at ein må kunne kalle dei utryddingstruga. Det kan òg vere slangord og -uttrykk som skildrar kjende fenomen på ein kreativ måte. Nokre gonger for å tåkeleggje eller forskjønne, andre gonger for å gje ein tøff, humoristisk eller nedsetjande valør. Banning, nestenbanning og kraftuttrykk høyrer og heime under denne etiketten, likeins med lokale, dialektprega ord og uttrykk. Men felles for alle orda som blir presenterte i Raritetskabinettet er at dei er treffande og dermed fortener å bli minna om!

Meiningsløysa aukar der synonyma tryt!*

*Mottoet for denne etiketten, fritt etter Arne Berggren sitt føreord til fyrste utgåva av Utryddingstruede ord av Astrid Skår, bind 1.

fredag 3. desember 2010

"Berre prøv dykk, gutar!" -Nynorsk dreg meir damer!

Lurar du på kvifor du jamt har eit kobbel kvinnfolk som klamrar seg til deg når du syner deg blant bokmålsbrukarar? Are Kalvø har forklaringa: Nynorskfolk og dialektbrukarar har til alle tider gjort det skarpt blant damene. Ja, blant begge kjønn, faktisk. Så skarpt at dei eigentleg berre kan halde kjeft og gjere ingenting, men likevel bli oppfatta som eksotiske, kloke og mandige. Høyr dette kåseriet og bli meir medviten om ditt sterkaste kort i det skumle, sosiale spelet der ute! Men OBS! Kalvø er på ingen måte partisk og åtvarar òg om fallgruvene! Så spiss øyro!




Som du skjønar er Kalvø ein vismann det kan vere nyttig å lytte til for den som vil fram i verda.
Fekk du lyst til å lese meir av herren kan ditt lokale bibliotek garantert hjelpe deg!
Her ser du nokre av bøkene hans:

Men fjernkontrollen min får du aldri. (1997)
Kalvø undersøkjer mediebransjen grundig. Mellom anna avslører han avsløringsjournalistikken og testar forbrukartestane. Eigen såpeopera har han òg.
Ein annan humorist, Knut Nærum, har illustrert boka med teikneseriar.
Syden. (2002) Are Kalvø har vore på oppdagingsferd i dette mystiske landet "Syden" som ingen riktig veit kor er. Etter djuptgåande granskingar kan Kalvø no slå fast at "det er ein annan plass." Pluss at ein finn ting som parasolldrinkar og grisefestar der. Og at tida står heilt, heilt stille. Same kor mykje raudvin ein drikk. Midt på dagen. Lydbok.

Harry. (1999) Dette er boka for deg som vil bli ein betre og meir sjølvmedviten Harry. Og for deg som vil vete kven han Harry er. Kalvø gjev deg harryens historie og eit oversyn over ulike harrykategoriar og harryaktivitetar. Kanskje vil du etter å ha lese boka bli overraska over kor mykje som eigentleg er harry utan at du visste det. Best å sjekke då, kanskje. 
Kunsten å vere neger. (2000) Typisk Kalvøsk satirebok om gjensidig framandfrykt mellom etniske nordmenn og nye landsmenn. Kalvø gjev mellom anna råd om korleis innvandrarar i Noreg bør te seg for ikkje å skremme eller skuffe oss som var her frå før. Samstundas åtvarar han dei fyrstnemnde om særdrag ved oss som dei bør vere obs på. Med boka kjem ein CD med songar som handlar om framandkulturelle.
                     
Nød. (2004) Dette er Are Kalvø si fyrste skjønnlitterære bok. Boka er skriven i ein lett, underhaldande stil, men i botnen ligg alvorlege tema som bistand og urettvis fordeling av ressursar.

søndag 28. november 2010

Skjønar du ikkje bokmål? Hjelpa er nær!

Me som bur langt uti avkrokane av det gudsforlatne nynorsklandet kan av og til ha problem med å skjøne språket dei driv og snakkar i meir sentrale strok. Det er ikkje så reint få som har snudd ved bomringen kring Oslo fordi dei ikkje har begripe eit kraks av kråkemålet som står overalt på skilta der inne. Av og til kan det likevel vere kjekt med ein bytur, og det er jo synd om språkproblem skal hindre oss i å ferdast fritt.
Difor får me her ein film med døme på korleis bokmål skal tolkast. Fylg nøye med, og ta gjerne notat!



Vågar du deg framleis ikkje på bytur? Det er inga skam å sjå filmen om att!

PS: Gratis bokmålsordbok til den som finn flest feil!!!

fredag 12. november 2010

Bibliotekbruk for dummies! (1)

Me har tidlegare her i Leselampa gjeve ei innføring i grunnleggjande bokbruk. Men kva hjelper det å vete korleis du les ei bok, viss du ikkje har ei bok? Dette kan vere eit problem fleire slit med. Difor skal me i dag sjå på korleis ein skaffar seg ei bok ved å oppsøkje eit bibliotek. Ikkje alle er like vane med å bruke biblioteket, difor har Statens informasjonssentral for enkel framfinning i norske bibliotek, filmavsnittet, produsert ein flunka ny instruksjonsfilm med skodespelarar frå øvste hylle. Ser du denne får du vete alt du treng for å bli bibliotekbrukar!



Som filmen no har avslørt er framgangsmåten for boklån på biblioteket såre enkel:
1. Finn biblioteket.
2. Finn ein som jobbar der.
3. Fortel kva du er interessert i.
4. Vent.
5. Ta i mot boka.
6. LES!

For nokon kan punkt 2 kanskje verke som det vanskelegaste.
For korleis veit ein kven som jobbar der og kven som berre er der? I gamle dagar heitte det seg at alle som jobba på bibliotek var damer, og dei såg utan unnatak ut som på biletet til høgre. Altså hadde dei briller og hårtopp. Men dette er både passé og klisjé. Vel, kanskje kan det framleis vere ei og anna attergløyme inst i ein fjord eller djupt i ein dal som har desse attributtane, men desse eksemplara er så sjeldsynte at ein like godt kan sjå bort frå dei. Som den brennferske filmen ovanfor syner, er det tre kjenneteikn som gjeld for moderne bibliotekarar:
Lagerfrakk, lagerfrakk, lagerfrakk! Så, punkt to kan utvidast med fylgjande spesifisering: Sjå etter personen med lagerfrakk!


Spøk til side: Å bruke biblioteket er noko av det enklaste som finst! Du treng ikkje ein gong å finne det!
Du veit vel at du kan søkje i mediebasen til alle biblioteka i Vest-Telemark ved å gå inn på www.aleph.no/vest-telemark?

Uansett: Du er hjarteleg velkomen innom, så hjelper me deg så godt me kan!


torsdag 4. november 2010

Bokbruk for dummies!

Her er ein artig film som syner eit hardt møte med nytt brukargrensesnitt... -Ein gong var boka òg ny teknologi! Men det er ingen fare med den som har vit på å spørje seg for! Det kan vere greitt å hugse for den som skal gje seg i kast med noko nytt og ukjend. Kva med å prøve ein heilt ny type bok i dag?



Og hugs: på biblioteket er ingen spørsmål for dumme! Sjølv blei eg ein gong kontakta av ein lånar som var på leiting etter ei bok ho hadde lånt før. Ho kunne ikkje hugse kva boka eller forfattaren heitte, og dei einaste opplysningane ho hadde var fylgjande: boka var raud og stod på ei hylle! -Me fann boka!

torsdag 26. august 2010

Det er boka mi!

Her kjem ein opplysande, bokrelatert film med to galne gutar: