Viser innlegg med etiketten Smågodt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Smågodt. Vis alle innlegg

tirsdag 8. mars 2011

Disilen tute!! Dæven og klype!! Dærskøtten døtte!!

Kva seier du når du har sett fast tunga i vaffeljernet?
Og så attpåtil på same dag som du hadde seriøse planar om tungekyssing? No spørst det om du klarar å vere særleg velartikulert med nysteikt tunge, men truleg er det ein eller annan variant av banning som eksploderer i deg og vil ut, ut UUUUT!

Banning er ikkje lett å definere presist og korkje forskarar eller vanlege folk er einige om kor grensene går. Men generelt kan ein seie at kjensleutbrot ytra gjennom tabuord kan kallast banning. Og tabuord, det er ord me oppfattar som så støytande at dei gjerne fører til tilsnakk og fordøming frå omgjevnadene.
I dei fleste språk blir tabuorda henta frå områda religion, kroppslege avfallsprodukt, sjukdom, sex og kjønnsorgan.
Her er det neppe naudsynt å hente fram døme. Det har nok hjernen din alt sørgt for!

Grisete og stygg ordbruk er eldgamalt, ja mange tusen år. Kanskje har me banna like lenge som me har hatt språk? I alle fall kan ein finne både hieroglyfar og runeinnskrifter som inneheld oppsiktsvekkande saftige tabuord. Ein kan berre tenkje seg kor tilfredsstillande det må ha vore å kunne hakke ned noko djervt og rått på ein stein eller trepinne i ei tid der dei færraste kunne lese og skrive. Så kunne ein fryde seg over å ha sin eigen obskøne løyndom!
Truleg hadde den morbide lukkekjensla vore enno større om ein visste at forskarar skulle hente fram att kraftglosene hundre- og tusenvis av år seinare og raudne mildt bak briller og bartar..!

På denne runepinnen frå 1200-talet blir både det mannlege og kvinnelege kjønnsorganet nemnt i mindre høviske ordelag. For å få vete nøyaktig kva som står må du lese denne artikkelen.
  
Men kvifor bannar me?
Me kjenner bannelyst når me er sinte, frustrerte, redde, kjenner avsky eller smerte, vil avvise eller er overraska. Då kan eit usømeleg utrop ha ei forløysande, mest reinsande kraft. Banning kan òg nyttast som ein inkluderande gest i sosiale samanhengar, for å styrke gruppekjensla. Dei ein kan banne saman med er ein trygg på!

Når det gjeld banning grunna smerte har det faktisk blitt gjort vitskapelege forsøk som syner at det hjelper å ha ut av seg litt eiter og galle viss ein får akutt vondt ein stad! Me toler rett og slett pine og verk betre viss me får lov å banne, og den lindrande
effekten er til alt overmål høgare for kvinner enn menn. Det kunne vere noko å tenkje på for jordmora som nekta ei hardt prøva barselkvinne å banne på fødestova! (Og nok ein ting å ergre seg over for deg med vaffeljernet...!)

Som me har sett kan me fleire gonger dagleg kome opp i situasjonar der det kan vere aktuelt å banne. Og kva gjer me då? Nokre bannar og steikar over ein låg sko og trivast godt med det. Som denne nordlendingen som held på å forgå av raseri over ei vaskemaskin i ustand og ser ut til å ha større tru på bannskap enn verktøy. Andre synest bannskap er ufint og vitnar om mangel på danning.
Så har ein dei som er opptekne av religiøse verdiar og meiner banning er syndig eller fortel om låg respekt for det heilage. Eit humoristisk portrett av to slike antibannarar ser du i denne urkomiske sketsjen med Bård og Harald. (NRK Nett-TV har diverre vore litt ustabil -prøv igjen!)

Mange synest òg at banning er eit teikn på skralt ordforråd. Men til dei sistnemnde kan ein innvende at ein finn eit rikt og frodig tilfang av banneord om ein berre leitar litt i tradisjonen og dialektane.
Banneord kan vere både kreative og språkleg avanserte og treng ikkje byrje på f..., h... eller p...! 
Dette kan du lese meir om her.

Trulegvis kjenner dei fleste menneske trong til å seie noko kraftfullt i pressa situasjonar. Difor finst det blant bannemotstandarar ord og uttrykk å gripe til som liknar på banning eller i det minste fyller nokolunde same funksjon som banneorda, men som ikkje er stygge og støytande. Dette språklege fenomenet kallast nestenbanning. Døme på slike ord og uttrykk vil du etterkvart finne presenterte under etiketten Raritetskabinettet, men her er ein liten smakebit:

Død og høne! Du store alpakka! Helledussen! Gurimalla! Søren tute!
Katta klore! Dullan dæsjen! Farsken tute! Piskadausen! Herliga London!


(Truleg er det noko slikt han seier, denne stakkars karen som nett har oppdaga at han har gløymt å ta på seg skjorte for femte gong denne veka. Sjølv om han hadde skrive lapp og lagt i brystlomma og alt.)
Ingrid Kristine Hasund er språkforskar ved Universitetet i Agder, og ho har interessert seg spesielt for nestenbanninga og samla inn mange døme. Funna hennar er presenterte i boka Fy farao! Om nestenbanning og andre kraftuttrykk som du sjølvsagt kan låne på Tokke bibliotek. Men viss du fylgjer med vidare her i Leselampa vil du òg kunne lese meir om emnet når det lir på litt!

Det satiriske tungmetallbandet Black Debbath er ein annan aktør i ordskiftet om tabuord i språket. 
I denne hardtslåande songen kan du sjå og høyre deira innspel! Og kanskje plukke opp ein og annan idé til variasjon i eige kraftuttrykkrepertoar?


Vil du høyre meir Black Debbath kan du låne plata deira Naar vi døde rocker på Tokke bibliotek. Dette er noko så sjølvsagt som ein tungrockhyllest til Henrik Ibsen! Eg lèt desse samfunnsengasjerte gutane si poetiske skildring av tabuord runde av kalaset:


Tabuord gjør deg utilpass og brydd.

Ja, småfrekke fraser og ord,

en fresk metafor.

Tabuord gjør deg tumelumsk.

En sjofel, frodig og munter gjest,

forbuden frukt smaker best.


Kva seier DU når det kokar over for deg? For éin gongs skuld opnar Leselampa for banning i kommentarfeltet, men dei sintaste oppmodast til å tenkje seg om og fyrst sjå om det ikkje finst eit nestenbanneord som gjer same nytta!



Under etiketten Raritetskabinettet tek eg føre meg ord og uttrykk som av meir eller mindre forståelege grunnar har hamna i den språklege bakevja.

Det kan vere ord som syner til eit utdatert fenomen, har ein framand og gamalvoren klang eller på andre vis fell såpass utanfor den språklege hovudstraumen at ein må kunne kalle dei utryddingstruga. Det kan òg vere slangord og -uttrykk som skildrar kjende fenomen på ein kreativ måte. Nokre gonger for å tåkeleggje eller forskjønne, andre gonger for å gje ein tøff, humoristisk eller nedsetjande valør. Banning, nestenbanning og kraftuttrykk høyrer og heime under denne etiketten, likeins med lokale, dialektprega ord og uttrykk. Men felles for alle orda som blir presenterte i Raritetskabinettet er at dei er treffande og dermed fortener å bli minna om!

Meiningsløysa aukar der synonyma tryt!*

*Mottoet for denne etiketten, fritt etter Arne Berggren sitt føreord til fyrste utgåva av Utryddingstruede ord av Astrid Skår, bind 1.

tirsdag 1. februar 2011

Kva skal du bli? Kva med bibliotekar? Eller gorilla?

I høve årets yrkesmesseVest-Telemark vidaregåande skule vil Leselampa bidra med litt stoff om karriereval generelt og jobbsøking spesielt.

Arbeidsmarknaden er ein stad der det gjeld å koble rett arbeidsgjevar med rett arbeidstakar og omvendt. Moglegheitene er uendelege! Men det er ikkje jamt like enkelt å gjere dei gode koblingane. Mellom anna fordi mange ikkje heilt veit kva dei ynskjer. Og nokre har urealistiske forventningar til arbeidslivet. Men heldigvis har me alle lov å velje feil! Og livet byr stadig på nye sjansar for den som er vaken, nyfiken og svolten!

Leselampa ynskjer lukke til med Yrkesmessa og med framtida!


Her kjem tips om bøker som kan hjelpe deg med vegvalet. Alle bøkene kan lånast på Tokke bibliotek, men eit par av dei må me få nokre dagar på å skaffe på fjernlån.

Noe med media av Sigrid Bonde Tusvik. Kagge, 2008.

For mange freistar det med ei karriere innanfor mediebransjen.
Sigrid Bonde Tusvik er komikar og sjølv godt kjend i irrgangane i norsk medieliv.
Her kjem ho med ei lita "reisehandbok" for deg som tenkjer deg i den retninga.
I boka har ho intervjua folk som har arbeidet sitt både framfor og bak kamera.
Dei fortel om positive og negative utfordringar med jobben og ikkje minst korleis dei fekk han.



Slik får du den jobben du vil ha...med Askeladdmetoden 
av Terje Eid og Gunn Alme. Orion, 2007.

Her er ei bok som gjennom konkrete døme og råd syner deg korleis du kan få oppfylt framtidsdraumen din på arbeidsmarknaden. Forfattarane er opptekne av at du må finne og fortelje dei gode historiene om deg sjølv. Det gjeld å bli medviten om eigne ressursar og fortrinn og deretter klare å nytte innsikta til å kome dit du vil i arbeidslivet. -Og trivast der!




Få jobben du ønsker deg av Anna Ekholm og Åsa Kull. Gyldendal akademisk, 2006.

Arbeidsmarknaden kan vere ein krevjande stad, og det gjeld å kjenne spelereglane viss ein skal lukkast i å få draumejobben. Det viktigaste er kanskje å bli klar over kva som ER draumejobben. Det vil seie at du må kjenne på kva som motiverer deg og får deg til å brenne. Kva må til for at du skal trivast i ein jobb og dermed bli skikka til å yte maksimalt? Og kva kan arbeidsgjevaren kome til å etterspørje av kompetanse og personlege eigenskapar? Denne boka har praktiske øvingar som motiverer deg og hjelper deg å reflektere kring dei viktige spørsmåla, og dessutan konkrete råd om skriving av søknad og CV.


Ung i jobb av Knut Solberg. Kaleidoskopet, 2005.

Denne boka er skriven for deg som er ny på arbeidsmarknaden. Den gjev hjelp til å finne sommarjobb, deltidsjobb og heiltidsjobb. Målet er at ditt fyrste møte med arbeidslivet skal bli ei positiv erfaring! Her finn du òg ei innføring i arbeidsmiljølova, lønsspørsmål og korleis ei arbeidsavtale bør sjå ut. Boka er skriven i samarbeid med LO-ungdom.




Jobbsøkerskolen av Knut Solberg. Kaleidoskopet, 2006.

Korleis gå fram i ein jobbsøkjarprosess? Her lærer du korleis du skriv søknad og set opp CV, og ikkje minst korleis du førebur deg til og kjem deg heilskinna gjennom eit intervju og den fyrste tida i ein ny jobb. Boka tek òg føre seg korleis ein finn fram til dei gode og interessante jobbane både i Noreg og utanlands.





Generasjon Facebook Eller: Da alle skulle bli noe med media
av Jon Niklas Rønning. Aschehoug 2009.

Satirisk bok som mellom anna drøftar kvifor så mange i dag drøymer om å syne seg fram og få eit namn -bli kjendis. Me har fleire valmoglegheiter enn nokon gong, og det kan bli vanskeleg å velje. Og kven skal velje dei lite glamorøse kvardagsjobbane når "alle" unge vil jobbe i reklamebyrå eller vere realitydeltakarar på heiltid? Forfattaren må kunne seiast å kjenne tematikken frå innsida, for han er sjølv ein fullbefaren mediemann, kjend frå duoen Bye & Rønning.




Til sist vil eg med denne videoen -som syner eit jobbintervju litt utanom det vanlege- få minne om eit springande punkt i ein jobbsøkjarsituasjon:

Det hjelper lite kor gode formelle kvalifikasjonar du har viss dei personlege eigenskapane ikkje stemmer med oppdragsgjevaren sine ynske! Og dei er ikkje jamt like lette å forutsjå...




Eit par referanseopplysningar kan vere på sin plass, sidan denne videoen trekkjer inn bøker og forfattarar som ikkje er like kjende som den gongen galningane i Monty Python laga sketsjen.
Last Exit to Brooklyn er ei bok skriven av Hubert Selby Jr i 1964. Boka blei rekna som obskøn med sine lausslupne skildringar av sex, narkotika og vald, og var dermed ikkje sjølvskriven i biblioteka.
Groupie er ei anna såkalla lettsindig bok skriven av Jenny Fabian og Johnny Byrne i 1969. Boka handlar om Jenny Fabians erotiske eskapadar saman med nokre av datidas meir eller mindre kjende rockestjerner og greidde sjokkere ein heil del, inkludert mange bibliotekarar. I sketsjen blir det òg referert til forfattaren Hank Janson (psevdonym for Stephen D. Frances) og det kontroversielle i å stille ut bøkene hans på opne hyller. Grunnen til dette var at bøkene var valdsspekka spaningsromanar som ikkje blei rekna for høgverdig litteratur, kanskje spesielt fordi bokomslaga var prydde av billig erotikk, med halvnakne, bundne og knebla blondiner og så bortetter.

Sketsjen eg syner her er henta frå fyrste sesongen av Monty Python's Flying Circus. På Tokke bibliotek kan du låne alle fire sesongane på DVD pluss to spelefilmar laga av same gjengen!


Så kan eg, heilt nedst her kor sikkert ingen les, kome med ei lita tilståing: Mine damer og herrar:
Eg er eigentleg ikkje ordentleg bibliotekdame. Eg er ein forkledd go... Nei, eg vågar ikkje fortelje det likevel. Fekk kalde labbar. Eg meiner føter.

søndag 30. januar 2011

Ikkje forstyrr! Eg les bok! (Prøvar i alle fall...)

Og no meiner eg ikkje Facebook.
Eg meiner ei ekte bok, ei sånn av papir du veit.

Er du kanskje ei av dei mange fortvila sjelene som aldri synest du får tid til å slappe av med godt lesestoff?
Som er forfylgt av små og store søsken, foreldre, kjæledyr, kjærastar, lærarar, fotballtrenarar, vener, uvener, bestemødrer og grandtanter som masar og gneg og alle vil ha ein bit av deg? På telefon, tjatr (chat), på e-post og i eigen, skjønne person? Og då sjølvsagt nett når du er på veg inn i ditt fredelege, vesle univers med ei forlokkande bok under armen! Ei du lenge har hatt lyst til å lese!
Ein kan bli grrrrrøn og gaaaaalen!!

I ein travel kvardag kan det vere langt mellom dei stille stundene der ein kan vere åleine med eigne tankar og sysler. Av og til kjennest det som om verda veltar inn over ein same kva ein gjer og kor ein gøymer seg. Me skulle alle ha eit lite tilfluktsrom som berre me kjenner til...

-Der me kan lese boka vår i fred!

Julian Smith har forståing for denne problematikken. Faktisk har han blitt så gram i hu over alle som forstyrrar dei boklege hyrdestundene hans at han har laga ein slem musikkvideo for å få ut frustrasjonen!
Sjølv synest eg bibliotekscena er andelaust spanande. Og musikken tek seg kraftig opp dei siste 20 sekunda!



Lurar på kva det er for ei lydbok han høyrer på i øyretelefonene sine? Kva trur du?

Forresten lyt eg skunde meg å skyte inn ei lita åtvaring. For kva er det eg ser og høyrer? Han berre TEK bøkene frå biblioteket utan å betale for dei, seier han! No kostar det heldigvis ikkje noko å låne bøker i Noreg, men det han tillèt seg å gjere skulle vel tilsvare at du henta deg bøker på biblioteket utan å registrere låna! Berre tanken på slik ureglementert åtferd er nok til å gje ein gjennomsnittleg bibliotekar hjarteflimmer og pustevanskar. Så her er det på sin plass å seie fylgjande:

Don't try this at your local library!!

Same karen har forresten òg nokre meiningar om Facebook han har lyst til å dele med deg.
Ja, faktisk 25 ting han hatar! Nokon som kjenner seg att? Eller kjenner att nokon ein kjenner...?

Foto: Nina Rangøy.

mandag 17. januar 2011

Innhaldsdeklamasjon!

Innhaldsdeklamasjon? Du trur eg blingsar no, kva?
-At eg meiner innhaldsdeklarasjon, som er ei forteikning over kva ei vare inneheld av ingrediensar? Nei, eg meiner deklamasjon.

Og å deklamere, det vil seie å tale høgttravande og svulstig om eit tema, viss me skal tru ordboka på nett.

Og det er det eg har planar om å gjere no.
Eg skal tale litt høgttravande og svulstig om innhald.

Dette har lege meg på hjarta heilt sidan eg tok føre meg bokhyller i alle format, vinklar og vridningar i denne bloggposten. Etter å ha fokusert såpass mykje på staffasjen som omgjev bøkene syntest eg det var på tide å minne om at det einaste som verkeleg betyr noko ved ei bok er...det som faktisk står i ho.

Og kven er det som avgjer om det som står i ei bok er bra, interessant, viktig eller verdifullt?
Jo, det er det du som gjer. Ikkje lat nokon lure deg til å tru noko anna.

Det er nok av dei som prøvar å bestemme over meininga di: Bokmeldarane, bokklubbane, bokhandlane, reklamen, læraren din, bibliotekaren din, venene dine, foreldra dine...alle skal dei ha eit ord med i laget. Denne boka er bra og denne er dårleg! Berre så du veit det! Men skal ein stole på alle desse skrikhalsane?

Til dømes har du heilt sikkert lese utanpå ei bok at ein eller annan kjendis nærast garanterer for at du ikkje vil greie å leggje ho frå deg, at det er den mest fantastiske boka som nokon gong er skriven, at ho kjem til å forandre livet ditt? Og ikkje minst at ho høyrer heime i alle bokhyller med respekt for seg sjølv?

Og omslaget er kanskje både glansa og glorete, med gilde bilete og innsmigrande fargebruk. Ein designar har tydelegvis fått godt betalt frå forlaget for at du skal få lyst til å lese denne boka.

 Men det er noko som heiter at jo meir på utstilling, jo mindre på lager.

For kanskje les du boka, grundig og godt til og med. Men same kor hardt du prøvar gjev ho deg ingenting. Jo, det var kanskje ei heilt grei historie, kanskje litt spanande til og med, men...

Noko vidare var det ikkje. Stutt tid etter boka er klappa igjen er ho gløymt. Og viss nokon spør deg seinare om du har lese boka er du kanskje ikkje sikker.

Du hugsar i alle fall ikkje kva ho handla om.


Var det så ei dårleg bok? Nei, det var det kanskje ikkje. Men det var ikkje ei bok for deg. Ikkje no.
Kanskje vil det aldri bli ei bok for deg. Men for nokon andre?

Det er det som er så flott: Det finst ei bok for alle! Og det finst ei bok for deg!
-Den som gjer inntrykk og grip deg, den som røskar og riv i deg. Den som får deg til å skratte høgt og gråte sårt. Grøsse og gremmast. Den du drøymer om etterpå, den du føler du har budd i, og som bur i deg.
Den som gjev deg ei kjensle av å ha fått ein ny ven. Som aldri vil gå i frå deg!

Ingen kan fortelje deg kor denne boka finst.
Du kan få hjelp til å leite, men du må vere litt på vakt og på jakt sjølv. Snuse og snoke og ha augo opne.

Og ein dag vil du finne ho, boka som inneheld ein skatt av ord og bokstavar som treffer nett deg midt i nervesenteret! Kanskje er ho gamal, kanskje er ho ny. Kanskje ser ho grå og kjedeleg ut på utsida. Kanskje har ingen kjendisar skrive utanpå at ho er bra. Kanskje har nokon til og med sagt at ho er elendig. Kanskje har ikkje læraren din høyrt om ho. Kanskje er du den fyrste som låner ho på biblioteket. Men den einaste som veit at dette er beste boka i verda.

Og kan hende vil du ikkje fortelje om ho til nokon, men ha ho heilt for deg sjølv.

Men då veit du det! -Kva som er ei god bok for deg!


Me er foreinte i lengt etter bøkenes innside.*



*Fritt etter Agnar Mykle. Sangen om den røde rubin. (1956.)

onsdag 12. januar 2011

Ut på litteraTUR! Les deg løypelangs med lydbøker!

No er det fyrsteklasses skiføre kor du enn snur deg, og moglegheitene for å oppleve naturen frå si beste side er på topp! Ja, ikkje berre naturen, men litteraturen òg!

For har du tenkt på at du kan kombinere stakinga og skøytinga med flotte, intense leseopplevingar?

Med dei siste tekniske nyvinningane er det ei smal sak å lese bok og gå på ski samstundes. Vinters dag er det heller ikkje så mykje fuglesong å gå glipp av der ute i dei djupe skogane, så kvifor ikkje ta med seg ei lydbok på øyret?

Då kan du late kriminalmysteria drive deg oppover dei verste bakkane, eller sitre av dobbel fryd når dei lengtande endeleg får kvarandre i det du rutsjar utfor bratthenget! Flott, ikkje sant? Det finst fleire måtar å få til dette på.
Og biblioteket ditt kan hjelpe deg!


Lydbøkene på CD kjenner vel dei fleste til, men på skitur er digiboka eit hendigare format. Digiboka er lydbok og spelar i eitt, og teknologien er faktisk utvikla i Noreg. Spelaren har storleik om lag som ein mobiltelefon. Han inneheld ei eller fleire bøker, og lydkvaliteten er god. To batteri og øyretelefonar er alt du treng i tillegg for å lese, og spelaren har ei kjekk reim til å hengje om halsen.

Du kan navigere mellom kapitla i boka omtrent som på ein vanleg mp3-spelar. Du kan setje på pause og enkelt spole fram og attende. Og viss du stoppar spelaren er du alltid på same stad i boka som sist når du startar opp att.
Faktisk kan du òg velje farten på avspelinga. På den vesle skjermen ser du til kvar tid kor mykje som står att av kvart kapittel, og av boka. Enkelt og kjekt! 

Her ser du digibøkene du kan få låne på Tokke bibliotek! Det kjem stadig inn nytt, så fylg med! Og me tek gjerne i mot ynske om innkjøp av spesielle titlar! Me vil gjerne kunne tilby det du er interessert i!
 
Den siste tida har Tokke bibliotek òg kjøpt inn nokre digispelarar og lydbøker på digikort. Dette formatet er ei vidareutvikling av digiboka. Med digispelar og digikort er innhald og spelar uavhengige av kvarandre. Du treng altså ikkje ein eigen spelar til kvar bok, slik du gjer med den vanlege digiboka. Du berre festar digikortet på spelaren som ei magnetbrikke og lyttar i veg! Digispelaren har òg innebygd FM-radio. Ein annan fordel er at han er oppladbar, så du treng ikkje fikle med batteri. 
Bruksmåten er elles den same som for digiboka, med nokre tilleggsfunksjonar. Til dømes kan du leggje inn bokmerke, veksle mellom ulike kort og såleis lese fleire bøker på same tid.

Førebels er tilfanget av digispelarar og digikort sparsamt på biblioteket, men det kjem til å auke kraftig framover! Og dei titlane me har er både gode og høgaktuelle! Du kan sjølvsagt òg låne berre digikort og bruke på din eigen spelar viss du har det. Kom innom og spør, me ventar på deg!

Og veit du kva?

Mange som aldri har lika å lese har lagt sin elsk på digiboka og digikortspelaren, nettopp fordi dei er så greie å ha med seg på tur og er så lette å bruke! Så prøv du òg!

Men uansett kva format du veljer på skiturboka di er det lurt å hugse på fylgjande: Pass på volumet i elg- og folksame strok, så du ikkje blir nedrent av ein du ikkje såg, men kanskje burde ha høyrt...

Leselampa ynskjer god litteraTUR innetter vintereventyret!


PS: Som mange sikkert veit kan ein òg kjøpe mp3-filer med lydbøker for nedlasting og spele av desse på vanlege mp3-spelarar, men dette er ikkje ei teneste Tokke bibliotek tilbyr. Her syner eg til dei ulike salskanalane på nettet.

onsdag 24. november 2010

Grev du gull på nettet? Då treng du ein Detektor!

Søkjeverktøyet Detektor kan vere kjekt å kjenne til for skuleelevar som jobbar med oppgåver! For som dei fleste veit kan ein finne svar på mangt og mykje ute på det uendelege nettet, men det er ikkje alle svara som er like gode eller like mykje til å stole på. Kjeldekritikk blir viktigare jo meir stoff ein har til rådigheit, men sit ein der med femti tusen treff kan sjølv den mest standhaftige miste motet...


Då er det jammen godt å vete at nokon har gått i førevegen og gjort grovarbeidet!

Detektor emneportal er ei teneste som er utvikla og driven av Deichmanske bibliotek i Oslo.
Teamet som driv tenesta samlar og kvalitetsvurderer nettstader som kan vere aktuelle for skuleelevar, lærarar og andre interesserte som søkjer truverdig kunnskap innanfor ulike fagområde i samband med oppgåveskriving og prosjektarbeid.

Sidene som slepp gjennom nålauget har blitt vurderte med vekt på fylgjande punkt:

  • Informasjonen skal vere påliteleg og sakleg
  • Sidene skal vere oppdaterte
  • Det skal vere gratis å bruke dei
  • Innhaldet skal ikkje vere i strid med norsk lov
  • Det skal vere tydeleg kven som står bak informasjonen
  • Sidene skal vere brukarvenlege og ryddige
  • Sidene skal helst ikkje vere skjemma av reklame
  • Stoff publisert av offentlege instansar blir prioritert
  • Sider på norsk får forrang  

Døme på emne du kan søkje innanfor:

Biografi, Data, Filosofi, Fritid, Geografi, Historie, Kunst, Leksikon, Litteratur, Medisin, Miljøvern, Musikk, Ordlister, Psykologi, Realfag, Religion, Samfunnsvitskap, Språk og skrift, Spørjesider, Statistikk, Utdanning

Det beste er: Det er enkelt å bruke tenesta! Du kan søkje på fleire forskjellige måtar, enkelt og avansert, og ikkje minst velje kor djupt du vil gå.
Søk med Detektor neste gong!

mandag 22. november 2010

I beit for ei bok? Prøv Ønskebok.no!

Tenk: Verda er full av hemmelege bøker du aldri har høyrt om! Dette kan vere høgst ufortent, for mange rommar dei mest vedunderlege historier! Lyst til å oppdage nokre av dei?

På Ønskebok.no kan du finne bøker på ein heilt ny måte.
Du treng ikkje vete korkje forfattarnamn eller boktittel.
Du treng ikkje ein gong vete kva du har lyst til å lese!
Veit du ikkje om du har lyst til å lese i det heile, seier du?
Vel, det kjem du til å få så snart du har prøva dette fantastiske søkjeverktøyet!

Å bruke Ønskebok.no er lett som ein leik, samstundes som tenesta er avansert og gjev mange moglegheiter!


Du kan til dømes taste inn at du ynskjer å lese ei stutt, glad bok med mykje sex. Eller kanskje ei lang, motbydeleg bok som er i tillegg er morosam. Eller kva med ei bok der hovudpersonen er ein mannleg fantasifigur mellom 15 og 20 år? Uansett kva val du gjer i søkjemotoren får du opp ei liste med bøker med kjenneteikna du har bede om. For kvar bok får du eit lite samandrag og eit utdrag av boka.
Du kan òg velje målform, og om det skal vere lydbok eller film. Som om ikkje dette er nok får du moglegheit til å taste deg vidare til ditt lokale bibliotek, og der kan du sjå om boka er inne!
Og er ho ikkje det kan ho fjernlånast frå eit anna bibliotek. Ittno' probblem!

Og likar du ikkje dei forslaga du får prøvar du berre på nytt. Databasen opnar for millionar av kombinasjonsmoglegheiter!

Det er bibliotektilsette i heile landet som legg bøkene inn i basen. Og dei les så mykje at basen veks med ca 500 bøker i året! Hovudtyngda av bøkene er norske, og dei fleste er gjevne ut etter 2001. Det er førebels flest romanar å finne, men det blir fleire og fleire dikt- og novellesamlingar, biletbøker og teikneseriar etter kvart som tenesta blir enno betre utbygd.

Ja vel, sit du her og glor enno? Finn deg ei hemmeleg bok no med det same, då vel!