Og har ikkje like mange vener med god tid som på biletet av David Blázquez til venstre? Leselampa tek saka!
Før eg går vidare lyt eg skunde meg å presisere at Leselampa ikkje er i ferd med å bli ein interiørblogg. Slikt er nettverda allereie vel forsynt med og meir til. Men er ein leseglad og nyfiken og ikkje går av vegen for litt humor og galsklegheit kan det vere spanande å utforske tilbehøyr som forenklar eller lyftar lesaropplevinga til nye høgder. Eventuelt forkludrar det heile ganske kraftig gjennom design med høgare wow-faktor enn praktisk nytte. Me snakkar her til dømes om lyskjelder, sitjemøblar og oppbevaringsmøblar.
Denne gongen rettar Leselampa sitt oppklarande ljos mot det vedunderlege virvar av bokhyller som finst å få!
Hald deg fast!

Og for at du som ikkje fekk bøker til jol ikkje skal tru at denne bloggposten ikkje angår deg iler eg til med å seie: Du kan lett få deg ein heim prydd med bøker frå golv til tak, sjølv utan ei einaste bok!
Det er ikkje umogleg! Sjå berre her:


Skal ein kunne slappe skikkeleg av i ein slik stol trur eg ein må ha noko å leggje frå seg beina på. Og kva passar vel då betre ein eit kombinert bord og bokhylle som på biletet nedanfor? Då kan ein berre gå laus på bordet når stolen er utlesen!


Biletet lengst til høgre er sett ovanifrå og rett ned, trur eg. Det er Levitate Architects som har laga dette trappehyllekonseptet.

Sjå berre bokhylla til venstre, laga av Sakura Adachi. Hylla er ikkje berre hylle, men kan òg fungere som romdelar og privat liten lesekrok for den som vil stikke seg vekk litt! Her er ingenting gløymt, mjuk polstring og leseljos er på plass! (Det siste punktet set me her i Leselampa sjølvsagt ekstra pris på.) På heimesida til designaren kan ein sjå fleire smarte påfunn, mellom anna kjøkenspiseplass og bokhylle i eitt. -Som i tillegg går an å komprimere!
Mange (i overkant...?) interiørinteresserte har med fortvila hjartesukk skulda bokhylla for å skape visuelt kaos i heimen med sine mange fargar og format på bokryggane og skrift med utrendy bokstavar og slikt.
Er ein så heldig å ha berre rosa bøker med identisk utsjånad som på biletet over er jo bekymringa borte, men det er kanskje ikkje vanleg å ha sånn flaks med bokkjøpa sine. Men Wilde Otnes veit råd!
I leilegheita hennar framstår bokhylla som svært roleg etter at ho snudde alle bøkene med ryggen inn. Sjå! Alt forstyrrande fargesprak er erstatta av rein harmoni! Korleis ho held oversikten over bøkene er eit mysterium, men av og til må ein velje vekk noko for å kunne oppnå eit høgare mål! Og det høge målet i denne samanhengen er, som ho sjølv seier i dette intervjuet, å hindre at bokhylla slåst med tapeten! At ein ikkje kan ha slagsmål i stova sånn til kvardags seier seg jo sjølv.
Då får det kanskje ikkje hjelpe om boksamlinga blir umogleg å finne fram i...
Er ein så heldig å ha berre rosa bøker med identisk utsjånad som på biletet over er jo bekymringa borte, men det er kanskje ikkje vanleg å ha sånn flaks med bokkjøpa sine. Men Wilde Otnes veit råd!
I leilegheita hennar framstår bokhylla som svært roleg etter at ho snudde alle bøkene med ryggen inn. Sjå! Alt forstyrrande fargesprak er erstatta av rein harmoni! Korleis ho held oversikten over bøkene er eit mysterium, men av og til må ein velje vekk noko for å kunne oppnå eit høgare mål! Og det høge målet i denne samanhengen er, som ho sjølv seier i dette intervjuet, å hindre at bokhylla slåst med tapeten! At ein ikkje kan ha slagsmål i stova sånn til kvardags seier seg jo sjølv.
Då får det kanskje ikkje hjelpe om boksamlinga blir umogleg å finne fram i...



Her kjem tre noko galsklege bokhyller for deg som synest lodd og vater er oppskrytt. Eg trur ein lyt vere i rimeleg sterk indre balanse for å trivast i såpass skakke miljø som dette, men eg kan ta feil.
Eg veit ikkje kven som har laga hylla oppe til venstre, men den oppe til høgre er det ein kar ved namn Julian Appelius som lyt stå til rette for. Ved eventuelle erstatningssøksmål, meiner eg. For, som ein kommentator innvender, desse hyllene er reine dødsfellene om dei ein dag skulle velte på skikkeleg, og ikkje berre sånn halvvegs, på den såkalla stilige måten!
Eg veit ikkje kven som har laga denne heller. Hadde eg hatt ei slik hadde eg konstant hatt kjensla av å leve i eit ekstremt sakte framskridande jordskjelv, trur eg.

Eg for min del synest 90 gradar er ein heilt ålreit vinkel. Men det er mogleg eg byrjar å bli gamal.
For å gjenopprette likevekta før me går vidare vil eg syne ei hylle som det nærast er ein fryd å kvile auga på. No var det herleg med litt god, gamaldags symmetri, folkens! Hyllekonseptet er eigentleg utvikla for barnerom. Difor er bøkene fronteksponerte, det vil seie lagra med framsida ut. Dette er ikkje særleg plassøkonomisk, men det gjev eit glimrande oversyn og gjer det kanskje òg litt meir freistande å lese.
Og mange bøker har vakre framsider det kan vere fint å syne fram. Her har ein òg fått til ein koseleg og ljos lesekrok i vindaugsnisja, noko som ytterlegare stimulerer leselysta hjå små og store vil eg tru. Det er ei som heiter Anna Spiro som har gjeve form og utsjånad til denne hylla, men tankegangen er gamalt nytt i bibliotekverda, kor ein lenge har stilt ut biletbøker på denne måten, om enn ikkje like tiltalande.
Ein ting eg har tenkt på at manglar ved Vest-Telemark VGS er lesesalsplassar. Der kunne kvar elev hatt sin eigen vesle bås der ein kunne innrette seg med bøkene sine, og dermed hatt ein roleg stad å gjere lekser og bu seg til prøver og eksamenar. Ei vanleg innvending mot slike idear er sjølvsagt at lesesal er plasskrevjande. Men sjå på løysinga til høgre! Det kunne bli plass til mange slike kombinerte hyller og pultar i eit vanleg klasserom! Diverre har eg ikkje funne ut kven som er meister for dette møbelet.

Synest du det blei for mykje moderne stil og reine liner her no?
Vel, eg har sjølvsagt òg tenkt på oss som likar litt nostalgi og klassiske ideal. Jaren Goh har i bokhylla til høgre teke utgangspunkt i barokt formspråk og pressa det inn i ein omsluttande boks. Det perfekte kompromissmøbelet når to med ulik smak skal innreie ein heim saman?
Denne hylla ser ut til å vere laga av to slakta salongbord som har fått ei ny sjanse i livet som bokhylle. Det er Matt Carr som står bak ideen. Noko å tenkje på for dei som står att med ei røys halve møblar etter samlivsbrot og deling av bu? Ikkje lat ressursane gå til spille! OBS: Blei du inspirert no? Spør alltid ein vaksen om lov til å bruke saga!
Denne må kunne seiast å vere både nostalgisk og romantisk, og feminin så det held! Eg reknar det som lite sannsynleg at du finn sjølvbiografien til Muhammed Ali samt bøker om fluebinding og fotballdrakter i fargar frå A til Å i denne. Meir i same stil finn du her.

Til sist vil eg syne fram ei svært organisk sak laga av Matteo Casarosa. Då han laga denne hylla hadde han kunnskapens tre og barns vekst gjennom lesing i tankane. Det kan hende hylla fungerer betre som skulptur enn til effektiv boklagring, men det same kan seiast om fleire av dei andre bileta i denne bloggposten!
Det er noko med det; ikkje alt praktisk er pent, og ikkje alt pent er praktisk. Og ganske mykje her i verda er korkje pent eller praktisk! Det store poenget er at me har stor valfridom når me skal bestemme korleis me skal huse bokskattane våre. No har me til dømes sett bøker lagra med ryggen både inn og ut og med fronten fram, i krøll, på skakke og skeive og på hovudet, på geledd og i stram gjevakt. Og det beste er at me rett og slett kan gjere det nett slik me likar det best og får det til å fungere for oss!

Ja, eit tilsynelatande vedunderleg virvar dette òg.
-Som eg mistenkjer er strengt regissert...!
Inspirasjonen til denne bloggposten fekk eg frå denne artikkelen i Bonytt. Derifrå har eg òg nokså frekt raska med meg ein del bilete.
I arbeidet med posten kom eg òg over ei nettside for folk som blir lettare opprømte av å sjå bilete av bokhyller! Så fekk du lyst til å fordjupe deg vidare i bokstablingas edle kunst er det berre å klikke seg vidare hit: http://bookshelfporn.com/ Ei eiga side med bokhylleporno, altså. Mottoet til sida er: Reading is sexy!
Wow, her var det mye spesielt! Mine to Billy bokhyller fra Ikea blir så kjedelige i forhold... Den med hyller ved vinduet på hver sin side av senga var kjempefin!
SvarSlettHyll, hyll! :)
SvarSlettEr nesten flau over mine metersvis med Billy :)
SvarSlett