Kjem av latin abdicare, å seie i frå seg.
Ordet blir vanlegvis bruka når ein framståande person, til dømes ein konge, i levande live gjev avkall på posisjonen sin og lèt andre overta. Viss nokon må tre inn grunna dødsfall nyttar ein i alminneleg språkbruk ikkje uttrykket abdisere. Men i slangspråk har ordet endra innhald og kan tyde å døy. Kjelder: Bokmåls-ordboka på nett og Norsk slangordbok av Tone Tryti.
Slapp av, det blir ingen pengar på deg før gamlefar abdiserer!
Fri grunna gravferd no igjen? Synest du sa bestemor di abdiserte i fjor! Kor mange har du eigentleg?
Her kjem fleire sleivete uttrykk for å døy:
- Gå i pennalet
- Ta på seg tredressen
- Stemple ut
- Sette frå seg tøflane
- Ta kvelden
- Leggje på røret
- Parkere (for godt)
- Koble ut sikringen
- Kaste loss
- Setje frå seg kufferten
- Få heimlov/ landlov
- Leggje ned vandringsstaven
- Levere attende bibliotekkortet (!!)
Har du fleire? Kom med dei! Legg att ein kommentar!

Meiningsløysa aukar der synonyma tryt!*
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar