tirsdag 1. februar 2011

Kva skal du bli? Kva med bibliotekar? Eller gorilla?

I høve årets yrkesmesseVest-Telemark vidaregåande skule vil Leselampa bidra med litt stoff om karriereval generelt og jobbsøking spesielt.

Arbeidsmarknaden er ein stad der det gjeld å koble rett arbeidsgjevar med rett arbeidstakar og omvendt. Moglegheitene er uendelege! Men det er ikkje jamt like enkelt å gjere dei gode koblingane. Mellom anna fordi mange ikkje heilt veit kva dei ynskjer. Og nokre har urealistiske forventningar til arbeidslivet. Men heldigvis har me alle lov å velje feil! Og livet byr stadig på nye sjansar for den som er vaken, nyfiken og svolten!

Leselampa ynskjer lukke til med Yrkesmessa og med framtida!


Her kjem tips om bøker som kan hjelpe deg med vegvalet. Alle bøkene kan lånast på Tokke bibliotek, men eit par av dei må me få nokre dagar på å skaffe på fjernlån.

Noe med media av Sigrid Bonde Tusvik. Kagge, 2008.

For mange freistar det med ei karriere innanfor mediebransjen.
Sigrid Bonde Tusvik er komikar og sjølv godt kjend i irrgangane i norsk medieliv.
Her kjem ho med ei lita "reisehandbok" for deg som tenkjer deg i den retninga.
I boka har ho intervjua folk som har arbeidet sitt både framfor og bak kamera.
Dei fortel om positive og negative utfordringar med jobben og ikkje minst korleis dei fekk han.



Slik får du den jobben du vil ha...med Askeladdmetoden 
av Terje Eid og Gunn Alme. Orion, 2007.

Her er ei bok som gjennom konkrete døme og råd syner deg korleis du kan få oppfylt framtidsdraumen din på arbeidsmarknaden. Forfattarane er opptekne av at du må finne og fortelje dei gode historiene om deg sjølv. Det gjeld å bli medviten om eigne ressursar og fortrinn og deretter klare å nytte innsikta til å kome dit du vil i arbeidslivet. -Og trivast der!




Få jobben du ønsker deg av Anna Ekholm og Åsa Kull. Gyldendal akademisk, 2006.

Arbeidsmarknaden kan vere ein krevjande stad, og det gjeld å kjenne spelereglane viss ein skal lukkast i å få draumejobben. Det viktigaste er kanskje å bli klar over kva som ER draumejobben. Det vil seie at du må kjenne på kva som motiverer deg og får deg til å brenne. Kva må til for at du skal trivast i ein jobb og dermed bli skikka til å yte maksimalt? Og kva kan arbeidsgjevaren kome til å etterspørje av kompetanse og personlege eigenskapar? Denne boka har praktiske øvingar som motiverer deg og hjelper deg å reflektere kring dei viktige spørsmåla, og dessutan konkrete råd om skriving av søknad og CV.


Ung i jobb av Knut Solberg. Kaleidoskopet, 2005.

Denne boka er skriven for deg som er ny på arbeidsmarknaden. Den gjev hjelp til å finne sommarjobb, deltidsjobb og heiltidsjobb. Målet er at ditt fyrste møte med arbeidslivet skal bli ei positiv erfaring! Her finn du òg ei innføring i arbeidsmiljølova, lønsspørsmål og korleis ei arbeidsavtale bør sjå ut. Boka er skriven i samarbeid med LO-ungdom.




Jobbsøkerskolen av Knut Solberg. Kaleidoskopet, 2006.

Korleis gå fram i ein jobbsøkjarprosess? Her lærer du korleis du skriv søknad og set opp CV, og ikkje minst korleis du førebur deg til og kjem deg heilskinna gjennom eit intervju og den fyrste tida i ein ny jobb. Boka tek òg føre seg korleis ein finn fram til dei gode og interessante jobbane både i Noreg og utanlands.





Generasjon Facebook Eller: Da alle skulle bli noe med media
av Jon Niklas Rønning. Aschehoug 2009.

Satirisk bok som mellom anna drøftar kvifor så mange i dag drøymer om å syne seg fram og få eit namn -bli kjendis. Me har fleire valmoglegheiter enn nokon gong, og det kan bli vanskeleg å velje. Og kven skal velje dei lite glamorøse kvardagsjobbane når "alle" unge vil jobbe i reklamebyrå eller vere realitydeltakarar på heiltid? Forfattaren må kunne seiast å kjenne tematikken frå innsida, for han er sjølv ein fullbefaren mediemann, kjend frå duoen Bye & Rønning.




Til sist vil eg med denne videoen -som syner eit jobbintervju litt utanom det vanlege- få minne om eit springande punkt i ein jobbsøkjarsituasjon:

Det hjelper lite kor gode formelle kvalifikasjonar du har viss dei personlege eigenskapane ikkje stemmer med oppdragsgjevaren sine ynske! Og dei er ikkje jamt like lette å forutsjå...




Eit par referanseopplysningar kan vere på sin plass, sidan denne videoen trekkjer inn bøker og forfattarar som ikkje er like kjende som den gongen galningane i Monty Python laga sketsjen.
Last Exit to Brooklyn er ei bok skriven av Hubert Selby Jr i 1964. Boka blei rekna som obskøn med sine lausslupne skildringar av sex, narkotika og vald, og var dermed ikkje sjølvskriven i biblioteka.
Groupie er ei anna såkalla lettsindig bok skriven av Jenny Fabian og Johnny Byrne i 1969. Boka handlar om Jenny Fabians erotiske eskapadar saman med nokre av datidas meir eller mindre kjende rockestjerner og greidde sjokkere ein heil del, inkludert mange bibliotekarar. I sketsjen blir det òg referert til forfattaren Hank Janson (psevdonym for Stephen D. Frances) og det kontroversielle i å stille ut bøkene hans på opne hyller. Grunnen til dette var at bøkene var valdsspekka spaningsromanar som ikkje blei rekna for høgverdig litteratur, kanskje spesielt fordi bokomslaga var prydde av billig erotikk, med halvnakne, bundne og knebla blondiner og så bortetter.

Sketsjen eg syner her er henta frå fyrste sesongen av Monty Python's Flying Circus. På Tokke bibliotek kan du låne alle fire sesongane på DVD pluss to spelefilmar laga av same gjengen!


Så kan eg, heilt nedst her kor sikkert ingen les, kome med ei lita tilståing: Mine damer og herrar:
Eg er eigentleg ikkje ordentleg bibliotekdame. Eg er ein forkledd go... Nei, eg vågar ikkje fortelje det likevel. Fekk kalde labbar. Eg meiner føter.

3 kommentarer:

  1. Hihi, eg las det, eg!
    (Forkledinga må fungere bra, for eg har ikkje oppdaga noko særleg med apefakter!)

    SvarSlett
  2. Artig innlegg! :)
    Er dette videoklippet fritt til bruk på lovleg vis?

    SvarSlett
  3. Til Anonym: Dette videoklippet er lagt ut på YouTube. Det er såkalla innbygd i bloggen, det vil seie at framsyninga skjer via YouTube sin server. Videoen som ligg her blir såleis å forstå som ei lenkje. Opphavleg er nok videoen lagt ut på YouTube av nokon som ikkje har innhenta løyve frå rettigheitshavarane, som er Monty Python. Men YouTube fungerer slik at alt som lastast opp der blir verande heilt til nokon krev at det skal fjernast. Det kan dei som eig rettane gjere viss dei ynskjer det. Monty Python er sjølvsagt klar over alle filmklippa frå eigne produksjonar som ligg der. Men dei har valt å ikkje krevje dei fjerna, og i praksis godteke at klippa er publiserte og at YouTube legg til rette for vidare innbygging på andre nettstader. I staden har dei starta sin eigen YouTube-kanal der dei legg ut klipp sjølv: http://www.youtube.com/user/MontyPython På sida går det fram at dei er noko indignerte over at folk legg ut deira åndsverk, og i tillegg av dårleg kvalitet. Men dei har altså valt å ikkje gå vidare med krav.

    Når det gjeld mi rett til å byggje videoen inn i bloggen er det nok strengt teke slik at eg skulle ha spurt dei som har opphavsrett om lov. Men som sagt har dei stillteiande godteke publikasjonen på YouTube, med dei moglegheitene for vidare deling som ligg på denne sida. Vidare er det slik at eg ikkje utnyttar innbygginga kommersielt, altså til å tene pengar på konkurrerande produkt eller tenester. Såleis tener klippet fyrst og fremst som marknadsføring for Monty Python.

    Men dette er vanskelege og viktige spørsmål, og her har nok moglegheitene for deling på nett utvikla seg så fort at lovgjeving og rettspraksis kring opphavsrett har blitt hengande noko etter. Det er mykje uvisse kring dette, sjølv mellom fagfolk. Her er ein blogg der spørsmål kring opphavsrett og innbygging av YouTube-videoar blir tekne opp. Sjå særleg i kommentarfeltet: http://aalmo.com/blogg/2010/10/21/brudd-pa-andsverksloven-eller-lureri/ Eg veit ikkje om dette var godt nok svar? Har andre noko å tilføye?

    SvarSlett