søndag 28. november 2010

Skjønar du ikkje bokmål? Hjelpa er nær!

Me som bur langt uti avkrokane av det gudsforlatne nynorsklandet kan av og til ha problem med å skjøne språket dei driv og snakkar i meir sentrale strok. Det er ikkje så reint få som har snudd ved bomringen kring Oslo fordi dei ikkje har begripe eit kraks av kråkemålet som står overalt på skilta der inne. Av og til kan det likevel vere kjekt med ein bytur, og det er jo synd om språkproblem skal hindre oss i å ferdast fritt.
Difor får me her ein film med døme på korleis bokmål skal tolkast. Fylg nøye med, og ta gjerne notat!



Vågar du deg framleis ikkje på bytur? Det er inga skam å sjå filmen om att!

PS: Gratis bokmålsordbok til den som finn flest feil!!!

onsdag 24. november 2010

Grev du gull på nettet? Då treng du ein Detektor!

Søkjeverktøyet Detektor kan vere kjekt å kjenne til for skuleelevar som jobbar med oppgåver! For som dei fleste veit kan ein finne svar på mangt og mykje ute på det uendelege nettet, men det er ikkje alle svara som er like gode eller like mykje til å stole på. Kjeldekritikk blir viktigare jo meir stoff ein har til rådigheit, men sit ein der med femti tusen treff kan sjølv den mest standhaftige miste motet...


Då er det jammen godt å vete at nokon har gått i førevegen og gjort grovarbeidet!

Detektor emneportal er ei teneste som er utvikla og driven av Deichmanske bibliotek i Oslo.
Teamet som driv tenesta samlar og kvalitetsvurderer nettstader som kan vere aktuelle for skuleelevar, lærarar og andre interesserte som søkjer truverdig kunnskap innanfor ulike fagområde i samband med oppgåveskriving og prosjektarbeid.

Sidene som slepp gjennom nålauget har blitt vurderte med vekt på fylgjande punkt:

  • Informasjonen skal vere påliteleg og sakleg
  • Sidene skal vere oppdaterte
  • Det skal vere gratis å bruke dei
  • Innhaldet skal ikkje vere i strid med norsk lov
  • Det skal vere tydeleg kven som står bak informasjonen
  • Sidene skal vere brukarvenlege og ryddige
  • Sidene skal helst ikkje vere skjemma av reklame
  • Stoff publisert av offentlege instansar blir prioritert
  • Sider på norsk får forrang  

Døme på emne du kan søkje innanfor:

Biografi, Data, Filosofi, Fritid, Geografi, Historie, Kunst, Leksikon, Litteratur, Medisin, Miljøvern, Musikk, Ordlister, Psykologi, Realfag, Religion, Samfunnsvitskap, Språk og skrift, Spørjesider, Statistikk, Utdanning

Det beste er: Det er enkelt å bruke tenesta! Du kan søkje på fleire forskjellige måtar, enkelt og avansert, og ikkje minst velje kor djupt du vil gå.
Søk med Detektor neste gong!

mandag 22. november 2010

I beit for ei bok? Prøv Ønskebok.no!

Tenk: Verda er full av hemmelege bøker du aldri har høyrt om! Dette kan vere høgst ufortent, for mange rommar dei mest vedunderlege historier! Lyst til å oppdage nokre av dei?

På Ønskebok.no kan du finne bøker på ein heilt ny måte.
Du treng ikkje vete korkje forfattarnamn eller boktittel.
Du treng ikkje ein gong vete kva du har lyst til å lese!
Veit du ikkje om du har lyst til å lese i det heile, seier du?
Vel, det kjem du til å få så snart du har prøva dette fantastiske søkjeverktøyet!

Å bruke Ønskebok.no er lett som ein leik, samstundes som tenesta er avansert og gjev mange moglegheiter!


Du kan til dømes taste inn at du ynskjer å lese ei stutt, glad bok med mykje sex. Eller kanskje ei lang, motbydeleg bok som er i tillegg er morosam. Eller kva med ei bok der hovudpersonen er ein mannleg fantasifigur mellom 15 og 20 år? Uansett kva val du gjer i søkjemotoren får du opp ei liste med bøker med kjenneteikna du har bede om. For kvar bok får du eit lite samandrag og eit utdrag av boka.
Du kan òg velje målform, og om det skal vere lydbok eller film. Som om ikkje dette er nok får du moglegheit til å taste deg vidare til ditt lokale bibliotek, og der kan du sjå om boka er inne!
Og er ho ikkje det kan ho fjernlånast frå eit anna bibliotek. Ittno' probblem!

Og likar du ikkje dei forslaga du får prøvar du berre på nytt. Databasen opnar for millionar av kombinasjonsmoglegheiter!

Det er bibliotektilsette i heile landet som legg bøkene inn i basen. Og dei les så mykje at basen veks med ca 500 bøker i året! Hovudtyngda av bøkene er norske, og dei fleste er gjevne ut etter 2001. Det er førebels flest romanar å finne, men det blir fleire og fleire dikt- og novellesamlingar, biletbøker og teikneseriar etter kvart som tenesta blir enno betre utbygd.

Ja vel, sit du her og glor enno? Finn deg ei hemmeleg bok no med det same, då vel!




tirsdag 16. november 2010

Drøymt noko i natt? Drøym vidare med e-diktet...

Minst ein gong om dagen bør vi høyre ein liten song, lese eit godt dikt, sjå eit vakkert bilete, og om mogeleg – seie eit par fornuftige ord.
Johann von Goethe

Kvifor det? I alle fall ikkje fordi eg eller Goethe har sagt det! Men det er berre å prøve, så finn du sjølv ut kva det skal vere godt for. Kulturelle påfyll gjer deg rikare!
Og med tenesta e-diktet får du eit dikt rett i e-postboksen din ein gong i veka, og det er jo ei god byrjing! Har du ikkje meldt deg på enno? Gå inn på denne sida og fyll ut nokre få opplysningar, så kan du byrje gle deg til poetisk post!

Her er diktet denne veka, henta frå e-diktet sine heimesider:

Eg drøymer som ein måne

Eg drøymer som ein måne
full av gammalt dagslys
som han får kasta på seg
av gamle, gule sol.

Eg drøymer som ein måne
mørk og tom og bakom
i den store sirkelgangen
rundt gamle, gule sol.

Eg drøymer som ein måne
at eg ikkje går i bane
at eg sviv i stjernerommet
i mi halve, mørke kåpe
som eg stal i utegangen
til gamle, gule sol.

Mary Bente Bringslid

fredag 12. november 2010

Bibliotekbruk for dummies! (1)

Me har tidlegare her i Leselampa gjeve ei innføring i grunnleggjande bokbruk. Men kva hjelper det å vete korleis du les ei bok, viss du ikkje har ei bok? Dette kan vere eit problem fleire slit med. Difor skal me i dag sjå på korleis ein skaffar seg ei bok ved å oppsøkje eit bibliotek. Ikkje alle er like vane med å bruke biblioteket, difor har Statens informasjonssentral for enkel framfinning i norske bibliotek, filmavsnittet, produsert ein flunka ny instruksjonsfilm med skodespelarar frå øvste hylle. Ser du denne får du vete alt du treng for å bli bibliotekbrukar!



Som filmen no har avslørt er framgangsmåten for boklån på biblioteket såre enkel:
1. Finn biblioteket.
2. Finn ein som jobbar der.
3. Fortel kva du er interessert i.
4. Vent.
5. Ta i mot boka.
6. LES!

For nokon kan punkt 2 kanskje verke som det vanskelegaste.
For korleis veit ein kven som jobbar der og kven som berre er der? I gamle dagar heitte det seg at alle som jobba på bibliotek var damer, og dei såg utan unnatak ut som på biletet til høgre. Altså hadde dei briller og hårtopp. Men dette er både passé og klisjé. Vel, kanskje kan det framleis vere ei og anna attergløyme inst i ein fjord eller djupt i ein dal som har desse attributtane, men desse eksemplara er så sjeldsynte at ein like godt kan sjå bort frå dei. Som den brennferske filmen ovanfor syner, er det tre kjenneteikn som gjeld for moderne bibliotekarar:
Lagerfrakk, lagerfrakk, lagerfrakk! Så, punkt to kan utvidast med fylgjande spesifisering: Sjå etter personen med lagerfrakk!


Spøk til side: Å bruke biblioteket er noko av det enklaste som finst! Du treng ikkje ein gong å finne det!
Du veit vel at du kan søkje i mediebasen til alle biblioteka i Vest-Telemark ved å gå inn på www.aleph.no/vest-telemark?

Uansett: Du er hjarteleg velkomen innom, så hjelper me deg så godt me kan!


onsdag 10. november 2010

Lysten på lyrikk? Få dikt rett i e-postkassa di!

Viss du går inn på e-diktet sine heimesider kan du melde deg på ei e-postteneste som gjev deg eit nøye utvalt dikt rett i e-postboksen kvar veke. Det er enkelt! Det er gratis! Det er berre heilt genialt!

Det er fylkesbiblioteka i Buskerud, Vestfold og Østfold som står bak tilbodet. Målgruppa er alle, det vil seie DEG, anten du er ein røynd diktlesarar eller berre nyfiken. Dei som legg ut dikta tek omsyn til at dei passar e-postformatet både i lengde og innhald, og du kan velje mellom dikt for vaksne og dikt for barn.

Unn deg sjølv ei plutseleg poetisk stund midt i kvardagen! Meld deg på!

Her får du eit døme. Dette er diktet for vaksne denne veka:

Siste jentedikt

Dette er eit dikt til alle jenter som vil bli
elska av meg under ein høg himmel,
på ei varm strand langt sør.
Dette er eit novemberdikt til alle jentene
eg aldri møtte, som aldri blei med meg,
anten fordi dei ikkje ville
eller fordi eg ikkje fekk høve (eller var for feig)
til å spørje akkurat dei som ville.
Dei som ikkje ville, kan angre nå.
Og dei eg ikkje fekk spurt, spør eg nå.
Det er siste gongen eg spør. Dette er final call
for alle jentene som trudde det ein stad
var noko anna, noko meir.

Finn Øglænd
Frå samlinga: Dei penaste jentene på tv ( Samlaget 2000).




mandag 8. november 2010

Løgner og lengt: Thunder road av Erlend Kaasa.

Forfattaren av Thunder Road kjem frå Åmot i Vinje, Telemark. I boka, som er hans fyrste, har han lagt handlinga til sin opphavlege heimplass.

Boka rommar ei oppvekstskildring og fleire fine kjærleikshistorier. Hovudpersonen er Mattis Dragstige. Me får vere med Mattis på skulen, på konfirmasjonsleir, på bergenstur, på fest. Det kokar kring han; av drikkevarer og tobakk, hormon, intrigar, kjønnsorgan i meir og mindre frivillig rørsle og alt anna som fylgjer med om ein tilfeldigvis er tenåring. Og musikken er alltid der. Og den må vere av rette sorten. AC/DC er tøft, og Bruce Springsteen er drit. Nemleg.
For musikksmaken er med på å definere Mattis vekk frå "dei andre."

Det same er inderlegheita. Mattis er ein oppriktig og kjenslevar kar. Han både drøymer og snakkar om damer, (men eigentleg berre om Åsne) men kjenner seg ikkje heilt tilpass i den utagerande festinga og det brautande, grove snakket til klassekameratane. Og medan dei jamgamle stort sett er opptekne av puling gøymer Mattis hårstrået til si utkåra jente under hovudputa.
Og nyttar veker og månader av sitt unge liv til å lage ei heilt spesiell gåve til ho, i von om at han skal greie å røre ho til tårer. Venen Aslak lèt til å vere av om lag same sorten, og dei skjønar kvarandre godt.
Men diverre skjer det seg mellom dei, og det er feigheita til Mattis som har skulda for brotet.
Så Mattis blir slengande rundt åleine når han ikkje er med Åsne eller bestefaren.

Dei får ein spesiell venskap, Mattis og Åsne, men premissa for venskapen er ikkje dei same for dei båe.
Og kva er det for rykte han høyrer om ho? Mattis vil ikkje lyde på sladder, og det kan umogleg vere sant. Han kjenner jo Åsne og ho er ikkje slik. Men kvar gong han greier å skuve sladderen unna seg dukkar han opp att. Til slutt får han alt midt i fleisen. Det er verre enn han trur, mykje verre.

Som. Det. Svir.

Venskapen mellom Mattis og bestefaren er òg særs vent skildra. Dei arbeider i snikkarverkstaden saman og talar om viktige ting, til dømes om kjærleiken som er altfor stor for eit lite liv, som bestefaren seier.
Dei kjem kvarandre svært nære. Men ikkje så nære som Mattis trur, skal det syne seg. Men då er bestefar død og kan ikkje svare for seg eller mildne det såre raseriet Mattis sit att med.



Eg vedgår at eg utsette lesinga av Thunder road ei god stund, og det var mest på grunn av teksten på baksida av boka. Utdraget gav eit noko bråkjekt og plumpt inntrykk og det eggja ikkje leselysta mi. Dessutan, verda er full av bøker om ungdomsår i relativ einsemd der det sorgmuntre er ispedd ei passande dose fyll, puppar og pop. Skulle eg gidde? I ettertid har eg tenkt på baksideteksten som eit billig grep, eit feilgrep frå forlaget si side. For boka fortener betre.

Men fyrste kapittel gjorde meg mildare stemt. Trass i ei kitlande kjensle av å heile tida vere ei hårsbreidd frå klisjémakeriet; den sikre stilkjensla og den talande biletbruken fekk skepsisen eg opna boka med til gradvis å løyse seg opp. Opningsscena er nærast filmatisk, og sjølv om det neppe er originalt, korkje i bok- eller filmsamanheng, fungerte det fint. Ikkje minst forstod eg dette då boka var ferdiglesen.

Eg vil elles seie at biletbruken og språkføringa til forfattaren utmerkar seg jamt gjennom heile boka. Innimellom er det ei rein nyting å røyne kor snertent og grasiøst han rissar opp alt du treng sjå, vete og forstå for å ta handling og meining inn over deg. Det er særeige, av og til på grensa til sært, men aldri over. Og det verkar aldri tilgjort. Han har nok henta inspirasjon frå forfattarkollegaer, og Ragnar Hovland er eit namn eg trur må vere representert i Erlend Kaasa si private bokhylle. Det er noko hovlandsk over visse vendingar og synsmåtar. Men det kan ingen klandre Kaasa for, for dette er dyktig gjort.
Og fyrst og fremst verkar det rotekte kaasask.

Det viktigaste av alt er at det språklege og forteljarmessige raffinementet aldri går ut over leseflyten. Ein får seg ei utfordring av og til, men dett aldri av lasset. Eg vil totalt sett seie at dette er ei lettlesen bok som passar både for dei som er i tenåra, og for alle som nokon gong har vore det.

Når boka no er fordøydd sit eg att med ei hovudkjensle: Boka handlar om å vere så glad i nokon at ein ikkje ser -eller vil sjå- at ein kvar dag blir sviken. Av den same personen. Og om det mest smertefulle av alt som finst:

At det av og til ikkje er nok å gje alt ein har. Det kan likevel vere som ingenting for ein annan.

Dette er meisterleg skildra i alle fasettar; utan eit overflødig ord. Og ofte heilt utan ord.

Ei god bok, ei spanande bok. Og ei stor bok. Les boka du òg!


Og her kan du høyre forfattaren sjølv lese utdrag.

lørdag 6. november 2010

Bittersøt bok om å vente, vente, VENTE på brev!

Arnt Birkedal har skrive boka Valentin, som i likskap med filmen i førre bloggpost handlar om å vente lengselsfullt på brev frå ein helt spesiell person.
Og alle som har prøva slik venting, anten ved postkassa, mobiltelefonen eller datamaskina, veit at det er ein krevjande disiplin. Dette er ikkje noko for folk med veikt hjarte. Eg trur at om du blandar i hop den søtaste kløen og den suraste svien og ein passande slant desperasjon får du omtrent den kjensla, brevventekjensla. For guten i boka blir ventinga altoverskyggande. Han ventar tvers igjennom heile seg på brevet! Og ventetida brukar han på å drøyme om jenta -ja, for det er ei jente- og det fine dei har hatt i lag. Og, ikkje minst, på å førestelle seg moglege årsaker til at ho ikkje gjev lyd frå seg. Ingen av forklaringane han kan kome på er særleg oppmuntrande. Men eit par av dei inneheld ein liten snipp av von: For slike små, flate brev kan jo stikke seg vekk overalt, kan dei ikkje? I rein fortviling byrjar han fantasere om å bryte seg inn i postbilen og saumfare kvar krik og krok. Han finn òg trøyst i overtru. -Om han berre sjekkar postkassa på rette tida, på rette måten, då vil det kanskje liggje eit brev der...?

For...ho kan vel ikkje ha gløymt han...?

Boka er skriven for ungdom og er tematisk knytt til Valentinsdagen den 14. februar. Men eg vil seie at alle som har vore glad i nokon vil kunne få ei fin og rørande lesaroppleving av denne boka, uansett alder, uansett kjønn, når som helst på året. Boka er på 127 sider, er lett å lese og skriven på nynorsk.

Les boka! Og kanskje får du lyst til å sende nokon ei handfull varme ord etterpå...? Du kjenner sikkert nokon som ville bli glad for å høyre frå nett deg!



Dei som les bøker skriv vakrare kjærleiksbrev...

Eg lovar ikkje at påstanden i overskrifta er sann. Men dette måtte eg berre syne dykk. Eg trur ikkje den vesle jenta med flettene nokon gong gløymer guten eller brevet hans...



Kva med å lese ei kjærleikshistorie i dag? Du finn dei i tusental på biblioteket!

torsdag 4. november 2010

Bokbruk for dummies!

Her er ein artig film som syner eit hardt møte med nytt brukargrensesnitt... -Ein gong var boka òg ny teknologi! Men det er ingen fare med den som har vit på å spørje seg for! Det kan vere greitt å hugse for den som skal gje seg i kast med noko nytt og ukjend. Kva med å prøve ein heilt ny type bok i dag?



Og hugs: på biblioteket er ingen spørsmål for dumme! Sjølv blei eg ein gong kontakta av ein lånar som var på leiting etter ei bok ho hadde lånt før. Ho kunne ikkje hugse kva boka eller forfattaren heitte, og dei einaste opplysningane ho hadde var fylgjande: boka var raud og stod på ei hylle! -Me fann boka!