torsdag 16. desember 2010

Nye titlar i Vest-Telemark VGS si samling. Veke 50.

Alle titlar kan lånast på Tokke bibliotek viss ikkje anna er nemnt.

NB! Dette er berre dei nye titlane som skulebibliotekaren kjøper inn, og det er for det meste fagbøker og dokumentarar. Men hugs at Tokke bibliotek òg får inn ei røys nye, spanande bøker, CD-ar og filmar kvar veke. Mellom anna all den nyaste skjønnlitteraturen, frå kjærleiksromanar til krim.
Ta deg ein tur og sjekk ut tilbodet, då vel!

OBS: Grunna etterslep på registrering og bokomtaler vil det ei tid bli publisert lister over titlar som blei innkjøpte tidlegare i år. Etter kvart vil listene få større aktualitet.



M is for magic. Neil Gaiman. Bloomsbury, 2008

Elleve noveller på engelsk for deg som likar deg i kryssingspunktet mellom det nifse og det komiske, det fortryllande og det daglegdagse, det tøvete og det alvorlege.
Her støyter du mellom andre på eit morbid troll-i-eske som spøkjer for sine tidlegare eigarar, ein villkatt som kjemper natta igjennom for å beskytte familien han har adoptert som sin og ein gut, oppvaksen på kyrkjegard, som erfarer at livet blant dei daude er mykje meir ukomplisert enn livet blant dei levande. Boka har stor skrift og eit lettlese språk.



The Wolves in the walls. Neil Gaiman. Bloomsbury, 2007

Kva for snikande, skumle lydar er det som kjem frå veggane i huset der Lucy bur? -"Rottar, mus, flaggermus", seier dei andre i familien. Men Lucy er heilt viss på at det er vaskeekte, ulande ulvar. Sjølvsagt er det ingen som trur på det ho seier. Men ein dag får dei sjå... Og det skal syne seg at kampen mot ulvane ikkje er slutten, men byrjinga på ei historie.
-Ei klaustrofobisk, fæl, pussig og småartig ei. Boka er gjennomillustrert av Dave McKeans umiskjennelege strekar og bilete. Det fylgjer med ein CD der teksten er innlesen av forfattaren sjølv. Engelsk tekst.


Instructions. Neil Gaiman. Bloomsbury, 2010

Biletbok på engelsk med flotte illustrasjonar og tankevekkande tekst med få, men gode ord. Du får ikkje vete kva du leitar etter. Men kvar side gjev deg ein ny instruks om kva du må gjere på din veg gjennom ei eventyrleg
-av og til grusom- verd for til slutt å kome trygt heim: Viss eit vesen fortel deg at det svelt, gje det mat. Viss eit vesen fortel deg at det er skite, vask det. Viss eit vesen skrik til deg at det har det vondt, døyv smerta om du kan. Stol på ulvane, men ikkje fortel dei kor du skal. Og aldri mist håpet.



Kirkegårdsboken. Neil Gaiman. Schibsted, 2010

Nobody Owens veks opp på ein kyrkjegard. Der blir han oppseda av spøkjelse og daudingar, og ironisk nok har dei gode overlevingstriks å lære bort. Det kan han trenge, for i dei levande si verd -som han snart skal vandre ut i- bur Jack. Og Jack har teke livet av heile familien til Nobody. No er han på leiting etter sistemann... Boka har blitt kalla spøkjelsesvarianten av Jungelboken!





The Borrible triology. Michael de Larrabeiti. Tor, 2003

Boka består av tre bøker: The Borribles, The Borribles go for broke og The Borribles: Across the dark metropolis. Bøkene har vore omstridde grunna valdsskildringar og utstrekt bruk av bannskap, men er no tekne inn i varmen. The Borribles var opphavleg ungar som rømde heimafrå. Dei har spisse øyro og har utsjånad som aldri eldast. Det vil seie, så lenge dei greier å unngå å bli tekne av The Woolies, eit slags politi som meiner at The Borribles trugar lov og orden. For the Borribles er anti-autoritære og anti-materialistiske. Dei har ikkje pengar, men stel alt dei treng. Og dei vil heller stå opp for ein kamerat enn å rette seg etter påbod og forbod. Viss The Woolies får tak i ein Borrible klypper dei øyro og aldringsprosessen tek til att. Dette er ei skjebne verre enn dauden for ein Borrible, som då må leve eit kjedeleg vaksenliv utan eventyr og villskap, der materialismen rår. Difor må ein Borrible alltid gøyme øyro under ei ullhuve. Det er ingen som veit kor lenge ein Borrible kan leve. Men dei kan vere overalt i større byar.
I denne boka er det The Borribles i Londons snuskete bydelar me blir kjende med. Engelsk tekst.

The traveller. John Twelve Hawks. Corgi, 2006

Denne boka har blitt kalla "Den nye Da Vinci-koden" og blir samanlikna med klassikarar som 1984 av George Orwell og filmen The Matrix. Gabriel og Michael bur i Los Angeles. Dei er såkalla vandrarar, det vil seie at dei har evne til å forflytte seg ved tankekraft. Evna har dei arva frå far sin, men dei er ikkje klare over det sjølv. Dei har i staden blitt opplærte til å leve mest mogleg usynleg og anonymt i det gjennom-overvaka samfunnet. Berre slik kan dei få vere i fred for fienden, dei mektige leigesoldatane Tabula som lever utanfor Systemet. Men dei er ikkje så usynlege som dei trur. Og no er fienden etter dei. Systera Maya er 26 år og bur i London. Sjølv stammar ho frå ei krigargruppe som har som oppdrag å beskytte vandrarane, og ho er trena i ekstrem slåssing og overlevingsteknikk. Hittil har ho prøva å leve så normalt ho kan, men no får ho beskjed av faren om at det er hennar ansvar å redde brørne frå ein sikker daud. Dette er fyrste bok i trilogien The fourth realm. Engelsk tekst.

The dark river. John Twelve Hawks. Corgi, 2007

Dette er andre bok i trilogien The fourth realm. Verda blir styrt av frykt. Overalt kor du ferdast er det nokon som fylgjer med deg. Målet er å avsløre feila dine, løyndomane dine, sanninga om deg. Ikkje den ekte sanninga, men den sanninga overvakarane er ute etter for å få deg i garnet. Og kvar dag må du ofre enno ein liten fridom det ikkje er mogleg å vinne attende. Gabriel Corrigan er ein av dei som kjempar i mot Systemet. Men Systemet seier at du ikkje får eit val om å delta i det. Og dei som prøvar å snike seg unna skal forfylgjast og finnast koste kva det koste vil. Den livsfarlege jakta etter Gabriel går gjennom mørke undergrunnstunnelar i London og New York, til skjulte ruinbyar under Berlin og Roma, til fjerne utpostar i Afrika, der ein myteomspunnen skatt skal vere gøymt... Engelsk tekst.

Utvalgt. En House of Night-roman. (3)
P.C. og Kristin Cast. Cappelen Damm, 2010

Livet er ikkje lett for vampyrlærlingen Zoey Redbird. Midt i joleferien frå vampyrskulen House of Night flokar det meste seg til. Besteveninna Stevie Rae er udaud og treng hjelp. Andre vener syner seg å vere svikefulle. Tre kjærastar er sjalu på ei og same tid. Og så er det denne blodtyrsten som stadig aukar på... Dette kunne vore ille nok, men i tillegg blir to vampyrar funne daude, og Zoey sin teori er at Troens folk står bak. Kanskje er det berre hennar verste fiendar som kan kome Zoey til unnsetning no... Blodig grøss!



Utemmet. En House of Night-roman. (4)  
P.C og Kristin Cast. Cappelen Damm, 2010

Zoey har på stutt tid blitt venelaus og kjærastlaus. Det er ingen lett overgang når ho for litt sidan hadde mange vener og heile tre kjærastar. No har ho berre to vener att, og den eine er udaud og den andre umerkt. Så erklærer Neferet krig mot menneska, og ingen vil høyre på Zoey når ho hevdar at dette er galskap. Men verre skal det bli: for eldgamal vondskap blir vekt til live på House of Night, og forferdelege løyndomar blir avslørte... Det blir både ville og farlege tider for heltinna Zoey Redbird... Fantasy for den blodtyrste!



 Nærmere. Tunneler (4) Roderick Gordon og Brian Williams. Cappelen Damm, 2010

I sentrum av jorda finst det ei verd ingen veit at eksisterer. Der inne trur Will at han kan vere trygg. Men fienden Styx er innstilt på å fylgje etter han til verdas ende. Og til enden av alle tenkjelege verder. Og nett no er Styx rett bak Will... Oppe på jorda bur Drake seg til å angripe Styxane ovanifrå. Viss den listige planen hans ikkje lukkast er det ute med Will! Heseblesane fantasy! Dette er fjerde bok i Tunneler-serien.



  
Ulveøya. Spis eller bli spist... Demonata 8. Darren Shan. Cappelen Damm, 2010

Skyggen formørkar Demonata-universet med sin reindyrka vondskap. No samlar han demonar til ein mektig hær som skal leggje menneskeverda i grus. Og Grubbs Grady og venene blir truga av varulvar. Dei er på frifot, og dei er svoltne... Ein av venene blir omskapa til varulv og er fortapt. Og kva med Grubbs? Kva er han? Varulv eller trollmannen som skal leie og vinne kampen mot Demonata? Varulven inni han byrjar glippe med augo...



  
Ever -For alltid. De udødelige. (1) Alyson Noël. Kagge, 2010

16 år gamle Ever er den einaste som overlever bilulukka som tek livet av foreldra og veslesøystera. Etter ulukka blir ho synsk og får evna til lese folk sine tankar og sjå auraen deira. Ho treng berre røre ved dei, så kan ho sjå heile livshistoria tydelegare enn dei kan sjølve. Dei nye evnene er vanskelege og slitsame å hanskast med, og for å beskytte seg sjølv blir ho folkesky. På den nye skulen synest alle ho er ein raring. Men raringen Ever fattar etter kvart interesse for ein gut. Damen Auguste er nydeleg, merkeleg og rik. Ever forstår lite av han, men blir likevel hjelpelaust lokka mot han. Og det varar ikkje lenge før den altoverskuggande forelskinga er eit faktum. Spanande bok for deg som lika Twilight-serien.

Bokmål-nynorsk ordbok. Knut Lindh. Cappelen Damm, 2010.

Mange med nærare tilhøve til bokmål enn nynorsk har berre delvis kunna hjelpe seg med ei tradisjonell nynorsk ordliste. For kva gjer ein når ein kjenner ordet på bokmål, men ikkje greier kome på eit tilsvarande nynorskord ein kan slå opp på??
I denne boka kan du slå opp på bokmålsord og få forslag om høvelege nynorske ord og uttrykksmåtar. Ordboka er spesielt tilpassa elevar i vidaregåande skule som har nynorsk som sidemål. Boka inneheld over 31 000 oppslagsord og har detaljerte opplysingar om bøying illustrert med mange døme. Her finn du òg minigramatikk. Nynorsk har mange valfrie former, noko som kan forvanske innlæringa for bokmålsbrukarar. Difor har ein i denne boka valt å utelate ein del former og bøyingar.

Studieteknikk. De 10 husk-reglene. Jostein Iversen. Læreboka forlag.

Eit lite hefte som oppsummerer og forklarar 10 grunnreglar for god studieteknikk. Viss du legg deg til ein vane med å fylgje desse vil du faktisk starte eksamensførebuingane fyrste skuledag, og dermed stille betre rusta enn dei fleste når D-dagen er der. Og det beste av alt er at du kjem til å hugse stoffet etterpå!
Å lese dette vesle heftet kan spare deg for mykje strev i framtida!





Hjernetrim. 202 oppgaver som gjør deg smartere.
Anne Lene Johnsen. Kagge, 2008

Lyst til å bli smartare? Forfattaren Anne Lene Johnsen meiner det er viktig å trene hjernen dagleg på same måten som kroppen. Då vil du nemleg merke at du er langt smartare enn du trur. Difor har ho i denne boka samla hjernenøtter og logikkoppgåver, sudoku, kakuro, kunnskapsspørsmål, gåter og triks
i dagsdoser. Kast deg over ei dose om dagen og kjenn hjernen vekse!





DVD: Menneskets store vandring. 2008

Bli med på ei spanande ferd gjennom historia om mennesket! Då dei fyrste individa av Homo Sapiens reiste ut frå Aust-Afrika var dei ikkje den einaste menneskelege arten som fanst, men dei var den einaste som hadde ei framtid. Kvifor? Og korleis har utviklinga av vår art gjort oss til dei me er i dag? Filmen gjer bruk av den nyaste forskinga innan genteknologi og arkeologi og syner korleis mennesket har utvikla seg gradvis, både kroppsleg og mentalt, i vekselverknad med omgjevnadane gjennom 70 000 år.


DVD: Yellowstone. 2008

Yellowstone er ein av dei største nasjonalparkane i verda, med villmark av sjeldan sort. Her er viddene uendelege, skogane mørke og djupe og fjella himmelhøge. Parken rommar òg varme kjelder, og under bakken slumrar ein gigantisk vulkan. I dette vakre, men farefylte landskapet kjempar bisonflokkar, grizzlybjørnar og andre utryddingstruga dyr mot tøffe livsvilkår. I denne filmen fylgjer me kampen for tilvêret gjennom tre årstider.


DVD: Capitalism. A love story. 2009

Michael Moore analyserer Amerika sitt tilhøve til kapitalismen i kjend stil, med ei blanding av hardtslåande argumentasjon, sarkasme og humor. Kva er prisen landet må betale? Jobbar, heimar og sparepengar, alt går med i dragsuget om naudsynt. Har den amerikanske draumen blitt til eit mareritt? Me får vere med Moore inn i heimane til vanlege folk. Dei kan fortelje om liv som har blitt snudde fullstendig på hovudet.



DVD: Memento mori. Husk at du skal dø. 2008

Kva? Døy, eg? Er det ikkje folk på sjukehus som døyr? Dauden er noko me fornektar lengst mogleg og snakkar minst mogleg om. Og det er truleg klokt å halde hovudfokus på livet om me kan velje. Men nokre gongar blir me tvinga til å sjå dauden i augo. Hans Petter er 66 år og veit han skal døy av kreft innan stutt tid. No må han henge i for at kona Eva skal få det greiast mogleg etter han er borte. Han snekrar og fiksar og ordnar. Men Eva vil heller at dei to skal kose seg i lag den tida som er att. Parallelt med Hans Petter si historie får me ta del i kvardagen på Svanholm gravferdsbyrå i Trondheim.
Her er dauden fast husvenn på godt og vondt. Og hit må Hans Petter òg finne vegen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar