onsdag 16. mars 2011

Nye titlar i Vest-Telemark VGS si samling. Veke 11

Alle titlar kan lånast på Tokke bibliotek viss ikkje anna er nemnt.

NB! Dette er berre dei nye titlane som skulebibliotekaren kjøper inn, og det er for det meste fagbøker og dokumentarar. Men hugs at Tokke bibliotek òg får inn ei røys nye, spanande bøker, CD-ar og filmar kvar veke. Mellom anna all den nyaste skjønnlitteraturen, frå kjærleiksromanar til krim.
Ta deg ein tur og sjekk ut tilbodet, då vel!


Pål Anders Ullevålseter. Drømmen om Dakar.
Katrine Bjerke Mathisen. Aschehoug, 2010.

Interessert i motorsport? Kva høver då betre enn Pål Anders Ullevålseters eiga skildring av racet Paris-Dakar? Motorsyklisten er den fyrste nordmannen som har gjennomført det lengste og farlegaste ørkenrallyet som finst. I denne boka fortel han om dei fysiske, tekniske og mentale førebuingane til den store styrkeprøva, der redsla blir halden i sjakk med detaljfokusert trening og ikkje minst godt kameratskap. Han gjev òg ei skildring av sjølve racet, etappe for etappe. Boka inneheld òg kapittel om oppveksten hans i Nordmarka, der mopedar og motorcross var den store fritidssysselen. Det som i byrjinga var ei interesse for fart og spaning har blitt omsett i systematisk trening som til sist har munna ut i gjæve pallplasseringar og heltestatus.


Uglies. Scott Westerfield. Schibsted, 2011.

Kunne du tenkt deg å leve i ei verd der alle var perfekte? Der plastisk opererasjon var fast takst ved 16-års alder, slik at alle fekk store, strålande auge, trutmunn og velforma, lytefri kropp? I boka Uglies utspeler handlinga seg i ei slik verd av supermodellar. På den eine sida fører venleiksveldet til at ingen lenger blir mobba for at dei er stygge. Men ikkje alle vil vere med på regimet. Litt utanfor allfarveg ligg samfunnet Smoke, og her bur det opprørarar som nektar å late seg operere. Hovudpersonen Tally granskar den standardiserte venleiken nærare og oppdagar at av og til kan det pene vere stygt som fy på botnen. Dette er fyrste bok i ein trilogi som tek opp tilhøvet mellom kunstig venleik og normalitet, miljøforureining...og kjærleik. Trilogien har gjort kjempesuksess i mange land og er trykt i 3 millionar eksemplar!


Jaget. En House of Night-roman. (5) P.C. og Kristin Cast. Cappelen Damm, 2011.
 
Neferet har fått ein ny, mektig gemal: Kalona. Han fortrollar alle på House of Night med venleik og sjarme av ei anna verd. Men Zoey får greie på ting om fortida hans, ting så sjokkerande og vondskapsfulle at ho helst hadde villa sleppe å vete om dei.
Og kva med dei raude ynglingane? Dei verkar så venlege, men kan ein stole på dei?
Og kvifor seier ikkje Stevie Rae noko? Er eit helvete under oppsegling?
I kjærleikslivet blir Zoey sliten mellom den vakre eksen Erik og Stark, bogeskytaren som døydde i armane hennar. Han lyt ho redde frå Neferets vondskap.



Fristet. En House of Night-roman. (6) P.C. og Kristin Cast. Cappelen Damm, 2011.

Zoey er ingen dumskalle, og no oppfattar ho at noko er gale. Truleg kan ho ikkje lenger stole på sin beste venn, Stevie Rae. Kven skal ho stole på då? Kven kan ho gå til med dei myrke løyndomane? Når venskapen mellom Zoey og Stevie Rae blir sett på prøve skjelver faktisk heile House of Night i grunnvollane. Brått er alt opp til dei to venene og kva dei vel å gjere.





Svenhammeds journaler. Zulmir Becevic. Cappelen Damm, 2010.
 
Svendhammed har det tøft; han slit mellom anna med eit absurd namn, ei gal slekt, ein valdsam far og ei uoppnåeleg jente. I tillegg er han noko identitetsforvirra der han står med beina i to kulturar. Namnet hans kan stå som eit symbol på spaltinga: Fyrste delen av namnet er oppkalling etter Sven på sosialen, medan siste er etter faren. Han er fødd i Sverige og snakkar svensk som ein innfødd. Men det er ikkje nok til å bli rekna som svensk, bli rekna med. Mellom anna fordi han har eitt augebryn i staden for to og hårete pizzabakararmar. Og kva med den underskjønne Emilia?
Kva skal til for å bli teken inn i varmen hennar?


Fangesøstre. Gayle Forman. Cappelen Damm, 2010.

Brit er 16 år, har rosa hår og kroppen full av tatoveringar og piercingar. Ho spelar i punkrock-band. Og så har ho ei forferdeleg stemor ho ikkje kan fordra. Ein dag lurar faren ho med seg til Red Rock, ein institusjon for vanskelege jenter. Dei som jobbar der gjer alt dei kan for å bryte ned ungdommane for å få dei til å oppføre seg betre, mellom anna gjennom straff og represaliar. Men Brit ser annleis på seg sjølv og veninnene, "Fangesøstrene." Dei er misforståtte og ulukkelege alle som ein, og blir dei verande på Red Rock blir dei øydelagde for alltid! Dei må kome seg vekk, ut! Men korleis skal dei greie det når dei blir overvaka som kriminelle i eit fengsel?


Kong Steve og de hjemløse hjerters blues.
Thomas Fröhling. Cappelen Damm, 2010.

Hip-hoparen Steve frå Holmlia er forelska -big time- og vil gjere kva som helst for at Jenta skal leggje merke til han: Hoppe på ho, kysse, klemme, kaste seg i ein vanndam, gaule som ein ulv...kva som helst! Dette er det einaste han vil og det einaste han klarar å tenkje på. For i hovudet er det kortslutning. Alt grunna Jenta med stor J.




Mørket kaller. (Demonata 9) Darren Shan. Cappelen Damm, 2011.

Grubbs Grady og hjelparane hans har på utruleg vis kome seg levande gjennom kampen mot demonane. Så langt... For nye truslar renn inn. Katastrofar er i emning. Berre Kernel Fleck får vete om helvetet som byggjer seg opp. Eller har det alt starta? Han høyrer i alle fall stemmer som ingen andre kan oppfatte. Men for å finne ut meir må han våge seg vidare inn i mørkret. Og til fylgjesvein har han ein mystisk skapnad som ser ut til å kunne trylle seg om til kva som helst. 




Billy Elliot. Melvin Burgess. Penguin readers, 2008.

Ei hjartevarm historie om den 11-årige Billy som veks opp i eit rått og maskulint gruvearbeidarmiljø. Der blir det forventa at han skal drive med boksing. -Om han skal bli eit skikkeleg mannfolk, altså. Det er berre det at Billy har meir lyst til å danse ballett! Han snublar tilfeldig over Mrs Wilkinsons ballettundervising og blir frelst i same stund. Det syner seg òg at han har eit helt spesielt talent! I byrjinga må han halde den nye hobbyen hemmeleg for ikkje å bli mobba av kameratane og støytt bort av faren. Han får ein stri tørn med å bli respektert som den han er, og livet blir aldri meir det same. Boka er skriven på grunnlag av filmen med same namn og innhald. Engelsk tekst.


Der skyggene faller. Jason Wallace. Cappelen Damm, 2010.

Me er i Zimbabwe på 1980-talet. Krigen er over og ein kar ved namn Robert Mugabe har teke makta, full av lovnader om afrikansk fridom og ei ljosare framtid for landet. Robert Jacklin er ein engelsk gut som nettopp har flytta til Zimbabwe. Alt er nytt, og han kjenner seg framand og forvirra. Det tek ikkje lang tid før han merkar at det gjærar kring han. Dei kvite gutane i klassen vil ha det gamle landet sitt attende og ynskjer den nye, svarte regjeringa langt pokker i vald. Den mest hemnlystne og utspekulerte av dei alle er Ivan. Han har ein siste kamp å utkjempe. Og offeret han har sett seg ut sit øvst i maktpyramiden og heiter Robert Mugabe.


På kongelig befaling. Unge Bond 5: For konge og fedreland.
Charlie Higson. Aschehoug, 2010.

Dette er den femte boka i serien om den unge James Bond. Han har nett vore med på ein livsfarleg redningsaksjon i Alpene. Og no byrjer skulen att. Men ikkje ein gong der er han trygg. Skal han halde seg i live må han flykte, og alt viklar seg til og blir mest for spanande til å halde ut.






Gaven. Cecelia Ahern. Bazar, 2010.

Lou lever eit stressande liv fullt av plikter og ansvar, og han greier aldri å leggje vekk tankane på jobben. Han drøymer framtida, men neglisjerer godene i kvardagen. Tenk om han kunne vere to stader på ein gong! Ein dag i førjolstida treffer han Gabe, som er heimlaus. Han ynskjer å hjelpe mannen og tilbyr han ein jobb i firmaet. Gabe løyser oppgåvene sine bra og er gull verdt på arbeidsplassen. Men kvifor har Lou denne ubestemmelege og uroande kjensla av at Gabe nokre gonger er på to plassar samstundes? Det er ikkje berre jolegåver som inneheld løyndomar. Den unge, irske forfattaren Cecelia Ahern har sidan debuten i 2004 gjort det svært skarpt på salslistene både i heimlandet og på verdsbasis.


Der regnbuen ender. Cecelia Ahern. Bazar, 2006.

Rosie og Alex har kjend kvarandre sidan dei leika i sandkassa. I tenåringsalderen kjem dei bort frå kvarandre, og Alex flyttar frå Dublin til USA. Rosie saknar Alex fælt og får ikkje skikk på livet utan han. Ho vil reise til Boston for å treffe han, men kvelden før reisa skjer det noko som snur tilveret hennar på hovudet. Ho kan ikkje reise. Kan venskapen overleve avstanden og alle åra? Og Rosie blir ikkje kvitt tanken på at dei to kunne ha vore noko meir og større enn vener for kvarandre.





Takk for alle minnene. Cecelia Ahern. Bazar, 2009.

Joyce Conway vaknar opp etter ei frykteleg ulukke og hugsar ting ho faktisk ikkje har opplevd. Ho har aldri sett sine bein i Paris, men har klåre minne om brosteinsgatene der. Kunst har aldri vore hennar interesse, men no er ho reine kunstkjennaren! Og så er det denne draumen om den vesle jenta med ljost hår som kjem til ho om nettene. Kven er jenta? Justin Hitchcock føreleser i kunsthistorie. Han er einsam og nyskilt med eit rastlaust sinn. Han og Joyce har aldri treft kvarandre, men liva deira er samanvovne utan at nokon av dei veit det.




PS: Jeg elsker deg! Cecelia Ahern. Bazar, 2004.

Livet og lukka smilar til Holly og Gerry. Dei har det godt saman og med familie og vener. Kven kan tru at Gerry brått skal bli sjuk og døy? Men det er dette som skjer, og Holly sit att med livet åleine. Men tre månader etter dødsfallet får ho ein pakke i posten. Frå Gerry. Før han døydde har han så godt han kunne prøva å hjelpe Holly til å gå vidare. Han har skrive lister og oppmodingar som tvingar ho til å oppleve nye ting og fylle livet med innhald på eiga hand. For kvar månad har han nye instruksar. Og faktisk blir livet til Holly både artig og lærerikt med "Gerrys metode." Og ikkje minst, kvar månad får ho ei påminning om det fyrste og siste, ja kanskje det einaste som er verdt å seie her i verda: Eg elskar deg.


DVD: PS: I love you. 2007.

Dette er filmatiseringa av boka med same tittel, skriven av Cecelia Ahern. Sjå omtale ovanfor. Av rolleinnehavarane treffer me mellom andre Hillary Swank og Lisa Kudrow. Klypp her.







DVD: Budbringeren. 1997.

Roy jobbar som postbod. Livet er traurig og grått. Han bur i eit rottereir av ein kåk. Han held seg til ein kost av Frosties og kald spaghetti ete rett ut av boksen. Får han eit innfall om å fjelge seg får zalo og muggen oppvaskklut greie seg lenge, sjølv til intimvasken. Personlegdomen står i stil med levemåten: Han sluntrar unna jobben og snokar uhemma i andre sitt privatliv. Skilnaden på mitt og ditt bekymrar han ikkje fælt. Kollegaene er om mogleg enno verre sullikar og utskudd enn Roy, men Roy er i alle fall litt hyggeleg. Livet diltar i veg i sin vante dur. Heilt til han oppdagar Line med dei ljose krøllane og høyreapparatet. Ho er ikkje nett hjarteleg og ikkje lett å kome inn på. Men Roy får like godt tak i nøklane til leilegheita hennar og blir kjend med ho på sitt vis. Men dette er ikkje berre ei skakk-køyrd kjærleikshistorie. For Roy viklar seg inn i verre ting enn kvinnfolk. Brått blir tilveret som postbod dramatisk og farleg, og handlinga vidare er nervepirrande, tragikomisk og til tider svært pinleg...
Klypp her. (YouTube har lagt 18-årsrestriksjonar på klyppet, men du risikerer ikkje å sjå anna enn litt naken hud, herunder eit kvinnebryst på lang avstand.)


DVD: I et speil i en gåte. 2008.

Verda er oppteken med å pynte og handle til jol, men 13-åringen Cecilie er alvorleg sjuk og må halde seg på rommet sitt. Tankane flyg til Sebastian, den spanske guten ho forelska seg i sist sommar. Det fyrste kysset... Han skulle skrive, men... Ho skulle ynskje han var der. Men ein som brått dukkar opp, det er Ariel. Ei natt er han berre der på rommet hennar, og påstår han er ein engel. Han kan fortelje i det vide og breie om livet og æva og såpeboblane til Gud før han forsvinn som ein vind. Men han kjem alltid attende. Til sist lagar han og Cecilie ei avtale: Ho skal fortelje han korleis det er å vere menneske, og han skal fortelje ho om mysteria i himmelen. Ariel blir Cecilie sin hemmelege ven, og samtalene deira om livet og døden hjelper Cecilie gjennom angst og einsemd i ei vond tid. Klypp her.


DVD: Tillsammans. 2000.

Det er 1975, og verdisystem står steilt mot kvarandre i det svenske samfunnet. Elisabeth lever eit besteborgarleg liv med mann og barn, men ein dag får ho nok av fyll og spetakkel og søkjer tilflukt hjå broren Göran. Göran bur i det radikale kollektivet "Tillsammans." Her freistar ein gjeng yngre menneske å leve i pakt med ideala frå hippierørsla. Viktige element i kvardagen er nakenheit, vegetarmat, politikk og fri sex. Men det siste er ikkje så lett. For korleis nyte ein partnar som fører politiske diskusjonar under heile elskovsakta? Og kva når kjærasten blir sjalu og lei seg? Og har han rett til det, eller er det mannssjåvinistisk? Og korleis går det med ungane som veks opp i dette samansuriet? Dei får korkje lov å ete pølser eller lese om Pippi Langstrømpe. For Pippi har jo ei kiste med gullskattar og må vel då reknast som kapitalist? For Elisabeth er det nye livet både forvirrande og forlokkande. Parallelt fører mannen hennar ein ensam kamp for å vinne attende kjernefamilien. Kva varar lengst? Den toeine kjærleiken eller den grenselause fellesskapen? Klypp her.


DVD: Masjävlar. 2004.

Mia er yngst av tre systrer som kjem frå ei lita bygd i Dalarna. No har ho budd lenge i Stockholm, men ingen skjønar kva ho har der å gjere. Og kva driv ho med, eigentleg? Var det ikkje noko med data...? No skal Mia heim til faren sin 70-årsdag. Ho gruar seg til å treffe den uspiseleg veloppdragne og spydige systera Eivor. Systera Gunilla er òg ei utfordring på sitt vis, nyskilt som ho er, sjølvrealiseringa seriøst i vald. Ho kler seg i batikk og snakkar helst om elskaren sin på Bali.
I heimbygda går livet sin vante gang, elgjakt og bygdefestar dominerer samtalene. Og skal ikkje Mia snart kome heim og byggje hus? Ho har jo fått tilbod om tomt? Eivor ligg klar og vaktar på denne tomta, om ikkje Mia snart bestemmer seg. Men kvifor spring Mia brått inn på do? I rusen frå 70-årslaget veltar gamle (og nye) konfliktar og løynd sårheit fram, vent tonesett av nyckelharpa og fele. Masjävlar er ein film om å kjenne seg aller mest åleine og bortkomen når ein er heime hjå sine eigne. Klypp her.


DVD: Å leve, det er å elske. 1995.

15-åringen Stig går på realskulen i Malmö. Livet hans skil seg ikkje stort frå andres. Heilt til han treffer Viola. Viola er den vakraste og deiligaste kvinna han har sett, tenkt på eller drøymt om. Og ho vil ha han, naken og syndig, heile tida.
Dette kunne vore himmelen for ein 15-åring, om ikkje Viola hadde vore klasseforstandaren hans, 37 år og gift. Likevel dyrkar dei kvarandre så langt det går, og båe er like sterkt involverte. Viola sin mann er handelsreisande i undertøy og ein merkeleg skruve som likar å fabulere, gjerne i rusa tilstand og med klassisk musikk inntil. Anten veit han ikkje om utruskapen, eller han vil ikkje sjå det. Men er noko for godt til å vere sant må det ta slutt. Og nokon må sitje att med Svarte-Per. Ofte blir det ikkje den som fortener det mest. Klypp her.


DVD: Commanding heights. The battle for the world economy. 2003.

Filmen er laga på grunnlag av TV-serien "Commanding heights" som tok føre seg ulike idésystem og synte korleis desse har verka inn på verdsøkonomien.
I dag speler marknadsøkonomien hovudrolla, og alternativ som plan- og kommandoøkonomi har måtta vike plassen. Globaliseringa vinn fram, og det er ei utvikling det blir lagt til rette for og som i mange miljø blir ynskt velkomen. Men skepsisen til marknadsløysingar er veksande, og politikaranes økonomiske vegval vekkjer debatt. DVD-en inneheld intervju med leiande politiske og økonomiske tenkjarar som til dømes Bill Clinton, Mikhail Gorbatsjov og Dick Cheney.


Teikneserie: Point Blanc. (Alex Rider 2)
Antony Johnston og Kanako og Yuzuru. Cappelen Damm, 2010.

Dette er ein teikneserieversjon av andre boka om Alex Rider. I fyrste boka, Stormbreaker, blei Alex spion mot eiga vilje. I denne er han attende på skulebenken og freistar få taket på sitt nye dobbeltliv, som mellom anna fører med seg dobbelt opp med lekser... Men snart får han verre utfordringar å bale med. Etter at to av dei mest framståande mennene i verda "tilfeldig" døyr, syner etterforskinga at dei berre hadde éin ting til felles: Båe hadde søner på Point Blanc, ein luksuriøs skule for vanskelege ungdommar frå overklassemiljø. Alex får i oppdrag å infiltrere skulemiljøet og snuse opp mistenkelege hendingar. Gøymt bak falsk identitet og væpna med avansert spesialutstyr oppdagar han litt av kvart.


Teikneserie: Fotnoter i Gaza. Joe Sacco. Cappelen Damm, 2010.

Byen Rafah ligg heilt sør på Gazastripa, på grensa til Egypt, midt i brennpunktet for konflikten mellom israelarar og palestinarar. Dette er ein nedslåande og dyster, og ikkje minst farleg stad. I denne byen blei 111 palestinske flyktningar skotne av israelske soldatar ein blodig dag i 1956. Hendinga har meir eller mindre forvunne i ein endelaus straum av blodbad og massakrar. Men det er denne hendinga Jo Sacco tek utgangspunkt i for sitt ambisiøse teikneserieverk om israel-palestinakonflikten. Mellom anna fordi ho synleggjer dei konkurrerande sanningane som tørnar i hop i ein krig. For betre å forstå kva som eigentleg skjedde -og til dagleg skjer- i dette området reiser Jo Sacco til Gaza og tek del i livet til dei som lever der, skulebarn og flyktningar, enkjer og sjeikar. Gjennom deira stemmar blir me introduserte for ei femti år lang motsetnadsfylt historie. Slik lukkast han i å gjere ei ihopfløkt og for utanforståande mest ufatteleg konflikt nær og skjøneleg.


Teikneserie: Anunnaki. Håvard S. Johansen og John S. Jamtli. Egmont, 2009.

Apokalypsen er eit faktum. Romvesen er i ferd med å ta over jorda. Ei mor freistar lose sine to barn gjennom eksplosjonar og konspirasjonar, i redsle for robotar, UFOar og andre skremmande fenomen. Er det beste og tryggaste å berre bøye seg for overmakta?





Teikneserie: De fire store. Bukk fra luften, bukk fra bunnen, Obstfelder er forsvunnen. Øystein Runde og Geir Moen. Cappelen Damm, 2010.

Teikneserieroman om dei fire største diktarane Ibsen, Kielland, Bjørnson og Lie. Her går spanande eskapadar stup i eitt med henvisningar til store verk frå den norske litteraturhistoria. I førre bok hoppa Ibsen ned i eit borehol i Nordsjøen, og Bjørnson mistenkjer no at det er ein samanheng med Ludvig Holbergs skildring av ei anna verd i sentrum av jorda. Og på kammerset til Sigbjørn Obstfelder er veggane nedskribla med to ord om att og om att: "Feil klode." Kva skal dette bety?




Vi barna på Freida. Når andre må passe på oss. Jorun Treverket og Jorunn Kopperud (ill.) Libretto, 2004.

Boka er retta mot barn og dei som jobbar med barn eller har tenkt å gjere det i framtida. Boka omhandlar barn som veks opp på institusjon. Me blir kjende med nokre av barna på barnehjemmet Freida. Alle har dei erfaring med korleis det er å bli teken vare på av andre enn foreldra. Desse barna kan fortelje oss noko viktig om tilhøyrsle og om tryggleik. Boka har eit enkelt språk som barn kan lese sjølv, men innhaldet kan vere utfordring god nok for ein vaksen. Forfattaren er utdanna barnevernspedagog.


Jeg er meg! Min meg. En bok om kropp, gode og vonde følelser, ulovlige hemmeligheter og berøringer.
Eli Rygg og Margrete Wiede Aasland. Høyskoleforlaget, 2009.

Boka har vekselvise kapittel skrivne for barn og vaksne. Tanken er at vaksne skal kunne samtale om vanskelege tema som incest og misbruk saman med barn. Siktemålet er å gjere barn medvitne om eigne fysiske og mentale grenser, for betre å kunne handheve dei i møte med andre, særleg vaksne. Er ein trygg på kva ein synest er greitt og kva ein synest er ekkelt er det lettare å reagere konstruktivt og eventuelt seie i frå om ting ein ikkje likar. Det er nemleg ikkje alle løyndomar ein skal halde på. For dei vaksne er boka ei påminning om at alle barn treng å bli sette, men nokre treng det meir akutt enn andre. Då gjeld det å møte dei på ein god måte og ikkje minst setje i verk tenlege tiltak for at dei raskt skal få hjelpa dei treng. Boka høver for samtaler med barn i alderen ca 4-8 år.


Minnested. Laila Haugan, Ellen Carlén Idebøen, Mette Kvandal (red.)
Kunst i offentlige rom, 2008.

Denne boka er tenkt som ei forlenging av minnesmerket Interferens (av bilethoggaren Jon Audun Hauge) som blei laga etter den store tsunamikatastrofen jola 2004. Minnesmerket er på Bygdøy i Oslo. Tanken er at dei som ikkje har moglegheit til å reise dit skal kunne minnast ofra gjennom boka i staden. I boka finn ein fotografi av kunstverket tekne gjennom fire årstider, ei novelle av Frøydis Alvær, samt ein artikkel av kunsthistorikaren Øyvind Storm Bjerke. Boka blei laga i samband med fireårsmarkeringa for katastrofa, men er brått blitt aktuell att i desse dagar. Boka er gjeven i gåve frå Kunst i offentlige rom.


Litt grønnere. 365 ting du kan gjøre for miljøet. Grønn hverdag, 2007.

Kva kan DU gjere for miljøet? Utgangspunktet for boka er at me faktisk KAN utgjere ein skilnad med dei daglege vala me tek. Og det treng ikkje vere så vanskeleg. Små endringar i kvardagsrutiner og handlevaner kan vere med på å avgrense avfallsmengda og giftbelastninga på naturen. Og som ein bonus vil du òg kunne spare pengar og få betre helse! Boka kjem med heilt konkrete tips som er lette å gjennomføre.





Sportsquiz. Øystein Kramer-Johansen. Vega, 2010.

Her får du spørsmåla til påskekosen på hytta! 1000 spørsmål og svar om norsk og internasjonal sport. Alle idrettsgreiner er representerte. Fyr på peisen og finn fram kakaoen og ein passande motstandar. Så er det berre å setje i gang med briljeringa! Og for deg som ikkje kan noko om idrett går det sjølvsagt an å lese boka som ei faktabok og dermed stille betre rusta til neste års kunnskapskamp!





Surfing. I fart over bølgene. Steffen Kjær. Flachs, 2009.

No er det på tide å planleggje sommaraktivitetane. Kanskje skal du reise ein stad der det går an å surfe i sommar? Surfing er ein sport ein kan bli hekta på, men boka vender seg fyrst og fremst til nybyrjarar. Lettlesen faktabok med mange bilete.







Årstall og holdepunkter i norgeshistorien. Lars Borgersrud. Spartacus, 2010.

Har du full kontroll på noregshistoria? Ikkje...? Vel, då finst det ei råd! Dette er boka for deg som har det travelt og treng å få alt inn i kortversjon. Eller for deg som kan så mykje at du føler du har mista oversikta litt. Boka tek føre seg heile historia i kronologisk og komprimert form der hovudlinene trer tydeleg fram.







Avtale med en avdød og andre møter med åndeverdenen. Tor-Carsten Nygren. Centrum, 2007.
Tor-Carsten Nygren har sett meir død enn dei fleste. Han jobbar som obdusent.
Ein skulle kanskje tru at ein med eit slikt yrke har eit fullstendig jordnært syn på døden, men i denne boka deler han eigne og andre sine erfaringar med englar, hjelparar, gjenferd, astralreiser, UFO-ar og andre fenomen som vanlegvis blir rekna for overnaturlege. Til saman får me 68 historier om mystiske opplevingar i samband med døden. Kanskje er det ikkje slutten likevel når hjarta sluttar å slå?
Margit Sandemo har skrive føreordet.



Da mennesket skapte verden. Johan Norberg. Orkana, 2008.

Kva har den industrielle revolusjonen hatt å seie for den velstanden me nyter i dag?
I boka blir det teke eit oppgjer med dei nostalgiske førestellingane mange har om gamle dagar. Levekåra var i røynda svært usle for det breie lag av befolkninga for 100 og 200 år sidan. Forfattaren kritiserer òg utviklingsfiendtlege krefter og illustrerer poenget sitt gjennom å syne til aktuelle debattar om kapitalisme, bedriftsetikk og miljøspørsmål. Og korleis går det med lukka vår oppi det heile?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar