Då er det jammen godt å vete at nokon har gått i førevegen og gjort grovarbeidet!
Detektor emneportal er ei teneste som er utvikla og driven av Deichmanske bibliotek i Oslo.
Teamet som driv tenesta samlar og kvalitetsvurderer nettstader som kan vere aktuelle for skuleelevar, lærarar og andre interesserte som søkjer truverdig kunnskap innanfor ulike fagområde i samband med oppgåveskriving og prosjektarbeid.

Sidene som slepp gjennom nålauget har blitt vurderte med vekt på fylgjande punkt:
- Informasjonen skal vere påliteleg og sakleg
- Sidene skal vere oppdaterte
- Det skal vere gratis å bruke dei
- Innhaldet skal ikkje vere i strid med norsk lov
- Det skal vere tydeleg kven som står bak informasjonen
- Sidene skal vere brukarvenlege og ryddige
- Sidene skal helst ikkje vere skjemma av reklame
- Stoff publisert av offentlege instansar blir prioritert
- Sider på norsk får forrang
Døme på emne du kan søkje innanfor:
Det beste er: Det er enkelt å bruke tenesta! Du kan søkje på fleire forskjellige måtar, enkelt og avansert, og ikkje minst velje kor djupt du vil gå.
Fint å bli minna på dette. Veit jo at den eksistrer, men fort å gløyme i farten. Eg tenkjer den kan vera eit godt verktøy for lærarar også.
SvarSlett