torsdag 9. desember 2010

Nye titlar i Vest-Telemark VGS si samling. Veke 49.

Alle titlar kan lånast på Tokke bibliotek viss ikkje anna er nemnt.

NB! Dette er berre dei nye titlane som skulebibliotekaren kjøper inn, og det er for det meste fagbøker og dokumentarar. Men hugs at Tokke bibliotek òg får inn ei røys nye, spanande bøker, CD-ar og filmar kvar veke. Mellom anna all den nyaste skjønnlitteraturen, frå kjærleiksromanar til krim.
Ta deg ein tur og sjekk ut tilbodet, då vel!

OBS: Grunna etterslep på registrering og bokomtaler vil det ei tid bli publisert lister over titlar som blei innkjøpte tidlegare i år. Etter kvart vil listene få større aktualitet.


Den forsvunne diamanten. Historien om fotballens mørke side. Lars Backe Madsen og Jens M. Johansson. Tiden, 2008.

Med utgangspunkt i den kjende John Obi Mikel-saka tek boka føre seg handelen med mindreårige afrikanske gutar i fotballverda. Der er det nemleg astronomiske pengesummar i omløp, noko som gjer eit par gode driblebein til handelsvare på høgt nivå. Gutane blir lokka til Europa med løfte om fotballkarriere og rikdom.
Men innfrir dei ikkje forventningane blir dei "dumpa," og mange finn ein seinare att på gata i europeiske storbyar. Avsløringane me kan lese om i boka involverer dei største klubbane i Europa, som Arsenal, Manchester United og Barcelona.


Æresdrap. Menn som drep kvinner. Ayse Onal. Samlaget, 2008.

I Midt-Austen er æresdrap eit velkjend fenomen, og sakene i media er mange. Det har òg blitt skrive tallause artiklar, mastergradsoppgåver og bøker om dette kontroversielle temaet. Det spesielle med denne boka er at drapsmennene sjølv kjem til orde. Forfattaren har intervjua menn som har drepe mødrene, systrene og døtrene sine for om mogleg å kome nærare ei forståing av kva som ligg bak slike grufulle handlingar. Finst det grenser for kor langt ein kan gå for æra si skuld? I boka får me gripande personlege historier sett inn i ei objektiv, historisk ramme. Forfattaren har arbeidd med politikk og kriminalitet i Midt-Austen i 20 år.

Metode og oppgaveskriving for studenter. Olav Dalland.
Gyldendal akademisk, 2007.

Denne boka tek opp praktiske utfordringar i samband med oppgåveskriving og gjev ei innføring i samfunnsvitskapleg metodikk. Korleis samle inn data? Korleis gjennomføre undersøkingar ved hjelp av såkalla kvalitativt intervju og observasjon? Ein får òg råd om korleis ein kjem seg gjennom sjølve skriveprosessen, med utforming av problemstilling, oppbygging av teksten og presentasjonsform.
Denne utgåva er tilpassa dei nye krava som har kome til bacheloroppgåva på høgare utdanning. Boka kan vere grei å kikke i for dei som tenkjer seg inn på høgskular og universitet etter vidaregåande og vil førebu seg til krava til oppgåveskriving som gjeld der, og på fleire andre arenaer i samfunnet.

ORKAN! Enorme naturkrefter. Anne Rooney. Estess, 2008.

Lyst til å skjøne korleis orkanar, syklonar og tyfonar oppstår? Og kva er eigentleg skilnaden mellom desse? Denne boka fortel korleis dei sterkaste vindane oppstår langt ute på havet og om alt rotet dei steller i stand når dei treffer land. Ein får lære om naturkreftene frå ein naturvitskapeleg ståstad, men boka rommar òg historier om verkelege hendingar, som til dømes tyfonen som ramma Bangladesh i 1970 og tok livet av ein halv million menneske. Lettlesen bok med mykje oversiktleg informasjon og mange bilete.

TSUNAMI! Enorme naturkrefter. Anne Rooney. Estess, 2008.

Tsunamiar er enorme flodbylgjer som oppstår som konsekvens av jordskjelv, ras og vulkanutbrot. Som me alle veit kan desse skape katastrofar av ufattelege dimensjonar. I denne boka lærer ein om geologien og fysikken som ligg bak dette naturfenomenet, men òg om konsekvensane for menneske og samfunn der tsunamien rammar. Mellom anna kan me lese om tsunamien som i desember 2004 tok 300 000 menneskeliv i Asia. Lettlesen bok med mykje oversiktleg informasjon og mange bilete.

OVERSVØMMELSE! Enorme naturkrefter. Anita Ganeri. Estess, 2008.

Kva er flaum, korleis oppstår flaum og på kva måtar skapar fløymande vatn problem for oss menneske? Finst det forskjellige slag flaum? Boka forklarar alt dette, samt fortel historia om verkelege flaumar verda har vore utsett for. I 1931, til dømes, drukna fem millionar kinesarar då vatnet steig og tok sine eigne vegar. Lettlesen bok med mykje oversiktleg informasjon og mange bilete.



Gigantlastebiler. De sterkeste, raskeste og kraftigste kjøretøyene som finnes. Damm, 2008.

For deg som likar motor og mekking er boka triveleg tidsfordriv. Rett nok er barn målgruppa for boka, men det er ikkje fritt for at ungdom og vaksne med interesse for ting som durar òg kan lære noko nytt. Om ikkje anna er boka full av tøffe og detaljerte bilete, og her er mykje imponerande å sjå! Enorme, drønnande doningar fyller boka frå byrjing til ende.


Monstermaskiner. Verdens største, tyngste og villeste kjøretøy.
Damm, 2007.

Boka er av same slag som den ovanfor. Her får du stilige bilete av dei største og tyngste køyretøya som finst, samt fakta om kvart køyretøy. Her er ingenting for stort, ingenting for ekstremt! Denne boka er artig å sjå i for alle som har evna til å late seg imponere av teknikkens vedunder, ein treng ikkje vere bilinteressert!




Fly. Ian Graham. Estess, 2008.

Er du ein av dei mange som ikkje kan fatte og begripe korleis ein metallkoloss kan lette og flyge i lufta? Då treng du ikkje lure meir. Denne boka gjev deg nemleg svaret på alt som har med fly og flyging å gjere, på eit enkelt og lettfatteleg nivå med mange bilete. -Korleis fungerer ein jetmotor? Korleis styrer piloten flyet? Kva er dei til, desse flapsane og flopsane på vengjene som underheld og skremmer oss med si gåtefulle rørsle der me sit og glor ut flyvindauget? Korleis funkar eit helikopter?
You name it: svaret finn du her!

Anleggsmaskiner. Terry Jennings. Estess, 2008.

Korleis greier ei gravemaskin å lyfte så tungt? Kva er ei pelemaskin? Korleis verkar eit trykkluftbor? Korleis kan ei heisekran heise opp seg sjølv? Kva for maskiner nyttast til tunnelbygging? Kva heiter maskinene som sperrar vegen for oss når det er vegarbeid på gang? Denne boka forklarar alt dette på ein enkel måte, med mange bilete og stor skrift.




Utrykningskjøretøyer. Ian Graham. Estess, 2008.

Her får du vete korleis eit brannslokkingsfly verkar, lære om spesialkøyretøya dei nyttar på flyplassane, korleis redningsbåtar er konstruerte og korleis dei arbeider, kva luftambulanse er, sjå kva mystisk utstyr dei har i politibilane osb. Velkomen inn i ei fascinerande verd av elektronikk og spesialutvikla hjelpemiddel! Boka har enkel tekst og mange store bilete.



Dette bør du vite om piercing og tatovering. Paul Mason.
Estess, 2004.

Denne boka er ein del av serien "Dette bør du vite om..." som freistar avsløre myter og misforståingar om tema som mange har meiningar om, men få veit særleg mykje om. Og som kanskje er vanskelege å snakke om. Her kan du lære om dei forskjellige metodane som nyttast ved piercing og tatovering, og ikkje minst om kva som skjer om arbeidet ikkje blir rett utført. Boka tek òg føre seg historia bak og ikkje minst dei vekslande haldningane i samfunnet til kroppspynt som dette. Teksten er lett å forstå og er krydra med fargefotografi.


Uteliv. David Åleskjær og Jan Luneborg. Humanist, 2009.

Gjennom denne boka kan du få deg nokre vekkjarar om korleis du ser på deg sjølv og andre. Her får du nemleg vere med på ei vandring under bruene og til benkane kring Oslo S. Kven er desse menneska som held til her, desse unge og gamle, stygge og vakre med bøygd hovud og skjelvande kne? Og ikkje minst: korleis hamna dei her, korleis blei livet slik eit slit? I boka blir du kjend med dei, og med menneska som går forbi utan å sjå dei.

Aspergere fra A- og nesten til Å. Miljøterapi i forhold til voksne personer med Aspergers syndrom. Jennipher C. Bingham. Licentia, 2010.

Målet med denne boka er å gje eit innblikk i verda til vaksne menneske med Aspergers. Korleis ser røynda ut for dei, korleis tenkjer dei og opplever ting? Dette kan vere interessant lesnad for alle som omgåast aspergerar, anten som vener og familie eller som profesjonelle. For dei som tenkjer seg inn i eit helse- eller sosialfagleg yrke gjev boka ei systematisk framstilling av egostyrkande sjukepleie og dekkjer dei fleste hovudområde innan miljøterapi for aspergarar. Det er spesielt lagt vekt på kor viktig det er å sjå kvart unike menneske for seg og på dei praktiske konsekvensane av syndromet.

Du gjør bare sånn! Bruk av digitale verktøy sammen med barna.
Nina Bølgan. Fagbokforlaget, 2009.

Korleis kan ein integrere digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet i barnehagen? Boka vender seg til ferskingane blant barnehagepersonalet som kanskje har begrensa erfaring med å bruke datamaskin, kamera og andre digitale verktøy, men som likevel må oppfylle intensjonane i rammeplanen. Sidan ungane er både nyfikne og kreative kan dette bli ein morosam og gjevande jobb! Og med denne boka får du både fagleg grunngjeving og praktisk hjelp til å forstå og bruke moglegheitene til læring som ligg i dei digitale hjelpemidla. Forfattaren er fyrstelektor i pedagogikk ved førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Oslo.

Bare en liten visitt i helvete. Rolf Bergsten. Snøfugl, 2008.

Rolf Bergsten frå Hakadal blei fyrst avvist som frivillig i Finland sin krig mot russarane, og vende seg då til den tyske hæren. I denne sjølvbiografiske boka ser han attende på ei sterk livshistorie med liv og død, svelt og vonløyse. Han fortel om kampane i grensetraktene mellom Finland og Russland, med historiar frå oppveksten som bakteppe. Fleire av venene hans døydde på slagmarka. Rolf kom attende til Noreg, kor han blei dømt for landssvik.




DVD: The road. 2009

Filmen er basert på en roman med same namn (på norsk: Veien) av Cormack Mc Carthty. Rollene blir spelte av mellom andre Viggo Mortensen, Charlize Theron og Robert Duvall. Handlinga er like gripande som enkel: Ein far og son vandrar einsame gjennom eit forkulla, fullstendig livlaust månelandskap. Kulda er uuthaldeleg og snøen som fell over dei er ikkje kvit, men grå. Dei går og går, men er på veg ein plass der kanskje ingen ventar på dei. Kanskje ikkje ein gong ei framtid. Det einaste dei har er kleda sine, ei handlevogn med mat og ein pistol. Og kvarandre. Skal dei orke dette slitet? Kvifor ikkje berre leggje seg ned og døy? Men kan ein far ta eit slikt val for sonen sin?

DVD: Life. 2009

Storslagen naturdokumentar på 4 DVD-ar laga av BBC. Her får du alt du reknar med frå den kanten: Bergtakande bilete, kaskadar av fargar, forbløffande scener.
-Og Sir David Attenborough. Det spesielle med denne filmen er at kameraet kjem nærare enn det nokon gong har gjort, og mykje av stoffet er filma for aller fyrste gong. Me får sjå kva for ekstreme utfordringar livet tilpassar seg og kjem langt innunder huda på livsunderet. Utstyret som er bruka er sjølvsagt det ypparste som finst å få.
Og produktet blir deretter: Dyre- og planteriket kjem rakt inn i stova di med alt sitt mirakuløse mangfold. Topp underhaldning og ny kunnskap hand i hand!

DVD: Roald Amundsens sydpolsferd 1910-1912. 2010

Denne filmen inneheld Roald Amundsen sine originale filmopptak frå ekspedisjonen der han oppdaga sørpolpunktet. Filmopptaka er med i UNESCO sitt register Verdens hukommelse, og der er det svært få filmar som har fått innpass. Materialet er restaurert og blir her synt i fire ulike versjonar, med nyinnspela og spesialkomponert musikk.
DVD-en inneheld òg intervju med polfararane Liv Arnesen og Børge Ousland, samt filmfotograf Hallgrim Ødegård. Som om ikkje dette er nok fylgjer det med ei rikhaldig bok som set det visuelle materialet inn i ein historisk samanheng.

DVD: Maradona. 2008

Dette er filmen om mannen mange meiner er verdas beste fotballspelar gjennom tidene. Diego Maradona er ein mangefasettert person frå enkle kår, som har dribla seg opp til eit eventyrleg liv og ein status som levande legende. Han har motteke ovasjonar både for fotballspelet og samfunnsengasjementet sitt. Han har til tider levd hardt, og misbruk av narkotika og andre nytelsesmiddel er ein del av hans historie. I denne dokumentarfilmen kjem me tett inn på stjerna, og som ein bonus får me òg bli kjende med ein annan helt, nemleg filmregissøren Emir Kusturica. Manu Chao og Sex Pistols sørgjer for musikken.

DVD: Billy Elliot. 2000

Ei hjartevarm historie om den 11-årige Billy som veks opp i eit rått og maskulint gruvearbeidarmiljø. Der blir det forventa at han skal drive med boksing. -Om han skal bli eit skikkeleg mannfolk, altså. Det er berre det at Billy har meir lyst til å danse ballett! Han snublar tilfeldig over Mrs Wilkinsons ballettundervising og blir frelst i same stund. Det syner seg òg at han har eit helt spesielt talent! I byrjinga må han halde den nye hobbyen hemmeleg for ikkje å bli mobba av kameratane og støytt bort av faren. Han får ein stri tørn med å bli respektert som den han er, og livet blir aldri meir det same.
Dette er ei spesialutgåve med mykje ekstramateriale.

DVD: Broom. 2009

Har du bildilla? Då har du kanskje sett TV-serien Broom på TV2? På denne DVD-en er høgdepunkta frå fyrste sesong samla, pluss rikhaldig bonusmateriale. Her blir raske bilar testa, og du får forbrukarråd om ulike bilmodellar osb. Programleiar Jan Erik Larssen held rattet under kontroll gjennom svingane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar