tirsdag 16. november 2010

Drøymt noko i natt? Drøym vidare med e-diktet...

Minst ein gong om dagen bør vi høyre ein liten song, lese eit godt dikt, sjå eit vakkert bilete, og om mogeleg – seie eit par fornuftige ord.
Johann von Goethe

Kvifor det? I alle fall ikkje fordi eg eller Goethe har sagt det! Men det er berre å prøve, så finn du sjølv ut kva det skal vere godt for. Kulturelle påfyll gjer deg rikare!
Og med tenesta e-diktet får du eit dikt rett i e-postboksen din ein gong i veka, og det er jo ei god byrjing! Har du ikkje meldt deg på enno? Gå inn på denne sida og fyll ut nokre få opplysningar, så kan du byrje gle deg til poetisk post!

Her er diktet denne veka, henta frå e-diktet sine heimesider:

Eg drøymer som ein måne

Eg drøymer som ein måne
full av gammalt dagslys
som han får kasta på seg
av gamle, gule sol.

Eg drøymer som ein måne
mørk og tom og bakom
i den store sirkelgangen
rundt gamle, gule sol.

Eg drøymer som ein måne
at eg ikkje går i bane
at eg sviv i stjernerommet
i mi halve, mørke kåpe
som eg stal i utegangen
til gamle, gule sol.

Mary Bente Bringslid

2 kommentarer:

  1. http://eyerex.blogspot.com/2010/04/remove-white-border-round-image-on.html

    Og vips var de hvite kantene rundt bildene på bloggen vår borte!!

    Takk for mange hyggelige kommentarer.Fin blogg dere har også. Likte godt noen av videoene fra YouTube. Kanskje jeg hermer litt?

    Marit

    SvarSlett
  2. Eureka og halleluja på ein gong! Dette var svært kjekt å få tips om! Den som leitar på nettet (med litt større tolmod enn meg...) finn oftast svar til slutt. No skal kvitkantane til pers, takka vere deg! Ja, me fekk jo i kurslekse å kommentere kvarandre, og det var eit bra tiltak synest eg! Sjølv ventar eg framleis (noko molefonken) på det store kommentatorpresset her på bloggen, men dette hjelpte litt! Tusen takk! PS: Kor ville verda vore utan herming?

    SvarSlett