Å absentere seg: å fjerne seg.
Uttrykket er eit verb som berre blir nytta i denne forma, med refleksivt pronomen (seg). Altså kan ein be ein plagsam, irriterande person om å absentere seg. Men ein kan ikkje absentere ein plagsam person!
Ordet kjem av det latinske absentia som tyder fråvere, og er mellom anna registrert bruka i Henrik Ibsen si dikting. Kjelde: Utryddingstruede ord av Astrid Skår.
Bruksdøme:
Vær så vennlig å absentere deg, jeg utstår ikke mer av maset ditt!
Under etiketten Raritetskabinettet tek eg føre meg ord og uttrykk som av meir eller mindre forståelege grunnar har hamna i den språklege bakevja.

Meiningsløysa aukar der synonyma tryt!*
*Mottoet for denne etiketten, fritt etter Arne Berggren sitt føreord til fyrste utgåva av Utryddingstruede ord av Astrid Skår, bind 1.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar