mandag 8. november 2010

Løgner og lengt: Thunder road av Erlend Kaasa.

Forfattaren av Thunder Road kjem frå Åmot i Vinje, Telemark. I boka, som er hans fyrste, har han lagt handlinga til sin opphavlege heimplass.

Boka rommar ei oppvekstskildring og fleire fine kjærleikshistorier. Hovudpersonen er Mattis Dragstige. Me får vere med Mattis på skulen, på konfirmasjonsleir, på bergenstur, på fest. Det kokar kring han; av drikkevarer og tobakk, hormon, intrigar, kjønnsorgan i meir og mindre frivillig rørsle og alt anna som fylgjer med om ein tilfeldigvis er tenåring. Og musikken er alltid der. Og den må vere av rette sorten. AC/DC er tøft, og Bruce Springsteen er drit. Nemleg.
For musikksmaken er med på å definere Mattis vekk frå "dei andre."

Det same er inderlegheita. Mattis er ein oppriktig og kjenslevar kar. Han både drøymer og snakkar om damer, (men eigentleg berre om Åsne) men kjenner seg ikkje heilt tilpass i den utagerande festinga og det brautande, grove snakket til klassekameratane. Og medan dei jamgamle stort sett er opptekne av puling gøymer Mattis hårstrået til si utkåra jente under hovudputa.
Og nyttar veker og månader av sitt unge liv til å lage ei heilt spesiell gåve til ho, i von om at han skal greie å røre ho til tårer. Venen Aslak lèt til å vere av om lag same sorten, og dei skjønar kvarandre godt.
Men diverre skjer det seg mellom dei, og det er feigheita til Mattis som har skulda for brotet.
Så Mattis blir slengande rundt åleine når han ikkje er med Åsne eller bestefaren.

Dei får ein spesiell venskap, Mattis og Åsne, men premissa for venskapen er ikkje dei same for dei båe.
Og kva er det for rykte han høyrer om ho? Mattis vil ikkje lyde på sladder, og det kan umogleg vere sant. Han kjenner jo Åsne og ho er ikkje slik. Men kvar gong han greier å skuve sladderen unna seg dukkar han opp att. Til slutt får han alt midt i fleisen. Det er verre enn han trur, mykje verre.

Som. Det. Svir.

Venskapen mellom Mattis og bestefaren er òg særs vent skildra. Dei arbeider i snikkarverkstaden saman og talar om viktige ting, til dømes om kjærleiken som er altfor stor for eit lite liv, som bestefaren seier.
Dei kjem kvarandre svært nære. Men ikkje så nære som Mattis trur, skal det syne seg. Men då er bestefar død og kan ikkje svare for seg eller mildne det såre raseriet Mattis sit att med.



Eg vedgår at eg utsette lesinga av Thunder road ei god stund, og det var mest på grunn av teksten på baksida av boka. Utdraget gav eit noko bråkjekt og plumpt inntrykk og det eggja ikkje leselysta mi. Dessutan, verda er full av bøker om ungdomsår i relativ einsemd der det sorgmuntre er ispedd ei passande dose fyll, puppar og pop. Skulle eg gidde? I ettertid har eg tenkt på baksideteksten som eit billig grep, eit feilgrep frå forlaget si side. For boka fortener betre.

Men fyrste kapittel gjorde meg mildare stemt. Trass i ei kitlande kjensle av å heile tida vere ei hårsbreidd frå klisjémakeriet; den sikre stilkjensla og den talande biletbruken fekk skepsisen eg opna boka med til gradvis å løyse seg opp. Opningsscena er nærast filmatisk, og sjølv om det neppe er originalt, korkje i bok- eller filmsamanheng, fungerte det fint. Ikkje minst forstod eg dette då boka var ferdiglesen.

Eg vil elles seie at biletbruken og språkføringa til forfattaren utmerkar seg jamt gjennom heile boka. Innimellom er det ei rein nyting å røyne kor snertent og grasiøst han rissar opp alt du treng sjå, vete og forstå for å ta handling og meining inn over deg. Det er særeige, av og til på grensa til sært, men aldri over. Og det verkar aldri tilgjort. Han har nok henta inspirasjon frå forfattarkollegaer, og Ragnar Hovland er eit namn eg trur må vere representert i Erlend Kaasa si private bokhylle. Det er noko hovlandsk over visse vendingar og synsmåtar. Men det kan ingen klandre Kaasa for, for dette er dyktig gjort.
Og fyrst og fremst verkar det rotekte kaasask.

Det viktigaste av alt er at det språklege og forteljarmessige raffinementet aldri går ut over leseflyten. Ein får seg ei utfordring av og til, men dett aldri av lasset. Eg vil totalt sett seie at dette er ei lettlesen bok som passar både for dei som er i tenåra, og for alle som nokon gong har vore det.

Når boka no er fordøydd sit eg att med ei hovudkjensle: Boka handlar om å vere så glad i nokon at ein ikkje ser -eller vil sjå- at ein kvar dag blir sviken. Av den same personen. Og om det mest smertefulle av alt som finst:

At det av og til ikkje er nok å gje alt ein har. Det kan likevel vere som ingenting for ein annan.

Dette er meisterleg skildra i alle fasettar; utan eit overflødig ord. Og ofte heilt utan ord.

Ei god bok, ei spanande bok. Og ei stor bok. Les boka du òg!


Og her kan du høyre forfattaren sjølv lese utdrag.

1 kommentar: