Absurdistan: Staden der det absurde høyrer heime.
Slangordet kan bli nytta for å streke under kor sært eller meiningslaust noko er. Då kan ein seie at tingen/fenomenet kjem frå Absurdistan. Eller burde reise dit! Kjelde: Norsk slangordbok av Tone Tryti.
Bruksdøme:
Fårepølse og peanøttsmør på same brødskive? Lært å lage mat i Absurdistan, eller?
Argumenta dine er så urimelege at ein skulle tru du kom frå Absurdistan!
Under etiketten Raritetskabinettet tek eg føre meg ord og uttrykk som av meir eller mindre forståelege grunnar har hamna i den språklege bakevja.

Meiningsløysa aukar der synonyma tryt!*
*Mottoet for denne etiketten, fritt etter Arne Berggren sitt føreord til fyrste utgåva av Utryddingstruede ord av Astrid Skår, bind 1.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar