mandag 17. januar 2011

Innhaldsdeklamasjon!

Innhaldsdeklamasjon? Du trur eg blingsar no, kva?
-At eg meiner innhaldsdeklarasjon, som er ei forteikning over kva ei vare inneheld av ingrediensar? Nei, eg meiner deklamasjon.

Og å deklamere, det vil seie å tale høgttravande og svulstig om eit tema, viss me skal tru ordboka på nett.

Og det er det eg har planar om å gjere no.
Eg skal tale litt høgttravande og svulstig om innhald.

Dette har lege meg på hjarta heilt sidan eg tok føre meg bokhyller i alle format, vinklar og vridningar i denne bloggposten. Etter å ha fokusert såpass mykje på staffasjen som omgjev bøkene syntest eg det var på tide å minne om at det einaste som verkeleg betyr noko ved ei bok er...det som faktisk står i ho.

Og kven er det som avgjer om det som står i ei bok er bra, interessant, viktig eller verdifullt?
Jo, det er det du som gjer. Ikkje lat nokon lure deg til å tru noko anna.

Det er nok av dei som prøvar å bestemme over meininga di: Bokmeldarane, bokklubbane, bokhandlane, reklamen, læraren din, bibliotekaren din, venene dine, foreldra dine...alle skal dei ha eit ord med i laget. Denne boka er bra og denne er dårleg! Berre så du veit det! Men skal ein stole på alle desse skrikhalsane?

Til dømes har du heilt sikkert lese utanpå ei bok at ein eller annan kjendis nærast garanterer for at du ikkje vil greie å leggje ho frå deg, at det er den mest fantastiske boka som nokon gong er skriven, at ho kjem til å forandre livet ditt? Og ikkje minst at ho høyrer heime i alle bokhyller med respekt for seg sjølv?

Og omslaget er kanskje både glansa og glorete, med gilde bilete og innsmigrande fargebruk. Ein designar har tydelegvis fått godt betalt frå forlaget for at du skal få lyst til å lese denne boka.

 Men det er noko som heiter at jo meir på utstilling, jo mindre på lager.

For kanskje les du boka, grundig og godt til og med. Men same kor hardt du prøvar gjev ho deg ingenting. Jo, det var kanskje ei heilt grei historie, kanskje litt spanande til og med, men...

Noko vidare var det ikkje. Stutt tid etter boka er klappa igjen er ho gløymt. Og viss nokon spør deg seinare om du har lese boka er du kanskje ikkje sikker.

Du hugsar i alle fall ikkje kva ho handla om.


Var det så ei dårleg bok? Nei, det var det kanskje ikkje. Men det var ikkje ei bok for deg. Ikkje no.
Kanskje vil det aldri bli ei bok for deg. Men for nokon andre?

Det er det som er så flott: Det finst ei bok for alle! Og det finst ei bok for deg!
-Den som gjer inntrykk og grip deg, den som røskar og riv i deg. Den som får deg til å skratte høgt og gråte sårt. Grøsse og gremmast. Den du drøymer om etterpå, den du føler du har budd i, og som bur i deg.
Den som gjev deg ei kjensle av å ha fått ein ny ven. Som aldri vil gå i frå deg!

Ingen kan fortelje deg kor denne boka finst.
Du kan få hjelp til å leite, men du må vere litt på vakt og på jakt sjølv. Snuse og snoke og ha augo opne.

Og ein dag vil du finne ho, boka som inneheld ein skatt av ord og bokstavar som treffer nett deg midt i nervesenteret! Kanskje er ho gamal, kanskje er ho ny. Kanskje ser ho grå og kjedeleg ut på utsida. Kanskje har ingen kjendisar skrive utanpå at ho er bra. Kanskje har nokon til og med sagt at ho er elendig. Kanskje har ikkje læraren din høyrt om ho. Kanskje er du den fyrste som låner ho på biblioteket. Men den einaste som veit at dette er beste boka i verda.

Og kan hende vil du ikkje fortelje om ho til nokon, men ha ho heilt for deg sjølv.

Men då veit du det! -Kva som er ei god bok for deg!


Me er foreinte i lengt etter bøkenes innside.*



*Fritt etter Agnar Mykle. Sangen om den røde rubin. (1956.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar